Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Første ferjesamband i ytre Sogn



Eit av dei viktige veg- og ferjesambanda med svært stor trafikk i dag, er sambandet Lavik-Oppedal i ytre Sogn. Her går E-39, stamvegen mellom Kristiansand og Ålesund, også kalla Kyststamvegen. Sambandet til Hordaland hadde ein trong fødsel. Vegsambandet mellom Hordaland og Sogn, til Brekke, vart sett på som lite vesentleg av fylkespolitikarane.

Fullt på ferja mellom Instefjord og Vadheim på ein tur på slutten av 1950-talet. Ferjesambandet opna sommaren 1955 med M/F "Vetlefjord" i ruta. Ho brukte 1 time over fjorden. I juli 1955 var trafikken 64 bilar, 32 syklar, 5 motorsyklar og 853 reisande. Det var mindre enn rekna med, men dei meinte at trafikken ville auka når vegen Lavik-Vadheim stod ferdig. Det var usikkert om ferja ville halda fram i 1956, men Brekke og Lavik vedtok å dekka eit eventuelt underskot.

Fullt på ferja mellom Instefjord og Vadheim på ein tur på slutten av 1950-talet. Ferjesambandet opna sommaren 1955 med M/F "Vetlefjord" i ruta. Ho brukte 1 time over fjorden. I juli 1955 var trafikken 64 bilar, 32 syklar, 5 motorsyklar og 853 reisande. Det var mindre enn rekna med, men dei meinte at trafikken ville auka når vegen Lavik-Vadheim stod ferdig. Det var usikkert om ferja ville halda fram i 1956, men Brekke og Lavik vedtok å dekka eit eventuelt underskot.

Eigar: Firda Sjåførforening.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Ønske om vegsamband til Hordaland

Frå langt tilbake ser det ut til å ha vore eit ønske om veg over fylkesgrensa mellom Brekke og Masfjorden. Det gjekk fleire stiar over fjellet frå Brekke kommune til Masfjord kommune i Hordaland. Det første offisielle møtet om saka var truleg i 1885. Til møtet i 1885 gjekk medlemene av "herredsbestyrelsen" til fots over fjellet frå Solheim i Masfjorden til Instefjord. Ordføraren og presten reid føre flokken til Instefjord, der dei fekk båtskyss til Brekke. Det kombinerte kommunestyremøtet for Masfjord og Lavik (Brekke kommune frå 1904), vedtok då å få granska vegsamband mellom Masfjorden og Sognefjorden. Dei la fram fleire alternativ, men fylkesmannen meinte saka ikkje ville bli aktuell på svært lenge. I 1898 bad Lavik kommunestyre igjen om at anlegget vart fremja, men utan hell.

Mange forsøk - magert resultat

Planane rundt 1900 om å byggja ut Matrefalla i Masfjorden førte til ein viss optimisme når det galdt vegsamband. I vegplanframlegget av 1906 blei strekninga Instefjord-fylkesgrensa føreslege ekstraordinært, medan veg mellom Instefjord og Brekke blei føreslege bygd i perioden 1930-36. I 1908 søkte difor Brekke kommune om at anlegget måtte fremjast ved ekstraløyving, men fylket ville ikkje. Dei hadde alt kravd ekstraløyving til Fretheim-Aurlandsvangen, og kunne ikkje setja fram to krav samstundes. Vegen vart fremja på ulike måtar i 1911, 1922, 1923 og i 1930, men alle gongene til fånyttes.

Jernbanevisjonen i Sogn

Ordføraren i Brekke, Lasse Trædal, håpte at Hordaland ville få anlegget inn på statsbudsjettet, men utan hell. Han såg på vegen som ein viktig lekk mellom Bergen og Sogn. Trædal var óg ein ivrig forkjempar for jernbane. Han kjempa i mange år for at ei vestlandsk "stambane" burde følgja ein trasé gjennom Nord-Hordaland og fram til Oppedal, om lag etter same line som E39 går i dag, og vidare med jernbaneferje til Vadheim.

Første ferjesamband i ytre Sogn

I 1934 fekk endeleg anlegget naudsmidlar, og vegen vart ferdig til fylkesgrensa like før andre verdskrig. I 1955 gjekk køyrevegen heilt fram til Solheim i Hordaland. 2. juli 1955 vart Instefjord-Lavik, seinare Vadheim etablert som det første ferjesambandet over ytre del av Sognefjorden. Sidan vegen ikkje var ferdig på nordsida mellom Lavik og Vadheim, gjekk ferja også til Vadheim.

Veg på nordsida av fjorden

Mellom Lavik og Alvern var det berre ein enkel bygdeveg. I framlegget til vegplan i 1906 vart det sagt om vegplanane i området, at dei "kjem etterkvart, der er rum aat dei". Lavik-Vadheim var sett på som svært viktig for å knyta kysten til trafikk-knutepunktet Vadheim. Då Stortinget i 1936 vedtok vederlagsplanen for manglande jernbane i Sogn og Fjordane, vart vegstrekninga Torvund-Vadheim prioritert. Trass i dette var ikkje vegen ferdig før i 1960, og Lavik fekk ferjesamband. Frå 1964 gjekk ferjetrafikken heile året. Same året byrja Firda Billag med rutetrafikk.

Nytt ferjesamband frå 1965

I 1965 kom det veg frå Instefjord til Brekke, og ferjeleiet vart flytta til Brekke. Ferjesambandet Brekke-Lavik vart eit av dei viktigaste og mest trafikkerte sambanda i fylket. Etter at ferjeleiet vart flytta til Brekke gjekk trafikken sørover til Bergen ei anna lei, over Yndesdalen til ferjeleiet på Risnes lengre vest i Masfjorden. Dette ferjeleiet vart i 1967 flytta til Duesund for å korta ned ferjetida over Fensfjorden. Vegen mellom Instefjord og Masfjorden vart ikkje aktuell som sambindingsveg til Bergen før på 1970-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del II, Kristiania 1901.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.
Informasjon frå:
Bjarne Dåe, Gulen.
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/

PERMANENT IDENTIFIKATOR