Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. oktober 2012

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

”Forsvunne gardar” på Systrond



I jordeboka Bergens Kalvskinn frå midten av 1300-talet er det nemnt seks gardar på Systrond som me ikkje lenger veit kvar låg. Dette er Eldridajord, Helgajord, i Skaganum, i Rudzase, i Biorgum og i Hemingswelli. Ingen av gardane er seinare nemnde i skriftlege kjelder i denne forma. Kva veit me om dei seks gardane? Er det mogeleg å knyta dei til ein geografisk stad i dag?

Bilete av Systrond teke frå Bjørgahaug. Dersom garden Bjørgum har lege i dette området, har menneska hatt eit flott utsyn over bygda og Sognefjorden.

Bilete av Systrond teke frå Bjørgahaug. Dersom garden Bjørgum har lege i dette området, har menneska hatt eit flott utsyn over bygda og Sognefjorden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Marit Anita Skrede

Ressursområde rundt dei fem største gardane

Eg har tidlegare undersøkt gardane på Systrond i jarnalderen og mellomalderen, og funne at me kan dela bygda i fem ressursområde rundt dei fem største gardane Njøs, Henjum, Husabø, Hamre og Grinde. Denne delinga kan fylgjast bak i jarnalderen, truleg også lenger. Innan kvart område har gardane mykje til felles. Dei betalte i hovudsak landskyld til den same kyrkja, og dei har langt på veg hatt felles stølar. Gardane innan eit ressursområde har også hatt teigblanding mellom gardane og ikkje berre mellom bruka innan ein gard. Nokre område hadde felles utskifting. Også gravminna peikar mot at dei fem gardane var sentrum i større ressursområde.

Skaganum

Gjennom BK (Bergens Kalvskinn) ser me at kyrkja på Henjum åtte jord i garden I Skaganum, Skaginn. Det er såleis truleg at denne garden har lege innan Henjum sitt ressursområde. Enkelte hevdar at Skaganum er det same namnet som Skagasete, og at garden skal ha lege nedanfor stølen Skagasete. Andre meiner at det er meir truleg at gardsnamnet har samanheng med Skahaug. Dette er ein interessant diskusjon der eit vesentleg moment er storleiken på garden. Ut frå BK kan ein lesa at Skaganum betalte 10 månadsmatar (mm, tilsvarar mat for 10 månadar for ein person) i landskyld til kyrkja på Henjum. Når ein ser at dei andre gardane (Røysum, Halland og Henjum) betalte 7, 7,5 og 9 mm, tyder det på at Skaganum ikkje var ein liten gard. Det er ikkje truleg at det har lege nokon gard av særleg storleik nedanfor Skagasete. Skagasete ligg dessutan innan ressursområdet til Njøs, noko som også gjer det lite truleg at det er her Skaganum har lege. Dersom ein derimot ser på jordene på Skahaug og like ovanfor, er dei så store og gode at det kan ha vore ein sjølvstendig gard her. At Skahaug ligg i Henja-området gjer det sannsynleg at dette namnet er det same som Skaganum. Teorien om at I Skaganum verkeleg låg på Skahaug er ikkje mogleg å verifisera før det eventuelt vert utført arkeologiske granskingar her.

Rudzase - Rud

I Rudzase, Rudsås, betalte landskuld til kyrkja og presten på Hamre; 3 mm til kyrkja og 0,5 mm til presten. Rudsås har altså betalt 3,5 mm i landskyld. Før Svartedauden betalte gardane truleg meir i landskyld enn seinare. Dette er i underkant av kva ein gjennomsnittsgard i skipreida betalte i 1647, og altså truleg mindre på 1300-talet. Me veit ikkje om det var andre enn kyrkja og presten på Hamre som åtte i garden, men det er vel mykje truleg. Det er likevel ikkje mogleg ut frå kjeldene å seia noko om den relative storleiken på garden.

Truleg er Rudsås garden Rud som ligg ovanfor Hella. Dei to store våningshusa som står her i dag og den store innmarka tyder på at dette har vore ein stor og god gard. Denne garden har også hatt gode moglegheiter til å driva med utmarksaktivitetar som jakt og stølsdrift. Utmarka var truleg ei viktig inntektskjelde for garden heilt tilbake i førhistorisk tid. Ovanfor gardstunet på Rud ligg ei gravrøys, noko som viser at garden har vore i bruk tilbake til jarnalderen, truleg også tidlegare. Det er dessutan funne eit spyd på garden, eit sikkert prov på busetnad i vikingtida.

Bjørgum

I fylgje BK betalte Bjørgum 2,5 mm i landskyld til presten på Njøs. Dette indikerar at garden ligg innanfor Njøs sitt ressursområde. Det blir hevda at Bjørgum har lege på Bjørgahaug eller i Bjørgadalen like nedanfor Bjørgahaug. I Bjørgadalen skal ligga nokre tufter som ikkje er arkeologisk undersøkte, og kan vera restar etter ein audegard. Dette området ligg innanfor ressursområdet til Njøsagardane, og kan vera lokalisering for garden Bjørgum.

Eldridajord og Helgajord

Også Eldridajord og Helgajord betalte landskuld til presten på Hamre. Begge desse gardane har eit person-namn som fyrsteledd. Det kan vera namn på to bruk som låg under ein annan gard, truleg Hamre. Det er ikkje truleg at dette er sjølvstendige gardar i dag.

Hemingswelli

Hemingswelli betalte 1 mm i skatt til presten på Njøs, noko som tyder på at også denne garden låg innanfor Njøs sitt ressursområde. Fyrste leddet i namnet er truleg eit mannsnamn, Heming. Det siste leddet kjem av voll. Namnet tyder såleis Heming sin voll. Det er blitt hevda at det er eit tidlegare namn på garden Dalen. Kan henda vart Hemingswelli lagt aude etter svartedauden, og då drifta vart teken opp att kan garden ha fått nytt namn. Dalen er fyrste gong nemnt i skriftlege kjelder i 1563, og kan ut frå dette vera ein audegard som vart teken i bruk att.

Usikkert med 700 år gamle namn

Det er vanskeleg å lokalisera gardar som me berre kjenner 700 år gamle namn på. Gardane kan vera lagt aude og aldri ha blitt tekne i bruk att. Det er også mogeleg at garden har endra namn, til dømes etter å ha lege aude etter Svartedauden. Det er spanande å freista setja lys på slike spørsmål. Ulike historiske og arkeologiske kjelder peikar i nokre høve på ei konkret lokalisering. Andre gonger blir det meir gissing. Ut frå kjeldene som eg har studert, er eg ganske sikker på at Rudsås er garden Rud, som har vore i drift heilt fram til nyare tid. Eg trur også at me er nær svaret når det gjeld Skaganum, og kan hende Bjørgum. For dei tre andre gardane er eg meir usikker. Arkeologiske undersøkingar kunne ha ført oss nærare svaret, særleg når det gjeld Skaganum og Bjørgum. Enn så lenge må me nøya oss med å leika oss med dei tilgjengelege kjeldene.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bergens Kalvskinn
NRJ – Norges Rekneskap og Jordebøker
Skrede, M. A: "Systrond – ei sentral jordbruksbygd på Vestlandet. Eigedomstilhøve og gardsstruktur i forhistorisk og historisk tid." I: Systrendingen nr 1-2, 2007.

Kvamme, S. 1981: Jordegodset til bispestolen i Bergen ved utgangen av mellomalderen. Del I. Metode og resultat. Upublisert hovudfagsoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen. Bergen. 1981.
Skrede, M. A.: Utmark og gard. Nærstudie av tufteområde i Friksdalen i Leikanger, Sogn og Fjordane. Upublisert hovudfagsoppgåve i arkeologi ved Universitetet i Bergen. 2002

PERMANENT IDENTIFIKATOR