Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. november 2018

Kategori

Kommune

Tjugum kyrkje



Tjugum kyrkje er ei åttekanta, oktogonforma, kyrkje i tre som står på garden Tjugum i Balestrand kommune. Kyrkja, som har 320 sitjeplassar, vart vigsla 29. oktober 1863 av prost Thomas Erichsen. Arkitekt Christian Henrik Grosch laga teikningane. Tjugum kyrkje er soknekyrkje for Tjugum sokn og hovudkyrkje i Balestrand prestegjeld.

Tjugum kyrkje er noko mindre enn systerkyrkja i Lavik.

Tjugum kyrkje er noko mindre enn systerkyrkja i Lavik.

Eigar: Sognafoto.

Datering: 2002.

Fotograf: Grunde Engan.

Åttekanta kyrkje

Då kyrkja vart bygd i 1863 var det naturleg at kyrkjestaden framleis skulle liggje mest mogleg midt i soknet. På Tjugum var det også både bank og vertshus, og denne sida av Esefjorden var meir sentral enn Holmen. Men noko seinare kom dampskipsekspedisjonen på Holmen, og Kvikne's hotell frå 1885. I dag er såleis plasseringa tungvint, og vinterstid er kyrkjevegen til tider direkte farleg. Folk som bur i sentrum må køyre rundt den rasfarlege Esebotnen. Kyrkjesøkinga derifrå har difor mange gonger vore dårleg på grunn av faren for ras.

Tjugum kyrkje liknar mykje på den to år yngre Lavik kyrkje, også teikna av arkitekt Grosch. Saman med kyrkjene i Innvik og Loen, er desse dei einaste åttekanta kyrkjene i fylket. Inne i sjølve skipet i Tjugum er det fleire interessante detaljar som ein elles ikkje ser så ofte. Galleriet er ikkje som i dei fleste kyrkjer bygt tvers over bakre del av skipet, men skrånar istaden ut mot sideveggene. Den praktiske forklaringa er sjølvsagt at plassen langs dei oppdelte veggene vart utnytta til så mange sitjeplassar som råd. Reint estetisk har forma også ein god funksjon, - galleriet vert som ei ramme rundt delar av skipet, forma slik at kyrkjefolket oppe og nede kjem nærare kvarandre.

Interiøret

Forma på kyrkja fører innvendig til at taket i midten av kyrkjeskipet er bygt med åtte felt som skrånar ut mot sidene. Mellom dei indre søylene og veggene i skipet er taket flatt. Frå kyrkjeskipet er der utgangar både mot sørvest og nordaust. På dei midterste veggene er der tre høge glas sett saman i eit felt, medan dei fire andre veggene har kvar sine glas. Alle er ruta og har blyinnfatning. Dei to vindauga på kvar side i koret har ein enkel dekor i form av ein kross øvst i trekanten. Dette var ein detalj som Riksantikvaren ikkje var særleg nøgd med, men for presten har vindauga fungert svært praktisk. Når sola står rett inn frå sida, er fargane med å dempe det sterke sollyset. Koret har skråtak og på kvar side av altertavla er der dører inn til sakristia.

Det er gjort få endringar med sjølve kyrkjebygningen sidan han var ny, med unnatak av våpenhuset, som vart forlenga i 1940. Samstundes vart galleriet gjort noko mindre. Innvendig var kyrkja tidlegare måla i heller mørke og kalde fargar. Hovudfargen på veggene var den fyrste tida fiolett, seinare lys grøn. Mykje av inventaret elles hadde ein gulbrun farge. I 1980 vart veggene luta, og samstundes vart kyrkja måla opp att. Arbeidet vart leia av målarmeister Jon Atterås.

Ein litt artig detalj er forklaringa på kvifor golvet i alterringen er noko høgare enn golvet elles. Det skal ha vorte laga slik fordi den kortvaksne presten som gjorde teneste her på midten av 1900-talet, skulle koma høgare opp og få betre oversyn over kyrkjelyden.

Automatiserte klokker

Frå Tjugum kyrkje er det godt utsyn over Esefjorden til Holmen, kommunesenteret i Balestrand. Endå betre vert utsynet når ein klatrar til topps i kyrkja for å studere kyrkjeklokkene. Men det er ikkje berre utsynet som imponerer, det gjer også dei tekniske innretningane i det ærverdige tårnet midt over skipet. Her kan ein ved sjølvsyn sjå korleis det verkar når kyrkjeverje og kyrkjetenar Tore Brudvik trykkjer på rette knappen nede i kyrkja. Då rykkjer det i dei lange metallarmane som er festa til dei fire lukene i tårnet.

Motoren som dreg det heile i gang, fyller det vesle tårnrommet med ein svak dur, og så glir lukene opp. Ein anna brytar set i gang den rette kyrkjeklokka. Alt saman kan koplast til eit tidsur, slik at kyrkjetenaren ikkje treng vere i kyrkja sjølv om klokkene skal ringje. Neste steg i automatiseringa vert ein fjernkontoll som kan styre både klokkeklangen og lukene i tårnet. Dette vil vere særleg nyttig under gravferder. Då kan kyrkjetenaren stå nede på gravstaden og syngje med heilt til siste strofa på gravferdssongen tonar ut. Deretter kan han ved å trykkje på fjernkontrollen setje i gang dei 3 x 3 klokkeslaga til slutt.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1890 er måla av Christen Brun (1828-1905). Motivet er "Opstandelsen", og er ein kopi av Adolph Tidemand (1814-1876) sitt bilete "Christi Opstandelse" (1871). Under biletet står innskrifta "Jeg er opstandelsen og livet! Joh. 11,24". Kyrkja hadde frå 1863-1890 truleg ein trekross som alterutsmykking.

På alteret står i alt fire lysestakar. Dei to messingstakane frå 1704 vart noko omforma i 1863. Dei to sølvstakane er frå 1893. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv frå 1676. Innskrifta på kalken er "MTLM. OD. OT.PMHW 34 lod. Anno 1676 udi Hr Jens Bugges Præstembedes 19de år". Alterfrontalet, laga av Solrun Nes, er ein kopi frå 1997 av originalen frå ca. 1325.

Preikestolen og døypefonten er frå 1863. Dåpsfatet i sølvplett vart forsølva i 1959.
Orgelet frå 1905 har 11 stemmer, og er bygt av Olsen og Jørgensen. Kyrkjeklokka frå 1893 er i stål, og laga i Tyskland. Den gamle klokka sprakk 20. august 1893.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.