Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. desember 2010

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nordpoll Samlingsheim



Selje kommune har tre bedehus, Nordstranda bedehus på Leikanger, Selje bedehus i Selje og Nordpoll Samlingsheim i Nordpoll. Samlingsheimen vart vigsla 22. mai 1965, dagen før bedehuset i Selje vart vigsla.

<p>Nordpoll Samlingsheim, fl&oslash;yen til venstre skulehus fr&aring; 1905, tverrfl&oslash;yen ferdig 1965, kjellarh&oslash;gda under tverrfl&oslash;yen vart i 1965 teken i bruk som bedehus.&nbsp;</p>

Nordpoll Samlingsheim, fløyen til venstre skulehus frå 1905, tverrfløyen ferdig 1965, kjellarhøgda under tverrfløyen vart i 1965 teken i bruk som bedehus. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Frå skule til samlingsheim

Nordpoll Samlingsheim ligg i Leirvika, tett nedom vegen i Nordpoll. Bygningen er det tidlegare skulehuset i Nordpoll. Det vart oppført i 1905 og utvida med påbygg i 1965. Kjellarhøgda under påbygget vart innreidd og teke i bruk som bedehus. Etter at skulen vart nedlagt fekk Nordpoll Indremisjonslag heimel på eigdeommen (03.12.1982). Nokre år seinare, 05.07.1993 vart Nordpoll misjonslag heimelshavar.

Vigsling

Nordpoll Samlingsheim byrja som bedehus i 1965 då tilbygget på skulehuset stod ferdig. Laurdag 22. mai var det vigslingshøgtid. Bergensavisa Dagen hadde eit stykke om hendinga signert H. Eit utdrag stod seinare i det lokale indremisjonsbladet Ljosstraalar. 
 

”Vigslehøgtid i Nordpoll
Det var laurdag 22. mai [1965]. Folk var i høgtidsstemning. Det merka ein alt frå fyrste stund. Særskilt kom dette til uttrykk i den fulltonande songen, so klang mektig i det festpynta lokalet.

Etter opningsord av formannen Sigurd Vengen, las bygdeguten Herman festprolog, om såmannen som gjekk ut og skulle så. Andreas Vederhus gav ei orientering om arbeidet med å skaffa bygda sitt eige møtelokale. Her har ein fått eit tenleg samlingsrom i tilknytning til skulen, som alltid har vore bygda sitt eigentlege sentrum, også det åndelege. Den gamle, kjære skulen på den idylliske tomta ved Leirvika vil også i framtida verta det naturlege midtpunktet.

Generalsekretær Øberg knytte vigslingstalen sin til bibelordet: ”I ditt lys er vi lys”. Det var verkeleg sentrale spørsmål han rørde ved her. Tolleg klårt måtte det verta for nokon kvar kor ringsleg det eigentleg er med eit menneske. Men herleg forløysande var det på nytt å få høyra at Guds lys ikkje berre er ransakande. Det er også eit nådens lys. Verkeleg var det ein sterk tale av ein særmerkt forkynnar, - ein av dei sjeldne.

I samband med sjølve vigslingshandlinga var det skriftlesing. Klara Håvik og Hjørdis Holvik hadde saman med døtrene Norunn og Astrid fått til eit lite musikklag, og gledde folket med enkel, hjartevarm song.

Etter matpausen vart ordet gjeve fritt. Skuleinspektør Vengen nemnde m.a. samarbeidet mellom ungdomslaget og skuleadministrasjonen om dette prosjektet, som no har gjeve bygda både eit nytt, godt klasserom og ein retteleg vakker, tenleg møtesal, - etter hans meining ein idell kombinasjon. Johannes Holsen, mannen som i 1942 stod i vekkinga i bygda, tala til avslutning. Det var ei høgtid som lenge vil leva i minnet og leggja glans over arbeidet med kristenflokken i Nordpoll.
 

Vedtekter

Vedtektene for Nordpoll Samlingsheim heng i glas og rame attmed døra i møtesalen. Vedtekter er interessante dokument. Dei seier mellom anna noko om eigar og føremål.
 

Vedtekter for Nordpoll Samlingsheim

Paragraf 1

Nordpoll Samlingsheim, gnr 84/4 i Selje, er i eige av Nordpoll Misjonslag. Misjonslaget eig eigedommen med dei same rettar og plikter som Nordpoll Indremisjonslag har hatt.

Paragraf 2

Formålet med Nordpoll Samlingsheim er å samle folk til møte om Guds Ord, på evangelisk luthersk grunn i samsvar med Bibelens ord. Inn under dette går også innsamling til arbeidet i Guds rike heime og ute.

Huset kan vidare nyttast til fremje av menneskekjærlege og sosiale formål, samt til foredrag og utgreiing av spørsmål vedkommande landbruk, fiskeri og ærlege næringsvegar. Programmet for møter og andre arrangement må likevel under inga omstende vere i strid med hovudformålet med huset. Er det tvil om programmet er i strid med hovudformålet med huset, skal avgjer om utleige takast av husstyret i samråd med hovudstyret i Nordpoll Misjonslag

Paragraf 3

Årsmøtet i Nordpoll Misjonslag skal velje husstyre. Husstyret er samansett av leiar, nestleiar, sekretær og styremedlem.

Paragraf 4

Husstyret har som oppgåve å sjå etter at Nordpoll Samlingsheim vert halde i stand og drive på ein forsvarleg måte.

Paragraf 5

Møtesalen i Nordpoll Samlingsheim må ikkje opnast for partipolitisk verksemd

Paragraf 6

Leigetakstar for huset til private og opne arrangement vert fastsett av husstyret i samarbid med hovudstyret i Nordpoll Misjonslag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ljosstraalar, 1965 

Selje kommune, servicekontoret.
Nordpoll Misjonslag, vedtekter for Nordpoll Samlingsheim. 

PERMANENT IDENTIFIKATOR