Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Løytnantstova i Feios



Løytnantstova ligg på garden Fedje i Feios. Dette er eit stovehus frå fyrste halvdel av 1700-talet.

Slik ser Løytnantstova på Fedje i Feios ut i 1997. Stova er truleg bygd mellom 1720 og 1740. Det er lagt bylgjeblekk oppå det gamle torvtaket. Utvendig ser ikkje stova prangande ut, men det har vore ein flott bygning i si tid. Innvendig gjev då og stova eit heilt anna inntrykk.

Slik ser Løytnantstova på Fedje i Feios ut i 1997. Stova er truleg bygd mellom 1720 og 1740. Det er lagt bylgjeblekk oppå det gamle torvtaket. Utvendig ser ikkje stova prangande ut, men det har vore ein flott bygning i si tid. Innvendig gjev då og stova eit heilt anna inntrykk.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1997.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Namnet

Stova har namn etter løytnant Andreas Reutz, som kom til garden i 1720 og fekk skøyte i 1730. Stova er truleg bygd mellom 1720 og 1740. Etter tradisjonen skal Andreas ha planta den fyrste frukthagen i Feios og laga den fyrste murte brønnen i bygda. Den brønnen vert kalla Løytnantsbekken og har vore mykje nytta. Den tid det ikkje var innlagt vatn i skulen, sprang borna opp til Løytnantsbekken for å drikka.

Interiør

Den opphavlege røykomnen er bytta ut med peis. Attmed peisen står ein gamaldags kokeomn. Ljoren har fått luke med glas, men er elles intakt. Tidlegare hadde ljoren blybeslag. Inventaret er prega av godt gamalt handverk, flott rosemålt skap, golvklokke, utskori lysekrone i tre og andre møblar.
Skapet og dragsenga vart rosemålte i 1910 av Rishovd frå Leikanger. Han var då på Fedje i fleire dagar og målte kister, senger og skap.
Årstalet 1800 saman med bokstavane NBSF på biten nærast peisen kan ha samanheng med at stova då fekk innvendig panel. NBSF står for Nils Bårdson Fosshage, han var frå Leikanger. Nils bordkledde stova og sette opp ein ny bjelke. Truleg vart peisen og murt samtidig. I kammerset er det faspanel av nyare dato. Golvet der, og i stova, er nytt, lagt oppå det gamle. Tek ein bort det nye golvet, vil ein truleg finna spor etter kvar røykomnen var plassert. I austre enden av stova er der ein hems med rekkverk.

Utvendig

Ytterveggen mot sør er delvis kledd med panel frå den gamle stavkyrkja i Feios som vart rivi. Panelet til venstre for inngangen og loftet over gangen er fint profilerte bord. Torvtaket er no kledd med bylgjeblekk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: Løytnantstova i Feios. I Pridlao, nr 3, 1997, side 53-54. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
John Petter Fedje, f. 1928, Vik i Sogn.
Riksantikvaren:
Rapport etter synfaring 1967.

PERMANENT IDENTIFIKATOR