Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. april 2003

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Språk

Byggmeister Anders O. Korsvold



Innetter Sognefjorden, på høgfjellet mellom Sogn og Austlandet og andre stader i fylket stod og står det mange staselege bygningar som byggmeister Anders O. Korsvold (1856-1912) reiste. Korsvold var ein mykje nytta byggmeister i Sogn. Det var fyrst og fremst hotell og kyrkjer han bygde, og i tillegg sette han opp og restaurerte fleire andre bygningar.

Mundal hotell stod ferdig i 1891.

Mundal hotell stod ferdig i 1891.

Eigar: I Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane.

Fotograf: Knudsen, Beregen.

Budde på Fonna i Gulen

Anders Olsson Korsvold vart fødd 29. juli 1856 på garden Krossvoll i Gulen. Foreldra hans var gardbrukar Ole Mikkelson Korsvold (1814-1886) og Johanne Iversdotter Opdal (1820-1908).

I 1883 gifte Anders O. Korsvold seg med Orlaug Andersdotter Kråkenes (1855-1944). Dei fekk elleve born, av desse voks fem gutar og fire jenter opp. Familien budde fyrste året på Krossvoll, så eitt år i Fonnevika, før dei flytta til Fonna i 1885. Her bygde Korsvold nytt hus og ny løe. I 1888 fekk han kjøpe bruket i Fonna frå eit konkursbo. På småbruket hadde familien Korsvold både småfe og høns, og i tillegg ein liten frukthage. Det vart kona, Orlaug, som etter kvart måtte ta seg av drifta. Korsvold var mykje ute på reis, då han fekk oppdrag som snikkar og byggmeister både kringom i Sogn og dei nærliggjande distrikta. "Kirkebyggeren i Fonna" vart han kalla, men kunne like gjerne vorte kalla hotellbyggjaren. Korsvold var byggmeister for fleire av dei kjende hotella ved Sognefjorden, og i tillegg nokre høgfjellshotell. Han nytta ofte arbeidsfolk frå Gulen i byggjeprosjekta sine.

Kyrkjebyggjar

Alt i 1880 var Korsvold byggmeister for Arnafjord kyrkje i Vik prestegjeld. Då var han 24 år gammal. Seinare fekk han ansvaret for bygginga av den engelske kyrkja i Balestrand, Church of St. Olaf. Kyrkja vart teikna av Jens Zetlitz Kielland. Engelskkyrkja, som stod ferdig i 1897, er ei etterlikning av ei stavkyrkje. Ho vart sett opp av familien Kvikne til minne om Margaret Sophia Grenn, kona til Knut Kvikne.

Same året som Engelskkyrkja stod ferdig byrja Korsvold bygginga av Nordal kyrkje i Kinn prestegjeld. Kyrkja vart vigsla hausten 1898. Korsvold sitt anbod på 7500 kr var 50 kr billigare enn det til byggmeister Havnæs.

Mjømna kyrkje vart vigsla i november 1901. Anders Korsvold var her både arkitekt og byggmeister. Kyrkja er enkel og fin, bygd med dei vanlege sakristia på kvar side og ein høg firkanta tårnhals over tårnfoten, som også er våpenhus, i austenden.

I 1902 starta bygginga av Sæle kyrkje i Kvamsøy sokn, som den gong høyrde til Vik prestegjeld. Kyrkja var teikna av arkitekt Hans Jakob Sparre, Anders Korsvold var byggmeister. Kyrkja stod ferdig våren 1903 og vart vigsla 28. april.

I 1901 vart det vedteke å restaurere Dale kyrkje i Luster. Arbeidet gjekk i hovudsak føre seg i 1903. Oppdraget som byggmeister gjekk til Anders Korsvold. Anders Olsen, "Storemaolaren", frå Lærdal fekk oppdraget som målarmeister.

Seint på året i 1905 starta bygginga av ny kyrkje i Gaupne og halvtanna år seinare vart kyrkja vigsla. Også her var Sparre arkitekt og Korsvold byggmeister. Sparre sine to kyrkjer i Sogn har Borgund stavkyrkje som førebilete.

Hotellbyggjar

Korsvold var byggmeister for både Kvikne's Hotell i Balestrand og Mundal Hotell i Fjærland. Kvikne's stod ferdig i 1890 og Mundal i 1891. Begge hotella vart populære mål for utanlandske turistar, ikkje minst på grunn av utsjånaden. I 1891 bygde han òg om hovudbygningen på gjestgjevarstaden Skjerjehamn. Det er eit stort hus i to høgder. Bygningen inneheld gjesterom for overnatting og bustad for eigaren og familien hans. Huset vart oppført i sveitserstil, til liks med dei andre hotella han bygde på denne tida.

I ein periode på 1890-talet var han engasjert som byggmeister for to av hotella på Filefjell. Han hadde ansvaret for ombygginga av Maristuen Hotell i åra 1892-1894, og seinare også for Nystuen Hotell.

Då Fretheim Hotell skulle utvidast i 1904 var valet av byggmeister sjølvsagt. Korsvold hadde då skaffa seg eit ry som gjorde han til fyrsteval for mange byggjeprosjekt i Sogn. Året etter hadde han ansvaret for ombygginga av prestegarden i Eivindvik.

Sveitserstil

Anders Korsvold er kjent for sine bygningar i sveitserstil. Sveitserstilen var ein svært populær stilretning på norske trebygningar frå 1860-åra til om lag 1920. Stilretningen var påverka av dei folkelege byggjeskikkane i Sveits og Tirol. Særs er stilen kjenneteikna av framspringande verandaer og altanar, innvikla gavlkonstruksjonar og langt utstikkande takflater.

Vart 56 år gammal

Av folketeljinga i 1900 går det fram at Korsvold hadde bustadadresse i Fonna i Gulen. Men på tidspunktet folketeljinga vart halden var han på oppdrag i Luster. Der hadde han på denne tida ansvaret for bygginga av grunnmuren til Luster Sanatorium. Sanatoriet stod ferdig i 1902.

Heime i Gulen bygde Korsvold også bustadhuset på garden Krossvoll, lensmannshuset Solvang og lækjarbustaden i Eivindvik. Han døydde av lungebetennelse 14. oktober 1912, då han var i ferd med sitt største byggjeoppdrag, fullføringa av Kvikne's Hotell i Balestrand. Anders Korsvold vart berre 56 år gammal, men han let etter seg mange spor i form av praktfulle bygningar. Målaren Hans Dahl sin fine villa i Balestrand skal vera bygd av Korsvold. Nokre av hotella han bygde har seinare brunne ned eller vorte sterkt ombygde, men Kvikne's Hotell er eit av dei som står om lag slik Korsvold bygde det.

I dag bur sonesonen til Anders O. Korsvold, Ansgar O. Korsvold, på bruket i Fonna. Her har dei framleis kommoden og syskrinet som Anders O. Korsvold laga medan har var i snikkarlære i Bergen. Syster til Ansgar, Astrid Kjellevold, fortel at dei lenge hadde eit bilete hengande på veggen i huset i Fonna med Gaupne kyrkje som motiv. Det var fleire bilete i same ramma, både eksteriør- og interiør-bilete. Under bileta stod det at Gaupne kyrkje var bygd i Haakon VII sitt andre regjeringsår.

kjelder:

Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid. Gards- og ættesoga. Band I. Stavanger 1996.
Midtbø, Jostein: Nordal kyrkje 100 år - "Glimt frå kvardag og helg". Florø 1998.
Knagenhjelm, Wibeke: Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane. Det norske Samlaget. Kaupanger 1990.
Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, band I og II. Selja forlag. Førde 2000.
Munnleg informasjon:
Astrid Kjellevold, Gulen.