Svenske krav for å godta unionsoppløysinga
Sverige ville ikkje automatisk godkjenne 7. juni-vedtaket til det norske Stortinget. 27. juli 1905 vedtok den svenske Riksdagen at før dei ville godkjenne oppløysinga av unionen skulle det gjennomførast ei folkerøysting i Noreg og forhandlast fram ei avtale mellom Noreg og Sverige om opphevinga av riksakta, unionsavtalen mellom Noreg og Sverige.
Folkerøysinga vart halden 13. august, og det norske folk svarte ja på spørsmålet om dei var einige i Stortinget sitt vedtak 7. juni om oppløysinga av unionen. 31. august starta forhandlingane mellom Noreg og Sverige i den svenske byen Karlstad.
Forhandlingsdelegasjonen
Den norske forhandlingsdelegasjonen besto av statsminister Christian Michelsen, utanriksminister Jørgen Løvland, Benjamin Vogt (oppnemnd av regjeringa, og regjeringa sin sendemann i Stockholm sumaren 1905) og stortingspresident Carl Berner. Den svenske delegasjonen besto av statsminister Christian Lundeberg, utanriksminister Grev Wachtmeister, statsråd Karl Staaff og statsråd Hjalmar Hammarskjøld. Både nordmenn og svenskar hadde med seg ei rekkje rådgjevarar til forhandlingane i Karlstad. Ein av dei norske rådgjevarane var Nikolaus Gjelsvik, frå Askvoll, som var med som juridisk ekspert.
Forhandlingane
Forhandlingane byrja i Karlstad 31. august og varte til 23. september. Delegasjonane var samla i Karlstad i heile perioden, utanom 8. - 12. september då den norske delegasjonen reiste heim til Kristiania, og den svenske delegasjonen var i Stockholm. Det var rett etter denne pausen at forhandlingane var på sitt mest kritiske.
I Karlstad vart det forhandla om:
1. Oppretting av ei nøytral sone på båe sider av grensa. Dette omfatta også forhandling om riving av grensefestningar.
2. Svenske reinsamar sin rett til å nytte beiteområde i Noreg.
3. Transittrafikk. Det vil seie transport av varer mellom Noreg og Sverige 4. Felles vassdrag. Noreg og Sverige har fleire felles vassdrag, og reguleringar på den eine sida av grensa kunne få konsekvensar for den andre nasjonen.
Forhandlingane i Karlstad skulle verte vanskelege. Noreg og Sverige hadde ulike syn på sakene som vart drøfta. Dei var ikkje eingong einige om sjølve grunnlaget for forhandlingane; "..är unionen upplöst eller är det om unionens upplösning vi nu förhandla?" (Wåhlstrand s. 27) Denne usemja kom av at Noreg og Sverige hadde ulikt syn på kor vidt 7. juni-vedtaket var gyldig. Det var også eit anna forhold som var problematisk for svenskane. Løvland titulerte seg som utanriksministar. " För oss svenskar är han ännu norsk statsminister i Stockholm..". (Wåhlstrand s. 27) Sjølv om dei to landa ikkje var einige om desse to spørsmåla byrja dei forhandlingane.
Oppretting av ei nøytral sone
I byrjinga av forhandlingane la svenskane fram eit forslag frå den svenske Riksdagen. Riksdagen hadde avsett ei nøytral sone som byrja ved festningsanlegga ved Kongsvinger og som strakte seg søretter langs grensa til og med festningane ved Fredrikssten. Forslaget ville innebere at alle festningane innanfor sona skulle rivast. I tillegg til Konsvinger og Fredrikssten, var desse Dingsrud, Kroksund og Ørje. Det var Kongsvinger og Fredrikssten som skapte mest debatt. Grunnen kan vi sjå i notatane til Urbye som var sekretær for den norske delegasjonen i Karlstad: "Af den historiske fremstilling fremgik, at saavel Kongsvinger og Fredrikssten var gamle fæstninger - begge existerende længe før unionen - med en historisk betydning, der stillede dem høit i det norske folks øine." (Wåhlstrand s. 90)
Den norske delegasjonen var samd med Sverige om at det skulle etablerast ei nøytral sone. Den dramatiske debatten skulle vidare dreie seg om kvar grensa for den nøytrale sona skulle gå, om festningane berre hadde defensiv funksjon, og om også dei historiske festningane skulle rivast.
Debatten om festningane
Noreg argumenterte for at Kongsvinger og Fredrikssten ikkje var grensefestningar, men etablerte for å verne sambandet mellom det nordafjelske og sønnafjelske. Vidare argumenterte Noreg for at festningane berre hadde ein defensiv funksjon; å verne Noreg sine grenser.
Eit utdrag frå notata til den svenske sekretæren, Hellner syner kor vanskeleg debatten om festningane var:
"Här blir jag af Hammarskjöld utskickad att söka upp Kapten Åkerman och bedja denne skyndsamt skicka upp en karta med de från svensk sida föreslagna linierna utritade. Hammarskjöld har visserligen en karta med sig, men den kan ej företes för norrmännen, emedan den har två linier, en yttre enligt hvilken Kongsvinger skulle falla inom zonen och en inre, uteslutande K[ongsvinger] ur zonen. Vogt begärde för en stund sedan att få se H[ammarskjöl]ds karta, men afvisades med svaret, att den var försedd med anteckningar och därför ej kunde visas. - Jag fann ej Åkerman i telefon, utan afsände en vaktmästare med ett bref till honom.
När jag kom igen, fann jag Hammarskjöld hålla på med att läsa upp urklipp ur norska tidningar för åren 1902 och 1903, i hvilka fästningarnes offensiva karaktär starkt framhålles, och där det till och med öppet uttalas, att de kunna bli till gagn, då Norge vill återeröfra sin gamla provins Bohuslän. Medan denna uppläsning pågår, äro norrmännen mycket generade. Berner sitter och håller upp en tidning, som han tittar i: han småler med ett mycket generadt leende. Michelsen är röd i ansiktet, och hans blick är osäker. Vogt böjer ned sitt hufvud, så att jag ej kan se honom i ansiktet. Det är visst Åkerman, som försett Hammarskjöld med dessa intressanta tidningsurklipp." (Wåhlstrand s. 56)
Dramatiske døgn
Då delegasjonane igjen møtte i Karlstad etter pausen mellom 8. og 12. september var det ei spent stemning som rådde.
13. september kom den norske delegasjonen med eit framlegg til at den nøytrale sona ikkje skulle omfatte Kongsvinger og at den historiske festninga, Fredrikssten ikkje skulle rivast. Neste dag kom Sverige med eit framlegg der dei godkjente at dei eldste delane av festninga skulle få stå, medan dei nyara tilbygga måtte rivast.
I det siste framlegget frå Noreg heitte det at Noreg ville legge ned festningsverka under Fredrikssten, og Ørje, Kroksund og Dingsrud. For Fredrikssten sitt vedkommande var det berre tale om å "..borttage den moderne arkbering og panserkonstruktionerne". (Wåhlstrand s. 182) Vidare gjekk Noreg med på at Kongsvinger ikkje skulle utvidast. Noreg ville soleis få behalde dei gamle festningsverka, men dei skulle ikkje vere militært operative. Etter dette framlegget klarte Noreg og Sverige å verte einige om ei avtale.
Michelsen og Lundberg hadde fleire private samtalar i dei mest kritiske fasane av forhandlingane. Forhandlingane var intense og spente. På eit tidspunkt uttrykte svenskane uro for "..att i Norge vissa militära åtgärder vore vidtagna eller under vidtagande, hvilka ej vittnade om särdeles fredling stämning". (Wåhlstrand s. 64) I nedteikningane til Hellner kan vi også lese at Løvland skal ha sagt " ..att de suttit med klockan i hand och beräknat den stund, då kriget skulle bryta ut." (Wåhlstrand s. 72)
Karlstadsemja
Den 23. september vart partane einige om ei avtale.
1. Tvistar mellom dei to landa skulle i siste instans avgjerast av den internasjonale domstolen i Haag.
2. Det skulle opprettast ei nøytral og demilitarisert sone på båe sider av grensa mellom Noreg og Sverige. Innan denne sona skulle det ikkje kunne byggjast nye militære anlegg. Dei anlegga som allereie låg i sona skulle leggjast ned, bortsett frå dei gamle festningsverka ved Fredrikssten som skulle gjerast ubrukelege. Dette arbeidet skulle vere fullført seinast 8 månader etter at avtalen var tredt i kraft. Festninga ved Kongsvinger skulle ikkje kunne utvidast, og innan ei grense på 10 km rundt festninga skulle det ikkje anleggast nye militære anlegg.
3. Reinsamar frå båe land skulle ha dei rettar dei var gitt i ein traktat av 7/18 oktober 1751, og båe landa forplikta seg til ikkje å seie opp avtalen. Vidare skulle ei lov om reinsamar, av 1883 utvidast til å gjelde til 1917. Båe landa forplikta seg til å forhandle om ny lov i 1917.
4. Båe landa forplikta seg til å ikkje hindre varetransport gjennom det andre landet eller til og frå landa. Denne typen varetransport (transittgods) skulle ikkje ha toll eller liknande avgifter. Denne semja skulle gjelde i 30 år frå 1. januar 1906. Dersom det kom til tvistar om denne avtalen skulle dei i siste instans avgjerast av ein særskild skiljedomstol.
5. For regulering av felles vassdrag skulle det einskilde land sine lover gjelde, men innbyggjarane i båe landa skulle ha dei same rettane.
Karlstadsemja vart godkjend av Stortinget og Riksdagen høvesvis 9. og 13. oktober 1905.
Reaksjonar på Karlstadforhandlingane i Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane var dei opptekne av og godt orienterte om Karlstadforhandlingane. Mellom august og november vart forhandlingane hyppig omtala i avisene. Som elles i landet var det grensefestningane som vart det store temaet. 20 august kunne Sogns Tidende melde at "Overbibliotekar Drolsum holdt 19 ds. for bondeungdomslaget et faglig foredrag om grænsefæstningerne.."
Då forhandlingane var ferdige hadde Fjordenes Blad, 27. september eit innlegg der dei under overskrifta "Afsluttet! Norges ydmygelse!" seier at "Det er med den bitreste sorg, vi bringer vore læsere denne efterretning om hvad forhandlingerne i Karlstad har ført til". Til slutt oppfordrar avisa "..befolkningen i vore bygder at samle sig til møder, hvor der nedlægges en kraftig og bestemt protest mod de opgjørsvilkaar fra Karlstad, som berøver os vort grænseforsvar". I Stryn kommune gjorde dei nettopp som avisa oppmoda om. 1. oktober vart det frå Stryn sendt følgjande telegram til Stortinget: "80 indvånere af Stryns herred forsamlede paa Tonning fremsender storthinget bestemteste protest mod grændsefæstningernes sløifning uden garanti for fredens opretholdelse og ærbødigste forlangende om ny rigsforsamling før forhandlingsresultatet og forfatningsspørgsmålet afgjøres."