Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. mars 2005

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnestein på krigsgrav i Naustdal - Halvdan Ottar Sæla



Tretten soldatar frå Sogn og Fjordane miste livet under felttoget i Valdres i slutten av april 1940. Halvdan Sæla fall 28. april. Han vart gravlagd i Aurdal, men sidan flytta heim til Naustdal.

Halvdan Ottar Sæla vart flytta heim og gravlagd ved Naustdal kyrkje i november 1945. Dette biletet er frå avdukinga av minnesteinen som vart reist på grava hans. Vi kjenner ikkje datoen det skjedde.

Halvdan Ottar Sæla vart flytta heim og gravlagd ved Naustdal kyrkje i november 1945. Dette biletet er frå avdukinga av minnesteinen som vart reist på grava hans. Vi kjenner ikkje datoen det skjedde.

Eigar: I Naustdal bygdebok. Bind 3.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Biografi i bokverket Våre falne

"SÆLA, HALVDAN OTTAR, gårdbruker, Naustdal. Født 22. oktober 1917 i Førde, s. av Jens Andersen Sæla, f. 1883 s. st., og Rise Anna Marie Andreasdatter f. Fauske, f. 1876 i Naustdal. Gift 1936 i Førde med Solveig Mathiasdatter Kvamme, f. 1913 s. st. 3 barn. Tjenestgjorde i et mitraljøsekompani i I.R.10 under krigen i Norge, og falt 28. april 1940 i Vestre Slidre. Gravlagt i Førde."

Felttoget i Valdres

Dagane etter det tyske overfallet på Norge, 9. april 1940, møtte mobiliserte mannskap frå Nordhordland og Sogn og Fjordane på Voss. Ei veke seinare vart Fjordane infanteriregiment 10 (IR 10) ordra austover for å ta del i kamp mot tyske styrkar som rykte nordover mot Hallingdal og Valdres. Strategien var å driva opphaldande strid i påvente av alliert innsats. Nær 3000 mann vart transporterte med tog til Gol og derifrå med bil over til Valdres. Den tyske strategien var å ta kontroll over veg- og jernbanesambandet mellom Oslo og Bergen.

Nordmennene beit godt frå seg ved fleire høve. Dei seinka den tyske framrykkinga, men måtte i det lange løp gje opp mot ein militær overlegen motstandar. 30. april var siste kampdagen og 1. mai kapitulerte dei norske styrkane ved Lomen i Vestre Slidre. Mannskapa var då heilt utkøyrde og ingen allierte hadde kome til hjelp.

Felttoget i Valdres varde i 10 dagar med store tap på begge sider. Tyskarane hadde minst 157 døde og 359 såra. Dei norske tapa var monaleg mindre, 46 døde og 237 såra. Frå Sogn og Fjordane fall 12, medan ein døydde ei tid etter av sjukdom han pådrog seg.

Fall under retrett frå Tonsåsen

Etter harde trefningar ved Høljerasten bru 23. og 24. april trekte nordmennene der seg nordover og gjekk i stilling ved Tonsåsen. Her vart stillinga håplaus to dagar seinare, og om kvelden 26. april, fekk 2. bataljon (Bn II/IR 10) ordre om retrett nordover og ned mot Aurdalsfjorden. Halvdan Sæla og Georg Distad frå Fjærland, begge mitraljøsemenn, fall den 28. april ved Nordakerbekken, eit kort stykke nord for Aurdal kyrkje.

Gravferda

Halvdan Sæla vart gravlagd i Valdres, men flytta heim til Naustdal etter krigen. Under stor deltaking vart han gravlagd på kyrkjegarden ved Naustdal kyrkje 3. november 1945. Avisa Firda hadde eit stort stykke om gravferda.

"Flagga blakra stillsleg og varsamt på halv stong, ei bygd i høgtid og sorg. Det var ein av desse ovfagre haustdagane med sol og stille, med gullbleike lauv og uendeleg fred. Vakrare jordferdsdag kunne vel ikkje ein av Sunnfjord sine gjævaste søner frå. Kyrkja var fullsett. Mannjamnt hadde folk frå heile bygda møtt fram til den store høgtidsstunda som minte oss så sterkt om fridomsdagen 8. mai 1945. Men 8. mai var det den mektige fridomsgleda. No kjende vi meir den djupe stille sorga over det fridomen kosta."

Sokneprest Huseklepp heldt ein gripande tale i kyrkja. Løytnant Nygård la ned krans frå dei militære og takka for truskapen. Ordførar Reed bar fram kommunen si takk og la ned krans. "Det skal vera oss ei stor ære og stort glede og halda denne grava ved like," sa han. Det vart óg lagt ned krans frå Naustdal Ungdomslag og familien. Seks soldatar bar båra til den siste kvilestaden og gjorde honnør då kista vart senka i grava.

Minnestein

På minnesteinen over Halvda Sæle står skrive:

SOLDATEN * HALVDAN OTTAR SÆLA * FØDD 22-10-1917 * FALL 28-4-1940
Under står eit bibelord frå 1. Joh. 5-4.:
DETTE ER DEN SIGER * SOM HEV SIGRA YVER VERDI: VÅR TRU.


 

kjelder:

Bragstad, Jakob: Fjordane infanteriregiment nr. 10. I gamal og ny tid. Elanders Forlag 1996.
Våre falne. Oslo 1948.
Firda. 06.11.1945.