Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Dåpsklede i Nordfjord før 1900



Når vi i 2007 tenkjer på eit dåpsbarn i dåpsklede frå Nordfjord, er det ein fleire veker gamal beibi i lang, kvit kjole med kvit hue vi ser for oss. For 100-200 år sidan ville folk sett for seg ei heilt anna påkledning på ein nærast nyfødd unge. Korleis ungen vart kledd på, pakka inn og kor gamal han var, fortel om ei heilt anna tid, både når det gjeld tru og overtru og når det gjeld spedbarnsstell.

Reiving av spedbarn vart gjort i Nordfjord til eit stykke opp på 1900-talet. På biletet er ei dokke som viser korleis det kunne sjå ut. Til venstre for dokka ligg to lange, kvite stykke klede. Den eine er i bomull og den andre i ull. Desse var brukt til reiving. Bandet som ligg oppå dokka, er eit lindeband. Lindebandet vart vikla ytst rundt det reiva barnet slik at reiven heldt seg på plass.

Reiving av spedbarn vart gjort i Nordfjord til eit stykke opp på 1900-talet. På biletet er ei dokke som viser korleis det kunne sjå ut. Til venstre for dokka ligg to lange, kvite stykke klede. Den eine er i bomull og den andre i ull. Desse var brukt til reiving. Bandet som ligg oppå dokka, er eit lindeband. Lindebandet vart vikla ytst rundt det reiva barnet slik at reiven heldt seg på plass.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Dåpspåkledning før reformasjonen

Før 1600, før reformasjonen, var ikkje dåpsklede noko folk eigde sjølve, men noko barnet fekk på seg i kyrkja etter dåpen som ei symbolsk handling. Desse seremonielle kleda var kvite. Etter reformasjonen vart dåpsklede privat eigendom. Generelt var ull eit materiale som vart brukt mykje i bygdene, og kleda hadde lokalt preg med regionale kjenneteikn til liks med anna bygdedrakt på denne tida. I byane var silke vanlegare og plagga var meir ens. Her skal vi ha fokus på dåpsdrakta i Nordfjordbygdene.

Dei ulike plagga

Ungen vart kledd og pakka inn i mange ulike plagg, sjølv om ikkje alle har vore i bruk alle stadar eller til all tid. Eit ferdig påkledd dåpsbarn kunne ha skjorte, trøye og livstykke på overkroppen. Skjorta var inst, og den var kvit. På hovudet kunne barnet ha hue, og under og over hua kunne det vere underhuer og tørkle av ulikt slag. Ungen var reiva. Frå Vest-Agder langs kysten til og med Sogn og Fjordane har dåpssmekka («dåpsbløya») vore utbreidd. Den låg oppå den reiva ungen frå haka og nedover. Desse plagga, i alle fall skjorta, dåpssmekka og hua, var berre i bruk i dåpen og hadde stort symbolsk verde for folk. Den lange, kvite dåpskjolen vart nok ikkje vanleg i Nordfjordbygdene før ut på 1800-talet, og kunne i byrjinga bli brukt utanpå det reiva og tradisjonellt påkledde barnet.

Reiving av spebarn

I Hornindal i Nordfjord vert det fortalt at dei reiva ungane fram til 1910-1920, men reiving har vore praktisert heilt til 1950-åra i Noreg. Reiving har vore gjort så langt tilbake i tid vi veit. Reiving var noko som vart gjort med spedborn generelt, ikkje bare dåpsbarn. Eit reivebarn var svøypt (pakka) inn i fleire stykke tøy eller klutar. Klutane kunne vere laga av gamle plagg for at dei skulle vere mjuke. Ytst var det eit større stykke tøy, og utanpå det vart det brukt eit langt band, lindebandet, for å halde tøyet på plass rundt ungen. På 1800-talet var det vanleg å reive barnet så det vart «stivt som ein stokk», og gjerne med armane inni reiven. Den gjengse meining var at reivinga styrka kroppen til barnet, gav det rette bein og heldt det varmt. Det vart også påstått at barna vart rolege av reiving.

Døypt nokre få dagar gamal

I lov av 1687 skulle barnet døypast seinast 8 dagar etter fødselen. Sjølv om lova vart oppheva i 1771, var det vanleg langt utover 1800-talet at ungen vart døypt bare eit par dagar gamal. Dåpskleda er difor bittesmå. I sin artikkel om dåp og dåpsskikkar gjev Styrkår Almenning eksempel på at nyfødde spedborn frå Nordfjord truleg bøtte med livet grunna kyrkjeferda. Kyrkjeferda var ofte lang og krevjande og kunne gå føre seg heile året i all slags vèr. I 2007 kan det verke merkeleg at folk nærast risikerte helsa til den nyfødde ungen for å få han døypt. Men på den tida tenkte dei annleis. Folk må ha hatt ei utruleg stor redsle for kva som kunne hende det udøypte barnet, og det dei var redde for var vonde makter som dåpen gav vern mot. Forståeleg nok var då også heimedåp ganske vanleg.

Symbolsk vern i tekstilane

Dei eldre dåpskleda var fulle av vernande symbolsk kraft. Før bomulla vart vanleg på 1800-talet, var lin nytta som materiale i dåpsskjorta. I folkeleg førestilling har lin vernande kraft. Knappar, speglar, perler og metall skulle også gje vern mot vonde makter. Mange dåpsklede, som bløya og hua, har små bitar av desse materiala, noko som også fortel om lite midlar men stor vilje til å verne barnet sitt. Elles gav sjølvsagt det kristne symbolet krossen vern mot vonde maktar, og det same symbolverdet hadde raudfargen.

Med amme til kyrkje

Ein skikk som er ukjent for kvinner i Noreg i 2007, er å nytte seg av ammer. På 1800-talet og før var det ikkje vanleg at mora fylgde med til kyrkja, mellom anna ettersom ho nett hadde født. Det kunne vere langt til kyrkja, og ungen måtte ha mat. Det vart ikkje brukt flaske til dieborna i den tida, skriv Marie Ryssdal frå Nordfjord. Då var det vanleg at ei anna kone som gav bryst vart med som «soge» eller amme.

Gut eller jente?

Det vart ikkje brukt fargar for å skile mellom gut og jente. Det rosa og lyseblå som er så innarbeidd i 2007, kom ikkje i bruk før etter 1900. Det einaste som kunne symboliserte om barnet var gut eller jente, skulle vere hua, går det fram av fleire kjelder. Etnologen Inger Lise Christie skriv i boka «Dåpsdrakter» at huer sydd saman av tre stykke, såkalla «trestykksluer», er typiske jentehuer, kontra «6-stykksluer» som er typiske gutehuer. Huene sydd saman av seks stykke vert spisse øvst, av di alle stykka møtest i toppen. Korleis dette var i Nordfjord har eg ikkje funne eintydig svar på. I «Jul i Nordfjord» skriv Styrkår Almenning at det vart fortalt at gutehuene var «spissere» enn jentehuene. I samlinga på NFM, ser det ut til at alle dei raude huene er sydd saman av tre stykke. Dei spisse 6-stykkshuene er av silke, og kan difor vere frå by. Dei har også usikker regional tilknytning, eller dei er frå andre stader enn Nordfjord, i fylgje registreringane. Christie skriv ein annan stad at vestlandshuer generelt har tre-stykkssnitt. Nokre stader brukte dei same hue til gut og jente, skriv ho, eller dei skilde mellom at gutehuene skulle ha spisse hjørne. Dette er med andre ord eit tema som kan trenge ei grundigare gransking.

Innpakking i åkle

Vovne teppe til dåpsbruk har det vore mange stadar i Noreg. I Sogn of Fjordane er det særleg mange i Nordfjord, og her har skikken med pakking av dåpsbarnet halde seg lenge. Skikken var at ungen vart pakka godt og tett inn i fleire lag plagg og med eitt «kristnaåkle» ytst. Det var ein kunst å pakke barnet inn på rette måten. Innpakkinga er dokumentert med bilete av folk som enno hugsar det i «Jul i Nordfjord 2004» og i boka «Åkle frå Sogn og Fjordane». Christie skriv korleis innpakkinga i plagg og åkle vart gjort i Nordfjord. Eit skilbragdteppe, «kristnaplagget», vart her lagt over fanget. Oppå det la dei tre kvite og to kulørte plagg (tørkle) vekselsvis oppå kristnaåkledet. Oppå dette skulle så reivebarnet plasserast, og alle plagga ble så bretta på ein gong, opp om føtene og så frå venstre, så ungen vart svøypt frå hovud til fot. Plagga var med og stiva av åkledet, slik at det ikkje la seg over ansiktet.

Å knytte ungen fast til kroppen

Kyrkjevegen i Nordfjord kunne vere slik at barnet måtte berast fleire kilometer. Ho som bar ungen kunne feste det reiva og innpakka dåpsbarnet til overkroppen med såkalla berelinde. Berelinden var «eit tre meter langt band, vove i bandgrind som ein batt ungen fast med framme så det ikkje vart så tungt for hendene», skriv Marie Ryssdal 1979. Linden skulle knytast slik at det vart kryss i ryggen.

kjelder:

Almenning, Styrkår 2007Dåp og dåpsskikkar, I Jul i Nordfjord, Nordfjord Sogelag/Nordfjord Folkemuseum, Førde.
Christie, Inger Lise 1977: Et reivebarn,Særtrykk av «By og bygd» 25.bind, Utgitt av Norsk Folkemuseum, Oslo.
Jordal, Solveig 1990 Kva skal så barnet heite? Eldre dåpstradisjonar og dåpsklede frå Nordfjord», Utstillingskatalog, Nordfjord Folkemuseum.
Pisani, Irene Bøe 1996: Skikkar i Hornindal ved fødsel og barnedåp, I Årsskrift for Hornindal historielag.
Ramstad, Eva 2005: Åkle i Sogn og Fjordane. Frå seng til vegg,Sogn og Fjordane husflidslag, SKALD, Tangen.
Ryssdal, Marie 1979: Husflid og handarbeid i tida ca.1850-1940, i Soga om Gloppen og Breim, band II, Sandane.
Eide, Petter 2004 Å pakke inn eit dåpsbarn i kristnaåkle, I Jul i Nordfjord, Nordfjord Sogelag/Nordfjord Folkemuseum, Førde.
Henden, Einar 1995: Vevkunstnaren Jøde på Skjera, hennar liv og lagnad, I Årbok for Nordfjord 2004. Nordfjord Sogelag, Firda Ungdomslag, Nordfjord Folkemuseum, Sandane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR