Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. november 2002

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Språk

Nordsida kyrkje



Nordsida kyrkje er ei arbeidskyrkje i betong som ligg på Roset på nordsida av Nordfjord i Stryn kommune. Kyrkja, som har 220 sitjeplassar, vart vigsla 9. desember 1973 av biskop Per Juvkam. Arkitekt Alf Apelseth frå Ørsta laga teikningane. Fram til 1967 var Nordsida ein del av Innvik sokn i Innvik prestegjeld, men vart då overført til Hornindal. Frå 1. januar 1981 vart Nordsida eige sokn i Hornindal prestegjeld.

Frå den moderne arbeidskyrkja på Nordsida er det eit storslått utsyn over fjorden.

Frå den moderne arbeidskyrkja på Nordsida er det eit storslått utsyn over fjorden.

Eigar: I Jul i Nordfjord 1998.

Datering: 1998.

Fotograf: Alv O. Bergset.

Strid om stadval

Usemje om stadvalet er årsaka til at det tok 50 år, og vel så det, før den delen av nordsidarane som budde på Fjelli, Blakset og i grendene på austsida fekk oppfylt ønskjet sitt om eiga kyrkje. I ettertid er det kanskje ei lita trøyst at då kyrkja endeleg kom opp, vart ho ei av dei finaste arbeidskyrkjene i fylket. Men alle åra med dragkamp kunne nok folk flest gjerne vore utan.

Ikkje lenge etter at nabokyrkja i Randabygda var teken i bruk i 1916, kom fjellarane og blaksetbygdarane saman for å finne ei løysing på stadvalet, men utan å lukkast. Nokre ville ha kyrkja nede ved Blaksetkaia, andre gjekk inn for Ulvedalshøgda. Bergset var foreslått, dessutan Roset og Sølvberg. Det einaste alle var samde om, var at kyrkjevegen over fjorden til Innvik eller Utvik var altfor tungvint og kviasam. Frå gammalt av høyrde folket frå Fjelli til Utvik, medan folket i Blakset og grendene austanfor høyrde til Innvik.

Stiftsdireksjonen fekk bestemme

Fyrst då andre verdskrigen var slutt, skjedde det noko i arbeidet for kyrkja. I 1945 vart utskiftinga av ei utmark på Bergset avslutta. Innvik kyrkje eigde eit skogsområde som fekk ny eigar, og innan ein viss frist kunne kyrkja få lov til å hogge ein del tømmer. Folk i bygdene gjekk saman om ein skikkeleg dugnad og hogg ut tømmer frå Bergeteigen. Tømmeret vart saga opp og lagt på lager. Der låg det i nesten ein mannsalder, medan striden om stadvalet med jamne mellomrom blussa opp att.

Etter kvart vart kyrkjebåtane erstatta med motorbåtar. Det vart lettare enn før å kome seg til kyrkje, sjølv om fjorden i vind og blest var like farleg som han alltid hadde vore. På eit folkemøte på Blakset i 1966 vart det endeleg semje om at stadvalet skulle overlatast til Stiftsdireksjonen. I denne avgjerda låg det vel underforstått at tilrådinga frå rådet, der dåverande biskop Per Juvkam var medlem, skulle følgjast. Møtelyden gav vidare førebuingsnemnda mandat til å halde fram arbeidet med kyrkje på Nordsida. To år seinare, i 1968, låg tilrådinga føre: kyrkjestaden burde bli Roset. Rådet vart teke til følgje i soknerådet og kommunestyret, og same året fekk kommunen også hand om tomta.

Kyrkje på Roset

Året etter vedtok dei folkevalde at det skulle byggjast kyrkje på Roset, men ein føresetnad var at bygdelaga som sokna til kyrkja skulle bidra med pengar og gåver til føremålet. Krinsane sette i gang med basarar og dør-til-dør-aksjonar og bidrog med rundt halvparten av totalkostnaden på 1,2 millionar kr. Då kyrkja endeleg stod ferdig i 1973, var ho nok mykje ulik den dei fyrste forkjemparane på 1920-talet såg føre seg. Bygda hadde fått ei moderne arbeidskyrkje med eit kunstnarleg utforma tårn plassert på eitt av dei flottaste utsiktspunkta over fjorden. Både Nordsida og Randabygda høyrde då til Hornindal prestegjeld. Prestegjelds- og soknegrensene vart endra i 1967. Frå 1. juli i 1981 vart dei to kyrkjelydane skilde ut som eigne sokn, og fekk kyrkje i namnet i staden for kapell.

Moderne arbeidskyrkje

Nordsida kyrkje er av betong, men taket er i tre. Ved sida av kyrkjerommet er der ein møtesal som kan nyttast separat eller saman med det store rommet. Prestesakristiet er plassert framme i det nordvestlege hjørnet av kyrkja, og kjøkenet på vestsida ved inngangen. Kjøkenet gjer også nytte som dåpssakristi. Underetasjen rommar mellom anna toalett og kjellarstove. Tårnet er plassert i eit lite vinkelbygg ut frå kyrkja, det er firkanta og øvste delen liknar fjellformasjonar i området. I dette tilbygget er det også laga til bårerom. Då kyrkja skulle byggjast, vart det ikkje teke omsyn til at ei kyrkje tradisjonelt skal plasserast i aust-vest-retning. Nordsida kyrkje vart bygd etter terrenget, i nord-sør-retning. Det same gjeld nokre av gravfelta på kyrkjegarden like ved.

Bruksområdet til denne arbeidskyrkja er svært allsidig. Ho gjer ikkje berre nytte som kyrkje og bedehus, Nordsida kyrkje er òg i bruk til barnekor, ungdomsaktivitetar og eldretreff. På eit seinare innreia loft over inngangspartiet har soknerådet sine møte. Sjølve kyrkjerommet er forma slik at skiljet mellom prest og kyrkjelyd skal bli minst mogleg.

Inventar

På alteret står to lysestakar i sølv, som er ei gåve frå Innvik kyrkjelyd. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk, laga av R. Hestenes frå Bergen. I tillegg kjem ei brødøskje og ei vinkanne. Preikestolen og døypefonten er i tre, medan dåpsfatet er i tinn. Denne delen av inventaret er frå 1973.
Tilliks med dei to andre kyrkjene i Hornindal prestegjeld, fekk Nordsida nye messehaklar i 1990-åra. Framsida på den moderne, grøne messehakelen syner ein drueklase. Den symboliserer nattverden, men også menneska i form av greiner som ber frukt. Motivet har eit flott fargespel. Messehakelen er teikna av Magne V. Kristiansen og laga av Magnhild Blakset.

Veggteppet er frå 1983 er teikna av Johanna Nygjerd og laga av kyrkjelydsmedlemmer. Det illustrerer barnet som syner veg: "Vegen mot krossen". Biletet frå 1977 er eit relieff i tre, laga av Rolf Taraldset. Det illustrerer "Jesus i Getsemane".

Orgelet er frå 1974 og har ni stemmer. Her er to kyrkjeklokker, den store klokka frå 1970 er levert av O. Olsen & Søns Klokkestøperi i Tønsberg. Den har innskrifta: "Fred. Ring med fryd over fjell og fjord om gleda frå Gud som kom til vår jord." Den minste klokka frå 1978 har innskrifta: "Glede. Av Guds nåde til Guds ære."

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Bergset, Alv O.: Nordsida kapell på Roset. Artikkel i Jul i Nordfjord 1975. Sandane 1975.
Bergset, Alv O.: Nordsida kyrkje - 25 år. Artikkel i Jul i Nordfjord 1998. Sandane 1998.