Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegen over Dragseidet i Selje



Den gamle vegen mellom Drage og Leikanger i Selje er ein viktig del av samferdslehistoria i Sogn og Fjordane. Saman med Mannseidet var vegen mellom dei tidlegaste opparbeidde vegstrekningane i fylket, og vegen hadde stor betydning for kysttrafikken. I samband med kulturminneåret i 1997 og markeringa av tusenårsminnet for kristninga, kom vegen igjen i fokus.

Biletet viser den eldste vegen over Dragseidet like ved Kongshaugen, eit par kilometer frå Drage mot Leikanger.

Biletet viser den eldste vegen over Dragseidet like ved Kongshaugen, eit par kilometer frå Drage mot Leikanger.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1994

Fotograf: Per Birger Lomheim

Ein historisk stad

Namnet Dragseidet skal komma av at sjøfarande i naudsfall skal ha drege båtane sine over eidet langs den gamle ferdavegen. Sjølv om vegen er rundt 5 km lang, og det høgaste punktet på vegen er over 200 m, var det truleg ikkje så vanskeleg å dra båtane over. Lendet er jamnt, og det er funne flate steinar og lunner i myrane som kan ha vore nytta til å dra båtane på. Det var nok helst i styggever, og når dei måtte venta i dagesvis på god bør og godt ver, at vegen vart nytta på denne måten. Ei segn frå Sunnmøre fortel at Olav den heilage ein gong fekk vatnet til å stiga, slik at han kunne sigla over Dragseidet, og dermed sleppa unna fiendar som forfølgde han. Dette fortel mykje om kor farleg dei opplevde Stadhavet.

Ny veg

Gamlevegen var berre ei bratt steinlagt rås for køyring med slede og slep. På 1800-talet var vegen i dårleg forfatning, og i 1874 uttalte veginspektør Michael Christensen at vegen over Dragseidet ikkje var køyrande med hest og vogn. I 1877 kom spørsmålet om ein skikkeleg kjerreveg opp. Det kom delvis saman med kravet om betre hamn i Drage. Der fanst det berre ei vanleg båtstø mot det opne havet. Dette gjorde det vanskeleg for fiskarane på staden. Hamnekommisjonen frå 1877 var på staden og tilrådde å byggja ein molo der, på vilkår av at det vart bygd ein skikkeleg veg over eidet. Fylkesutvalet hevda at det burde byggjast molo uavhengig av vegspørsmålet. Resultatet vart at Drage fekk begge delar. Moloen vart ferdig bygt i 1893, og i 1884 byrja dei å byggja ny veg mellom Drage og Leikanger. Han stod ferdig i 1889. Den nye vegen var ein av dei første køyrevegane i Selje. Den gamle vegen gjekk no ut av bruk.

Tusenårsjubileum og kulturminneår

Den gamle vegen vart liggjande upåakta, men i 1997 kom gamlevegen på ny i fokus. For det første skulle tusenårsjubileet for kristninga av regionen markerast, og for det andre var 1997 bestemt som eit kulturminneår. Det vart pålagt kommunar og statlege etatar å plukka ut viktige kulturminne, og synleggjera desse. Hovudføremålet med kulturminneåret var å skapa større glede av og betre forståing for kulturminna våre. Eit av dei tre sentrale tema var tekniske og industrielle kulturminne, der mellom anna gamle vegar og bruer utgjorde ein viktig del.

Ny rasteplass

Statens vegvesen, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, valde å bidra med ein ny rasteplass på Dragseidet, der den nye og den gamle vegen møter kvarandre. Føremålet med rasteplassen var å synleggjera den gamle veghistoria på denne naturlege stoppestaden i det storslagne kystlandskapet ved Stad. Rasteplassen stod ferdig til tusenårsjubileet for kristninga.

Kristninga i 997

Dragseidet har sterk tilknytning til kristninga av Noreg. Det var her Olav Tryggvason kalla saman til ting og kristna sogningar, fjordingar, sunnmøringar og romsdalingar hausten 997. Tidlegare på året hadde han vore på kristningsferd lenger sør. Eit par kilometer frå Drage mot Leikanger ligg Kongshaugen. Haugen ligg rundt 225 moh med utsyn mot vest. Her stod det frå gamalt av ein bauta med inskripsjonen "Olav Tryggvesson 997 Norges konge". Ved markeringa av kristninga i 1997 var kong Harald til stades og sette namnet sitt på ei plate på denne bautaen. Litt lenger nede ved den gamle vegen står ein 4 m høg steinkross, kalla Olavskrossen. Han vart sett opp i 1913 av Nordstranda ungdomslag. Inskripsjonen på steinkrossen er: "Her kristnet Olav fire fylker 997".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy Bygdene og Bygdesamfunnet. Band 1/5 bolk II i rekkja Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. Oslo 1957.
Djupedal, Torkjell: Selja kulturhistorisk handbok. Førde 1996
Taklo, Astri og Ese, Kristin: Kongebesøk på Dragseidet. I Vegstubben. s. 4, nr. 2-1997.
Ese, Kristin: Kulturminneåret 1997. I Vegstubben. s. 5, nr. 2-1997.
Statens Vegvesen, Sogn og Fjordane: Dragseidet. Brosjyre. 1997.
Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. Registreringsrapportar frå 1999-sesongen. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR