Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Jølster kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Jølster kommune.

Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte. Vassenden har hatt hotell sidan tidleg på 17oo talet. Jølster Hotell, som står den dag i dag vart bygd i 1888.

Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte. Vassenden har hatt hotell sidan tidleg på 17oo talet. Jølster Hotell, som står den dag i dag vart bygd i 1888.

Eigar: I Sogeskrift for Naustdal 2003.

Datering: Ca 1900.

Fotograf: Ukjend.

Jølster kommune i 1905

Jølster kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Ålhus og Helgheim. Den einaste endringa etter opprettinga av kommunen i 1837 er at garden Førde ved sørenden av Breimsvatnet vart overført frå Gloppen til Jølster i 1964.

I 1900 var folketalet 2855. Jordbruk var den viktigaste næringa. Det var noko korndyrking, men husdyrhaldet var ei større næring, der mellom anna hesteavl var viktig. Det var også noko fiske i Jølstravatnet. Jølster hadde i 1905 heile 13 meieri (Bergs, Brenden, Dvergsdal (meieri og ysteri), Fonn, Grungen, Høyvik, Lyngstadfossen, Sandal, Skei, Sunde (meieri og ysteri), Vassenden, Veiteberg og Øvrebø). Nokre av dei dreiv også med ysting. Det var ingen fabrikkar eller industrielle anlegg i Jølster i 1905. Dei viktigaste handelsstadane i kommunen var Hegrenes og Skei. Kommunen hadde 5 poståpneri (Helgeim, Veiteberg, Dvergsdal, Vassenden og Ålhus).

Hovudvegen gjennom fylket gjekk gjennom Jølster, på nordsida av vatnet slik den gjer i dag. Det var bygdeveg langs sørsida av vatnet og frå Klakegg og innover Stardalen.

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og større oppslag. Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk, engasjerte mange. Det same gjorde utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet.

Ein ny veg vart omtala i Nordre Bergenhus Amtstidende 25. juni 1905. Denne vegen, på Årdal, var litt spesiell:

Paa Aardal i Jøster har man nylig vist, hvad foretagsomhed og samarbeide kan udrette. Opsidderne har nemlig slaat sig sammen om at oparbeide en 6 km. lang ordentlig kjørevei til sæteren. Veien er lige solid og pent udført som en almindelig bygdevei og var kalkuleret til 2400 kr. Dette arbeide har saa opsidderne udført selv, uden nævneværdig leiehjælp. Den som har været sjælen i arbeidet er gaardbruger Gunnar Aardal, der ogsaa har stukket veien ud og foretstaat oparbeidelsen. Dette fortræffelige samarbeide af et grannelag fortjener at efterfølges i vide kredse.

I Jølster var fleire i 1905 misnøgde med at landbrukskomiteen på Stortinget ikkje løyvde pengar til regulering av Stardalselva. Stortingsrepresentant Holsen som representerte Sogn og Fjordane var einig i at Stardalselva burde prioriterast. Grunnen var at det ville gje meir dyrkbar mark og hindre at avlingane langs elva årvisst vart sett under vatn og øydelagt. (Avisa Nordfjord 5. mai 1905.)

Målaren Nikolai Astrup debuterte i 1905 med ei utstilling hjå Blomquist i Oslo. Avisa Posten skreiv denne meldinga 19. april 1905:

Nicolay Astrup heder en ung Maler, som i disse dage hos Blomqvist udstiller en del Arbeider, der fortjener den største Opmærksomhed. Det er Vestlandets sære, forunderlige Natur han gir. Og i en ny Form. Astrup har seet paa den med Naturbarnets glade Øine. Og Billedet har formet sig i hans Sjæl oprindeligt, sligt som det i sit inderste Væsen er, uden Ord og Forklaringer.

Blixsalmane innførte i Jølster

Fleire kommunar i Sogn og Fjordane innførte nye salmar, skrevne av Elias Blix i åra rundt 1905. Det var ofte mykje strid om desse salmane som var på nynorsk. Også i Jølster kommune var det usemje då dei skulle avgjere om Blixsalmane skulle innførast i Helgheim kyrkje. Fjordenes Blad skreiv om denne hendinga 28. oktober 1905. "Blixsalmarne vart sundag 22 oktober innførde i Helgheims kyrkje med 80 mot 15 røyster." Eit innlegg frå signaturen "F" sto på trykk i avisa same dag. Han kunne fortelje om "et noksaa livlig ordskifte. Hvori deltog sognepresten, sognets lærere og flere andre af de ældre, og det skal siges til deres ros, de fleste af dem optraadte sindig og hensynsfuld."

Men det skjedde eit skifte då presten la fram dette forslaget til avrøysting: "Menigheden samtykker i, at presten eller andre, der har ret til at tale i kirken, benytter en Blixsalme ved gudstjenesten". "F" kunne da fortelje:

Da var det nok ikke frit for, at enkelte af de hidsigste, som havde haabet paa prestens modstand, syntes det gikk forvidt og lod sig forlede til udtalelser, som ikkje egner sig til at referere offentlig, men de var dog glædeligvis i mindretal, og mødet blev afsluttet med forholdsvis ro og orden

Soknepresten i Jølster, Christian Astrup, var ein kjend riksmålsmann. I Målreisingssoga i Sogn og Fjordane (side 281) kan vi lese om Astrup sin reaksjon då skulestyret i 1904 gjorde vedtak om at borna kunne velje kva språk dei skulle lære bibelsoga på. "Jeig kræver at børnene skal lære sin lekse på det almindelige språk, på det som Gud har givet oss". Sjølv om Blixsalmane vart innførde i 1905 var i følgje Målreisingssoga presten så uforsonlig at han "..sjeldan eller aldri læt kyrkjelyden få syngja dei".

Nokre nøkkelpersonar

Det var kommuneval i 1904, og Sjur B. Heggheim vart vald til ordførar. Christian Astrup var sokneprest og Andreas Lind var lensmann. Johannes Aalhus var ein sentral mann for målrørsla i Jølster. Han heldt mellom anna kveldskurs slik at folk kunne få lære seg nynorsk. Hovudmotstandaren for Johannes Aalhus, og målrørsla i Jølster var sokneprest Christian Astrup. Astrup var ein ivrig forkjempar for riksmålet, eller som han sjølv sa det: "..det som Gud har givet oss".

Lag og organisasjonar

Jølster kommune hadde i 1905 eit aktivt organisasjonsliv. Kommunen hadde 7-8 ungdomslag; Audnedal (skipa 1890, men som truleg vart nedlagd i 1905 då Ålhus Gamle Ungdomslag vart skipa), Eikås (1905), Gjesdal (1901), Myklebust (1899), Orken (1901 - ved etableringa vart laget kalla Sunde ungdomsforeining), Skei (1902 - ved etableringa vart laget kalla Viken ungdomslag), Stardalen kristelege ungdomslag (1888) og Ålhus Gamle Ungdomslag (1905), 5 skyttarlag; Eikås (1902), Gjesdal (1902), Orken (1902), Stardalen (1888) og Ålhus (1903), misjonsforeiningar, kvinneforeiningar, mannsforeining, avhaldslag, idrettslag (Hjomstra), songlag, landbrukslag og sundagsskule.

Om Eikås ungdomslag står det i Sunnfjord ungdomslag 25 år (side 52) at "namnet som det handskrivne bladet "Ungdomshaabet," fortel at det nasjonale atterreisingsarbeidet ikkje var serleg i forgrunnen".

Målstriden var hard i Jølster, og Målreisingssoga kan fortelje (side 281) at alle ungdomslaga kjempa for nynorsken. Målstrid og nasjonal attreising var ofte same sak. Om Johannes Aalhus, ein av dei fremste forkjemparane for nynorsk i Jølster står det i målreisingssoga (side 667) at "den nasjonale atterreisingi hadde teke han heilt, og han streva alt han vann".

17. mai 1905

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Fjordenes Blad kunne 31. mai fortelje om 17. mai feiringa i Jølster:

17de mai iaar hadde me ein morosam fest paa Hegranes, der dei samla seg, etter at presten hadde preikt i kyrkja. Derifraa gjekk fylgjet upp gjennom den fagre Nedrebø-dalen, der det vart halde tale for dagen, for Henrik Wergeland og for fridomen vaar. Sidan daa dei kom tilbake til Hegranes, fekk dei seg noko aa liva av, og so vart det halde ein tale for eit einig Norig. Sokneprest Astrup heldt ein grei festtale, der han fortalde fleire trekk fraa vaar soga. Bakefter skodespel og ymse upplesing. Ingen rusdrykk. - Daa den 18de kom, slutta festen.

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Denne dagen hadde mange venta på lenge. Allereie 7. januar kunne Fjordenes Blad trykke eit innlegg henta frå Dagbladet. "Det fælles maal vil nu ingen undgaa at se. Det er, og det kan kun være et: Unionens opløsning".

7. juni 1955

7. juni 1955 skipa Jølster kommune til fest for fylkestinget for å markere femtiårsdagen for 7. juni-vedtaket. Avisa Sogn og Fjordane kunne 30. mai fortelje om festen. "Fylkesmann Schei tala for fedrelandet og minna om at 7. juni ikkje berre er ein historisk dag for oss, men i aller høste grad er ein dagsaktuell dag. Heile soga vår vert liksom rulla opp med denne dagen. (..) Det vart sendt helsingstelegram til kongen, og det kom takketelegram som vart lese ved bordet."

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905: i august og i november. 
Søndag 12. og måndag 13. november skulle folket svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Jølster valsokn var identisk med Jølster kommune. Valstyret var samansett av: lensmann A. Lind (formann), Th. Veiteberg, N. Dvergsdal, S. Helgheim, I.M. Øvrebø, S.A. Hammer og Johs S. Kjelsnes (ved folkerøystinga i august møtte Nils Nedrebø som varamann for Johs I. Kjelsnes).
I begge røystingane var det 2 røystestad /er:
a) i Ålhus kyrkje, b) i Helgheim kyrkje. Oppteljinga føregjekk på Hegrenes i august og på Årdal i november.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet for Jølster valsokn: 546 hadde røysterett. Det vart avgjeve 473 godkjende røyster (86,6%) Alle røysta ja.
Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei.

Det var mykje symbolikk kring unionsoppløysinga. I Jølster vart ein ny varde, bygd mellom Olden og Jølster, eit symbol på samhaldet dette året.

... Om faa minutter stod varden færdig. Flere større stene blev dels baaret og dels rullet op paa en høide. Ogsaa en hel del af kvinderne, vistnok de fleste, bragte sin sten til varden. Da varden var færdigbygget, blev den straks brugt som talerstol, idet Lars Bruvold steg op paa den og i en tale sammenlignet de stene, der med saa stor iver og hurtighed var bragt til denne varde, med de klare "ja", som næste søndag vil bringes til den folkeafstemningens store varde, der skal staa i alle historiens tider som et minde for den ganske verden om, hvad Norges enige og trofaste folk har villet i dette vor histories vigtigste og høitideligste øieblik.

Og ligesom denne varde, der nu stod bygget der paa fjeldet, vilde ogsa folkeafstemningen den 13de august 1905 blive samlingens og broderlighedens mindesmerke. Alle maatte bringe den hilsen hjem og videre udover, at enhver, som den 13de august svarede "nei" bare vilde hjælpe til at fremkalde krigen. Om nogen kommer til at svare nei, vil grunden detil kun være uvidenhed eller mangel paa oversigt.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Fjordenes Blad, som dei også las i Jølster, tok fleire gonger opp kvinneunderskriftsaksjonen. Avisa støtta aksjonen og oppfordra kvinnene til å delta, og til å legge ut lister i alle bygdene. Sjølv om vi ikkje har opplysningar om kvinneaksjonen i Jølster er det ikkje usannsynleg at også kvinner frå Jølster skreiv under på desse listene.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Resultatet av folkerøystinga i november for Jølster valsokn: 545 hadde røysterett. Det var avgjeve 394 godkjente røyster (72,3%). 318 (80,7%) røysta ja (for kongedømme), 76 (19,3%) røysta nei (for republikk).

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Folkerøystingane vart som regel kunngjort i samband med gudstenester. For Ålhus sokn var prosedyren ein annan ved folkerøystinga i november. I møteboka for valstyret står det at:

Administrator bemerkede, at der efterat ordre om indeværende folkeafstemnings afhold modtoges, ikke har været afholdt gudstjeneste ved Aalhus kirke, hvorfor han gjennem særskildte breve til de stemmeberettigede i dette sogn har søgt at gjøre disse bekjendt med dagen for afstemningen og om at de nærmere indkaldelser har været opslaaet paa handelsstederne og meieriene i sognet."

For Helgheims sogn var folkerøystinga "..kundgjort ved læsning fra kirkebakken og opslag paa handelsstederne og meierierne".

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Noregs konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

Nasjonal takkegudsteneste

På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudstenester i heile landet. Kyrkjedepartementet hadde i rundskriv fastsett at dagens tekst skulle vera Salmane 118, vers 23-26, og rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland". Vi veit ikkje sikkert om det vart halde slik gudsteneste i kyrkjene i Jølster.

Salmane 118, 23-24:
Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
Dette er dagen som Herren har gjort;
lat oss jubla og gleda oss no!

kjelder:

Avisa Nordre Bergenhus Amtstidende 25.06.1905.


Avisa Nordfjord 05.05.1905.


Avisa Posten 19.04.1905.


Avisa Fjordenes Blad 07.01.1905, 31.05.1905 og 28.10.1905.


Avisa Sogn og Fjordane 30.05.1955.


Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Flora 1950.


Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I Kjelda nr. 3 2002.


Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania 1901.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Jølster kommune. 1993.


Sunnfjord Ungdomslag: Sunnfjord Ungdomslag 25 år. Florø 1923.


NRK Sogn og Fjordane, Fylkesleksikon.


Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november.

PERMANENT IDENTIFIKATOR