Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. mars 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk



Fylkesmannen si historie er ein del av fylket si historie. Embetet går tilbake til 1763 då dei nordlegaste fogderia i Bergenhus stiftsamt blei utskilde som eige amt under namnet Nordre Bergenhus amt. Statsarkivet i Bergen har oppbevart eit rikt historisk arkivmateriale frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si adresse 2008: Hermansverk, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Det offisielle namnet på bygningen er: Statens Hus Sogn og Fjordane. Huset vart høgtideleg opna 12. mai 2005 av moderniseringsminister Morten Meyer.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si adresse 2008: Hermansverk, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Det offisielle namnet på bygningen er: Statens Hus Sogn og Fjordane. Huset vart høgtideleg opna 12. mai 2005 av moderniseringsminister Morten Meyer.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2008.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Fylke - amt - fylke

Nemninga fylke om eit administrativt område slik me kjenner det i dag, er av etter måten ny dato. Før 1919 heitte fylka amt. Men går me lenger tilbake i tida, møter me fylke i store deler av landet for meir enn 1000 år sidan, t.d. Ryfylke der rygene budde og Firdafylket der firdene budde.

Eit fylke var eit lokalt område som omfatta fleire bygder og bygdelag, av og til også kalla herad. Fleire fylke danna større rettslege einingar, lagdøme, t.d. Gulatinget som på det meste omfatta heile Vestlandet. Riksmonumentet Haraldsstøtta i Haugesund er ein god, om enn forenkla, illustrasjon på dei eldste fylka. Dei 29 småstøttene rundt sentralsteinen skal symbolisera dei 29 sjølvstyrde einingane, "gamalnorske fylka", som Harald Hårfagre samla til eitt rike. To av steinane dekkjer Sogn og Fjordane. På den eine står Sygnafylki, på den andre Firdafylki.

Den overordna styringa lokalt kom med rikssamlinga frå slutten av 800-talet ved at kongsmakta sette "sine menn" til å ivareta kongsmakta lokalt. Fylkesmannsboka (1997) (sjå nettilvising nedanfor) har under punkt 3.2/3 ei utgreiing om kongen eller sentralmakta si lokalstyring frå ca 1160 til 1662 og vidare til i dag. I tida fram til 1660 høyrer me om lendmenn, årmenn, sysselmenn, og lensmenn/lensherrar som nemningar på sentralmakta sine representantar i avgrensa distrikt, ikkje lenger nemnde som fylke, men som sysle og len. Etter kvart vart hovudlena inndelte i underlen og futedøme (fogderi).

Etter innføringa av eineveldet i 1660, vart lokalforvaltninga omforma med amt og amtmann i staden for len og lensherre. Frå 1671 blei amta fordelt i fire hovudamt eller stiftamt, svarande til dei fire bispedøma, kvart med 2-3 underliggjande amt. Ved lov av 14. august 1918, iverksett 1. januar 1919, vart amt skifta ut med fylke, og amtmann med fylkesmann. Samstundes kom det fleire nye fylkesnamn.

Administrasjon for fylkestinget

Ved formannskapslovene i 1837 overførde sentralmakta noko av styringa til lokale styringsorgan. Amta fekk eit folkevalt organ amtsformannskapet (frå 1896 amtstinget). Amtmannen/fylkesmannen hadde administrasjonen av amtsformannskapet/fylkestinget og underliggjande styringsorgan fram til 1976 då fylkeskommunen vart sjølvstendig administrativ eining.

Nordre Bergenhus amt - Sogn og Fjordane fylke

Etter forordning av 8. februar 1671 høyrde Sogn og Fjordane til Bergenhus stiftamt (hovudamt). Sunnmøre og Nordfjord utgjorde eit amt i åra 1675-1680 med amtmannen buande på Nordfjordeid. I 1763 vart stiftamtet delt i to, Søndre- og Nordre Bergenhus Amt. Namnet vart frå 1. januar 1919 endra til Sogn og Fjordane. Namnet på "fylkesbåtane" vart endra frå Nordre Bergenhus Amts Dampskibe til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Kaupanger-Bergen-Leikanger
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har hatt sete på Leikanger sidan 1862. Før 1862 budde fylkesmennene for det meste i Bergen. Det tykte ikkje alle like godt om. Eit innlegg i Morgenbladet i 1833 er ikkje til å misforstå:

"Da amtmands-Embedet i Nordre Bergenhus nu igjen er ledigt, saa vilde det være ønskeligt, om regjeringen lod Aspiranterne [søkjarane] vide, at Amtmanden ikke for Fremtiden kan vente, at der vorder seet gjennem Fingre med, at han bosætter sig udenfor sin Embedskreds i den flere Mile fra Amtets Grændse beliggende Bye Bergen. Skeer ikke dette, saa vil det rimeligvis atter blive Tilfældet at denne Embedsmand, ligesom mange af hans Formænd, tager Bopel i Bergen hvor det er ret behageligt at være, og naar der saa ankes paa denne Uskik, saa kan han med nogen Føie paaberobe sig, at der heller ikke kunde være noget imod at han holde paa samme sted som disse."

C.U. Kastrup overtok embetet i 1833. Han budde først i Bergen, men flytte til Lærdal i 1843. I I 1861 vart Johan Collett Falsen utnemnd til fylkesmann. Han budde først på Loftesnes i Sogndal, deretter i Bergen, før han hausten 1862 flytte til Leikanger og busette seg på Nybø, der bygningane kjent som Fylkesmannsgarden no ligg. Han hadde då kjøpt garden Nybø av sorenskrivar Hjorth. Året etter selde Falsen eigedommen til staten, og med dette vart Nybø staten sin embetsgard for amtmannen i Nordre Bergenhus Amt. Det vesle huset som i dag ligg tett i riksvegen, var fylkesmannen sin kontorbygning fram til 1939.

Heile personalet fem personar i 1937
I 1997 skreiv fylkesfullmektig Leiv Revheim ein interessant artikkel om fylkesmann Hans Seip, fylkesmann 1930-1941/1945. Han fortalde óg noko om fylkeskontoret:

"Hausten 1937 vart eg tilsett som ekstrabetjent ved Sogn og Fjordane fylkeskontor, med kr. 150 i månaden i løn. Kontoret heldt då til i det gamle uthuset på fylkesgarden. Eg fekk då plass nedst ved bordet, som rett og rimeleg var. Øvst ved bordet, på same sida, sat fylkesfullmektigen, under telefonapparatet, som hang oppe på veggen. På den andre sida av bordet sat den kvinnelege kontorfullmektigen øvst, og nedst den kvinnelege kontorbetjenten av klasse II. Og han far sjølv sat i kottet ved sida av. Ja, dette var heile fylkesadministrasjonen den gongen."

"Og fylkesmannen var óg fylkesrådmann. Han var såleis ikkje berre staten sin mann i fylket, men og fylket sin mann overfor staten. Så sat han der, ofte med tøflar på beina. Det var golvkaldt i den gamle skykkja. Døra stod open, og røyken frå krumpipa hans kom sigande lett inn til oss i storstova. det var ei fin stemning rundt det store bordet, og me vart mest som ein familie, me fire som sat der."

Nye kontorlokale

Hausten 1939 flytte fylkesmannen inn i Leikanger kommune sitt nye tinghus midt i bygda. Fylkesmann Seip uttrykte si meining om dei nye kontortilhøva i avisa Sogn og Fjordane 20.10.1939. Han viste til at kontortilhøva hadde vore "til meins" (til hinder) for ein god og effektiv administrasjon og nemnde sentraliseringsstriden.

"Det har vori strid om kor sentraladministrasjonen i fylket skal vera. Og mykje kan seiast om det. Fylket har ikkje noko naturleg og sjølvgjevi sentrum. Det skal då mykje til å flytta administrasjonen frå ei bygd der han har vori i 80 år. Eg vonar at striden ikkje vil setja merke i framtida; men at dei gode arbeidsvilkår administrasjonen nå får, vil vera til gang for heile fylket."

Etter kvart som oppgåvene auka og staben voks, kom det opp nye "tinghus" tett attmed det gamle, jamvel eit nytt "statens hus" like innom det store tinghus-komplekset. Men med åra vart kontora her og "til meins for god og effektiv administrasjon". Løysinga vart nytt hus, og våren 2005 flytte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inn i det nye Statens Hus Sogn og Fjordane på Hermansverk.

Det historiske fylkesmannsarkivet
Svært mykje av historia til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er bevart i det eldste arkivmaterialet frå embetet. Fylkesmannsarkivet er ikkje berre ei sentral kjelde til kunnskap om kva fylkesmannen har hatt av gjeremål opp gjennom tidene, men framfor alt ei gullgruve til kunnskap om historia til folket i Sogn og Fjordane. Arkivet er oppbevart i Statsarkivet i Bergen. I 1994 utgjorde heile arkivet 242 hyllemeter.

Den første tida følgde fylkesmannsarkivet fylkesmennene frå bustad til bustad, i Bergen, til Lærdal og frå 1862 på Leikanger. I andre halvdel av 1800-talet auka omfanget slik at det blei naudsynt å stua bort der det var plass. Mykje vart sett opp på loftet i fylkesmannsgarden. Då Stiftsarkivet i Bergen (no Statsarkivet) vart oppretta i 1885, fekk fylkesmannen ein stad å avlevera det eldste arkivtilfanget. Den første avleveringa var to store kassar med protokollar våren 1888. Seinare har det blitt meir, og omfattar alle åra fram til 1955. Arkivet vart nyordna i 1994 og det blei laga ein heilt ny arkivkatalog. Fylkesmannsarkivet er tilgjengeleg for bruk etter fastsette reglar. Det er berre å ta turen til Bergen og Statsarkivet i Årstadvegen 22.

Bøker om fylket/fylkesmannen

Fylkesmann Hans Seip gjorde seg nytte av noko materiale i fylkesmannsarkivet då han i åra 1941-1945 skreiv fylkeshistorie. Då han i 1941 vart avsett av nazistyresmakene, fekk han seg husvære på Mundal hotel i Fjærland. Han var så å seia ferdig med arbeidet då han vart sjuk og døydde i mars 1945. Boka kom ut våren 1958.

I 1988 kom det og ei bok med fylkeshistorie: - Aage Engesæter og Johs B. Thue si bok Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Dei hadde heilt andre arbeidsvilkår enn Seip, ikkje minst ved dei kunne gjera seg nytte av eit mykje større kjeldemateriale.

Tre minnesteinar

Sogn og Fjordane har tre minnesteinar over tre fylkesmenn.

1. Amtmann Aubert og sokneprest Sverdrup vart heidra med minnestein i Balestrand i 1911. Det var desse to som gjekk i brodden for å skipa Fylkesbaatane midt på 1800-talet. Eit ekstra fylkesting vedtok hausten 1857 å gå i gang med eit fylkesdampskipsselskap og DS «Framnæs» gjekk første turen frå Bergen til Sogn 2. desember 1858.

2. I 1949 reiste fylket minnestein på grava til fylkesmann Hans Seip. Seip stod rakrygga mot nazifiseringa av kommunestyringa og blei avsett hausten 1941.

3. I 1956 vart det avduka minnestein over fylkesmann Ingolf Elster Christensen i Flåm. Aurland kommune stod bak tiltaket, og steinen blei reist for å heidra Christensen for den store innsatsen hans for å byggja Flåmsbana.

Amtmenn og fylkesmenn

I åra 1763-2011 har Sogn og Fjordane hatt 26 fylkesmenn. Utanom desse kjem to fylkesmenn i krigsåra som vart utnemnde av nazistyresmakta. Dessutan har det vore fleire konstituerte fylkesmenn, den siste Arne Ekeberg i åra 1971-1976. Lengst tid i embetet hadde fylkesmann Nikolai Schei med 26 år, frå 1945 til 1976.

1763-1771 Joachim de Knagenhjelm, Kaupanger
1771-1779 Magnus Theiste. Theiste vart suspendert frå embetet ved høgsterettsdom 29.11.1779 og frådømt embetet. Frå 1776 fungerte stiftamtmann Schouboe som amtmann.
1780-1781 Ditlev von Pentz
1781-1788 Jones Ramus Petersen
1788-1789 Nils Dorph Gunnerus
1789-1794 Peter H. Harboe
1794-1801 Andreas Hjort
1802-1811 Nils Andreas Vibe
1811-1814 Herman Gerhardt Treschow
1814-1822 Christian Magnus Falsen
1822-1831 Edvard Hagerup
1831-1832 Fredrik Riis
1833-1844 Christian Ulrich Kastrup. Bustad: Bergen, Lærdal og Kaupanger.
1844-1852 Hans Tostrup. Bustad: Kaupanger
1852-1861 Michael Conrad Sophus Emil Aubert. Bustad: Kaupanger og  Lærdal
1861-1869 John Collett Falsen. Bustad:  Loftesnes, Bergen og Leikanger
1870-1875 Nicolai Ditlev Anton Ræder
1875-1889 Carl Laurits Mechelborg Oppen
1889-1902 Olaj Johan Olsen
1902-1910 John Utheim
1910-1930 Ingolf Elster Christensen
1930-1941 Hans Kristian Seip. I 1941 avsett av nazistyresmakta.
1941-1944 Vidar Atne, innsett av nazistyresmakta
1944-1945 Konrad Sundlo, innsett av nazistyresmakta
1945-1971 Nikolai Schei
1971-1994 Ingvald Ulveseth, utnemnd 1971.
1994- 2011 Oddvar Flæte
2011 - Anne Karin Hamre 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. 1958.


Engesæter Aage og Thue, Johs B: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Samlaget 1988.


Helland, Amund: Topgrafisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. 1. del, 1901.


Trætteberg, Hallvard: Fylkesmerker. Innstilling frå fylkesmerkenemnd til Norges Bondeungdomslag. Oslo 1930.


Norsk Allkunnebok. Bind 4, 1952.


Statsarkivet i Bergen: A-3701 - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

PERMANENT IDENTIFIKATOR