Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. desember 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bedehuset Betania - sentralt i Eidsgata



Bedehuset Betania i Eidsgata har blitt vigsla to gonger, fyrst då det stod ferdig i 1905, deretter i 1989 etter ei omfattande ombygging. Betania har alltid vore nytta til mange andre tilstellingar enn tradisjonell møteverksemd.

Bedehuset Betania, bygd 1905 og påbygd i 1988. Me ser bedehusstyret 1999 med formannen Kåre Nils Os til venstre, vidare: Anne Lise Vedvik, Aud Berstad, Jenny Skipenes, Henrik Stokkenes og Magne Øyra.

Bedehuset Betania, bygd 1905 og påbygd i 1988. Me ser bedehusstyret 1999 med formannen Kåre Nils Os til venstre, vidare: Anne Lise Vedvik, Aud Berstad, Jenny Skipenes, Henrik Stokkenes og Magne Øyra.

Eigar: I Eid kyrkje 150 år.

Datering: 1999.

Fotograf: Lars Lunde.

Betania 100 år

Søndag 30. oktober 2005 heldt Normisjon fest i Betania for å feira at bedehuset runda 100 år. Det var ein gild fest med godt oppmøte, lang matøkt, helsingar og mykje sang og musikk. Kåre Nils Os fortalde frå soga om huset.

Eid indremisjonsforeining, skipa i 1879, kjøpte tomt hjå enkefru Boalth i 1901. Den utskilde parsellen fekk namnet Betania og kjøpesummen var 1000 kroner. I 1902 valde dei ei nemnd til å samla inn pengar. Dei sende innsamlingslister vidt omkring, jamvel til Amerika. Same hausten var det kome inn så mykje pengar at dei kunne slutta kontrakt med byggmeister Anders Karlsen på kr. 3211,44. Eit vilkår var at huset skulle stå ferdig til militærøvingane byrja i mai 1905.

Formann i byggjenemnda var sokneprest Høeg, men han reiste frå Eid før huset var ferdig. I hans stad vart lærar Anders Hjelle vald til formann. Samuel Osnes var tilsynsmann medan byggearbeidet stod på.

Vigslinga

Bedehuset Betania, eller "Nordfjordeids soldaterhjem" som huset óg vart kalla dei første åra, var høgtidleg opna søndag 4 juni 1905. "Det vakre og rummelige lokale var fuldt til trængsel af soldater og civile", skreiv Fjordenes Blad. Det var talar av pastor Nistad, kaptein Sundby og redaktør Aasvejen. Aasvejen hadde ord frå Grundtvig som tekst: "Saa tal nu sandt om smaat og stort .."

Den øvste militær sjefen, oberst Müller, hadde ikkje høve til å vera tilstades. Han sende telegram som dei las opp på festen:

"Beklager ikke personlig at kunne overvære aabningen. Sender oprigtigt ønske om held for soldaterhjemmets virksomhed."

Variert verksemd

Møteboka for bedehusstyret fortel om kva huset skulle og kunne brukast til. Fram gjennom åra finn me nemnt bibellesingar, "opbyggelser" og misjonsmøte, - vidare basarar, kvinneforeiningar, konfirmantlesing (-førebuing), søndagsskule, ungdomsmøte, songøving, fråhaldsmøte og anna.

Militæret var ein pådrivar for å få huset bygt. Det kunne til sine tider vera over 1000 soldatar på Eid og dei trong eit velferdshus. I det nye "soldaterhjemmet" kunne dei gå på kafé og leseværelse, øva i militærmusikken og levera brev i posten. Betania var i bruk som militært velferdshus til kring 1920.

Under fyrste verdskrigen (1914-1918) vart bedehuset rekvirert til bruk for det kommunale provianteringsrådet. Kommunen trong lager til mjøl og sukker. Somme i ungdomsforeininga var ikkje heilt nøgde med dette, noko som kjem fram i ei protestvise. Fyrste verset går slik:

Der vi før var til huse,
og møterne holdt,
avlåst nu er, med Jern og Bolt.
Der er stuvende fullt
av sukker og mel.
Der er ikke plas for
en levende Sjel.

Målsak

Som alt fortalt ga bedehuset Betania i Eidsgata rom for meir mangfaldig aktivitet enn det som var vanleg for bedehus fyrst på 1900-talet. Eit talande døme på dette er eit ungdomsmøte i desember 1905. Det var fullt hus med ungdomar og eldre, både frå ungdomslaget og ungdomsforeininga (KFUM). Etter at misjonsprest Vig hadde gjeve ei skildring av misjonsarbeidet på Madagaskar, stod målsaka på programmet. Olaf Ous innleidde til ordskifte om arbeidet med å få Blix-salmane innførde i kyrkjene i Eid. Han meinte tida nå var komen, og at arbeidet måtte takast opp med ein gong.

Det vart eit livleg ordskifte. "Kona" Samuline Stokkenes sa klårt frå at når ungdommen no ville få desse fagre salmane sungne i Guds hus, så burde ikkje dei eldre vera til hinder. "Dei er paa vaart eige morsmål", sa Samuline Stokkenes, " og ingi magt i verdi kan verka soleis paa dei unge hjarto som mors maal og mors røyst". Samrøystes valde møtet ei nemnd til å ta opp arbeidet med saka, lærarane Hjelle og Roti og kyrkjesongar Myklebust.

Resultatet let ikkje venta på seg. Ved avrøystinga i Eid 22. april 1906 røysta 173 for innføring av Blixsalmane. Berre 6 røysta mot.

Påbygg og utvidingar

I 1970 kom det nye helseforskrifter som gjorde det nødvendig å byggja om. Vedhuset og den gamle utedoen vart riven, og huset fekk eit påbygg mot nord med toalett og garderobar. I 1980 vart huset pussa opp, mellom anna med panel og nye vindauge. Samstundes vart det lagt planar for eit større tilbygg vestover. Kåre Nils Os var leiar for byggjenemnda denne gongen. Det "nye" Betania stod ferdig hausten 1988, og det vart halde vigslingsfest 7. mai 1989.

Midt i Eidsgata

Bedehuset har ei heilt sentral plassering i Eidagata, og er framleis mykje nytta til andre tilskipingar enn tradisjonell møteverksemd. Såleis nyttar Eidamessa huset, lag og grupper har samlingar i salongen, og det vert halde konfirmasjonslag og andre familiesamlingar. Huset er godt utstyrt og vedlikehalde.

kjelder:

Fjordenes Blad. Fjordabladet. 07.06.,13.12.1905, 05.11.2005.
Eid kyrkje 150 år. 1999.
Opplysningar frå:
Kåre Nils Os, Eid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR