Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bedehusa på Lærdalsøyri



På Nedre Eggjo i Borgund står eit bustadhus som heilt opp til vår tid har vorte nemnt som bedehuset. Forklaringa er at det ein gong var eit bedehus, men ikkje der det står no. I 1905 vart det gamle bedehuset på Lærdalsøyri rive og flytta til Borgund. På same tida bygde indremisjonslaget nytt bedehus.

<p>Bedehuset p&aring; L&aelig;rdals&oslash;yri, bygd 1905-1906. Fr&aring; inngangen kjem ein inn i Storsalen, mot aust (t.v.). Vindauga (t.h) er i Vetlesalen. P&aring;bygget p&aring; vestveggen er toaletterom, oppsett kring 1960.</p>

Bedehuset på Lærdalsøyri, bygd 1905-1906. Frå inngangen kjem ein inn i Storsalen, mot aust (t.v.). Vindauga (t.h) er i Vetlesalen. Påbygget på vestveggen er toaletterom, oppsett kring 1960.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa. Lisens: "Namngjeving-DelPåSameVilkår(CC BY-SA)": http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/

2006

Bedehus nr. 2 på Lærdalsøyri står på Gamle Lærdalsøyri. Det er eit langhus, om lag 15 m langt og 7 m breitt. Det har to utbygg, den opphavlege inngangen på langveggen mot gata og eit nyare påbygg for toalett i vestre enden. Utanom utbygga er bedehuset innreidd med Storsal, Vetlesal og kjøken. Storsalen er om lag 8,5 lang. Veggene er om lag 4,5 m høge og det er himling heilt til mønet. Framme i salen er eit lågt podium med fastmontert talarstol. På podiet står orgel og piano. På veggen over talarstolen heng eit bilete laga av Vilhelm Bjørknes. To bord er pryda med dukar i hardangersaum.

På veggen bak i Storsalen heng eit stort, innramma bilete av tre føregangsmenn for indremisjonen i Lærdal, handelsmann Knut Helland, Ingebrigt Christoffersen og Thomas Thomassen. Dei opphavlege trebenk-radene er skifta ut med røyrstolar og lette småbord.

Vetlesalen er møblert med ei sofagruppe med bord, ein av dei gamle trebenkene og eit litt høgare og større bord. Veggene er pryda med to innramma bilete med religiøse motiv og fleire barneteikningar. - Det er her me har møta våre no, fortel Sigurd Fretland (83). Kjøkenet er fullt utstyrt for matlaging og servering. - Tidlegare vart bedehuset brukt ved gravferder, seier Fretland.

Bedehusprotokoll

Til 100 års-markeringa for Lærdal og Borgund Indremisjon i 1978 vart det laga eit historisk oversyn. Det viser der til "to møteprotokollar". Me har hatt høve til å bruka ein av protokollane. Protokollen byrjar i 1878/1879, då Lærdal indremisjon vart skipa. Innførslene sluttar i 1989. Det er fleire tomrom, år det ikkje er ført noko. Det er elles noko ulikt kva som er ført frå tid til anna. Me finn rekneskapsnoteringar, referat frå årsmøte og styremøte, statutter (lover) og to historiske attersyn, det første i 1957 i høve femtiårsfest for bede

huset og det alt nemnde i 1978. Utanom denne kjelda har me brukt opplysningar i bygdebok for Lærdal av Jon Laberg, og me ha sett etter i avisa Sogns Tidende, som kom ut i Lærdal i åra 1878-1903

Det første bedehuset i fylket

Me kjenner ikkje til nøyaktig når det fyrste bedehuset på Øyri vart bygd. Me veit heller ikkje om det vart bygt som bedehus eller om det var eit hus, ei stove, som vart teken i bruk som bedehus. Men me har haldepunkt for å fylgja bedehuset bakover i tid nokre år frå det vart rive i 1905.

Laberg fortel at kommunen leigde bedehuset til skulehus skuleåret 1898/1899, og at fylkestinget brukte huset til tingsetene i åra 1887 og 1897. Vidare opplyser Laberg landhandlar Helland ansvarleg stod ansvarleg for bankgjeld på huset i 1883. Same året vart huset overteke av indremisjonslaget.

I indremisjonsprotokollen - som byrjar i 1878 - dukkar bedehuset første gong opp i 1882, i referat frå møte på "Lærdalsørens bedehus". Den eldste dateringa er 1873. I det trykte referatet frå fylkestinget sine forhandlingar dette året står:

Aar1873den 4de Juli sammentraadte Nordre Bergenhus Amtsformandskab i Bedehuset paa Lærdalsøren.

Etter dette kan det sluttast at det første bedehuset på Lærdalsøyri også var det første bedehuset i Sogn og Fjordane. Som nummer to fylgde Førde i 1881, Marifjøra i 1888 og Vikøyri i 1891.

Tankar om nytt hus

Dette fyrste bedehuset i fylket - som no står som bustadhus på Nedre Eggjo i Borgund - vart etter alt å døme rive våren 1905, og erstatta med noverande bedehus. Me veit ikkje noko sikkert om kva tid indremisjonen tok til å tenkja på å skaffa seg nytt bedehus, heller ikkje kvifor. Det mest nærliggjande tanken er at dei trong eit større hus. I protokollen dukkar spørsmålet opp første gongen i 1895. Då var det på tale å ta opp forhandlingar med turnforforeininga om å byta lokale. Det vart det ikkje noko av. I 1902 står det om pengeinnsamling til nytt hus, og i 1903 dukkar turnlokalet opp på ny. Huset skal seljast og Endre Eggen og Olaus Dahle får fullmakt til å sjå nærare på eventuelt kjøp. Lokalet vart selt på auksjon 16. juni. Protokollen seier ikkje noko om utfallet, men Sogns Tidendemelde 18.6 at Lærdalsørens Ungdomslag fekk tilslaget på kr. 2.200.

Nytt hus 1905-1906

I 1904 står det ingen ting om nytt bedehus i protokollen. Bedehuset ser ut til å ha vore flittig i bruk. Henrik Nilsen tok på seg ansvaret for opna huset til kvart "ålmenne møte", kosta (sopa) golvet og "fylla lamporne når det trongst." Men vinteren 1905 kjem det fart i byggjesaka. 12. februar står tomtespørsmålet på saklista. Me høyrer om to alternativ, det eine: ein stad der «forsvaret» er grunneigar, det andre: på tufta til det gamle bedehuset. Sidan forsvaret hadde svara nei, vart utfallet å byggja på same staden.

Det gamle huset vert lyst ut for sal, og byggjearbeidet tek til, - med å sprengja ut stein og køyra fram til byggjetomta, og med å venda seg til Skjergjehamn trelasthandel om "bjelkemateriale" og til Frønningen om kvalitetsmateriale til glas og dører. Avhendinga av det gamle bedehuset ordna seg raskt. Den 6. mai 1905 står salssummen for det gamle bedehuset bokført med 600 kroner. Men så teier protokollen til 1908. Då er det referert til byggjerekneskap, kr. 4100, slik huset "nå står i full stand". I det historiske oversynet til hundreårshøgtida står det at huset vart vigsla "påsken 1906" av dåverande prost Arnesen. Me har ikkje funne noko om det nye bedehuset i Sogns Tidende.

Føremål og verkemiddel

Kva var føremålet for indremisjonslaget og korleis arbeidde dei for å oppfylla ynskjemåla sine? Protokollen opnar med lover for laget. Føremålet er å vekkja og nøra "sandt kristelig liv" i dei tre krinsane [Borgund, Rå og Lærdalsøyri] og i "nærmeste omegn". Dette skal dei prøva å nå ved "at lade Guds saliggjørende ord forkyndes overrensstemmende med vor evangelisk lutherske bekjendelse og bringes den enkelte til lærdom, overbevisning, rettelse og optugtelse i retfærdighed ved dertil skikkede mænd - og at utbrede den hellig skrift samt andre til formålet svarende prøvede skrift.»

I 1897 vert det teke opp att at bedehuset er bygt og halde vedlike for at det skal tena som forsamlingshus under bibellesingar, "opbyggelser" (oppbyggjingsmøte) og "kirkelige forsamlinger."

Fleire år seinare, i 1938, går det på ny fram at huset skal brukast i samsvar med den evangelisk lutherske kyrkja si vedkjenning. Ein skal arbeida for føremålet ved forkynning av Guds ord og ved hus- og sjukevitjingar, ved arbeid for born og ungdom, ved å spreia biblar, traktatar og liknande og ved "broderlege samvær, samtale, bøn, o.l.»

Resultat

Det historiske oversynet i 1957 er todelt. Den eine delen handlar om huset, "den ytre råma", den andre delen om innhaldet. - Kva med innhaldet, spør forfattaren, og svarar:

"då må det seiast at år etter år har Ordet vorte forkynt av både leg og lærd. Herren har også gjesta bygdi, ved vekkjing no og då. Det har ikkje alltid vore så stort bråk og brus av det, men sjeler har vorte lagd til menigheiti år om anna. Og dei som har hatt sin åndelege heim her, har sikkert eit felles ynskje at det framleis må verta forkynnarar som gjestar dette hus med eit fulltonande Evangelium um synd og nåde. Og at unge og eldre må finna inn til Jesus her i dette huset og finna si uppgåva i Herrens Hær."

Ymse

Huset stod på leigd grunn til 1919. Då fekk bedehuset tomta ved gåvebrev frå Aline Hillegaard, enkje etter Anders A. Hillegaard.

Under krigen rekvirerte den tyske vernemakta huset 10. mai 1940 og brukte det til hausten 1944. I denne tida heldt indremisjonen møte i kyrkja, på skulen og på gamleheimen. Etter krigen vart huset pussa opp, det vart lagt inn elektrisk varme, sett inn ekstra vindauga og kjøpt inn nye stolar. Kring 1960 vart det bygd til toalettrom i vestre enden. Det vart ordna av Sigurd Fretland.

Olaus Dale frå Vangsnes, saman med kona Brita, kjend som hotelleigar i Fjærland, var lærar og kyrkjesongar i Lærdal. Han var med i indremisjonen, og han førde protokollen på nynorsk for fyrste gong i 1902.

Kvinnene har alltid hatt sin plass på bedehuset på Øyri, men det gjekk mange år før dei kom med i styrande organ. Likevel kom spørsmålet opp forbausande tidleg. Eit framlegg frå A.A K. i 1908 er ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande. Han føreslo å endra «mænd» i paragraf 3 til «personar» - slik at det også kunne veljast kvinner inn i styret.

kjelder:

Laberg, Jon: Lærdal og Borgund. Bygd og ætter. 1938.
Nordre Bergenhus Amtsformandskabs Forhandlinger for Aaret 1873.
Informasjon frå:
Sigurd Fretland, Lærdal.
Protokoll for bedehuset og indremisjonslag 1878-1989.

PERMANENT IDENTIFIKATOR