Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. april 2010

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Grønlands apostel - medarbeidar fødd i Leikanger



Hans Egede - Grønlands apostel - reiste til Grønland i 1721 og var der til 1736. Gjennom heile perioden hadde han medarbeidarar i kortare eller lengre tid. Ein av dei var fødd i Leikanger; Albert Nilsson Top. Han var misjonsprest på Grønland i fire år.

<p>Garden Holum i Leikanger 2010. Det store kvite huset til h&oslash;gre i biletet &nbsp;var det siste skulehuset i krinsen. Etter bygdeboka for Leikanger, budde klokkar Top og familien hans her p&aring; garden Holum d&aring; Albert Top vart f&oslash;dd i 1697.</p>

Garden Holum i Leikanger 2010. Det store kvite huset til høgre i biletet  var det siste skulehuset i krinsen. Etter bygdeboka for Leikanger, budde klokkar Top og familien hans her på garden Holum då Albert Top vart fødd i 1697.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Barndom
Fleire trykte kjelder har personalia om Albert Top. Tre av dei er: Norsk Misjonsleksikon, Åfjord kirke 100 år og Nordmænd paa Grønland 1721-1814. Det står lite om barndommen.

Norsk Misjonsleksikon opplyser at Albert Top var fødd i Leikanger i Sogn 4. mars 1697 og var son til klokkar ”Nils Albertsen og hustru”.

Bygdeboka for Leikanger har litt meir. Far til Albert Top, Nils Albriktsson Top, fødd 1663, var klokkar og budde på garden Holum. Han var gift, men namnet til kona er ikkje kome med. Klokkar Top står oppførd med tre born; 1) Albrikt (Albert), fødd 1697, 2) Peder, fødd 1700, og 3) Johanne, gift 1727 med Nils Botolvson Grinde. Nils Botolvson gifte seg 2. gong i 1729, og første barnet hans i 2. ekteskapet vart fødd i 1731. Det ser såleis ut til at Johanne døydde før 1729 og at ho var barnlaus. Kanskje døydde ho på barselseng?

I kyrkjeboka for sokneprestembetet i Leikanger går det fram at mor til Albert Top heitte Maritha og var frå Luster. Under år 1697 står innført:

"Albrect Niels. Klocheri Søn [klokkarson], Maritha Hansd.[?] Lyster, bapt.[døypt]

Ekteskap og familie
Albert Top blei gift i Bergen 17. juni 1728 med Anna Kristine Ruus, dotter til residerande kapellan Ruus i Os prestegjeld. Dei fekk åtte born. Berre dottera Maren voks opp.

Utdanning
Albert Top var elev ved Bergens Katedralskule og tok examen artium ved universitetet i København i 1717 og 2. eksamen året etter. I 1720 avla han teologisk embetseksamen.

Arbeid
Etter avslutta studium i København kom Top tilbake til heimlandet og vart huslærar hjå sokneprest Weenwich i Voss. I åra 1723-1727 var han misjonsprest på Grønland og nær medarbeidar til Hans Egede. Då han kom tilbake frå Grønland, søkte han prestekall på Tingvoll, men vart i 1728 utnemnd til sokneprest i Åfjord, Sør Trøndelag. I 1742 vart han utnemnd til residerande kapellan i Nykirken i Bergen, men døydde før meldinga om utnemninga nådde fram.

 Grønland
Albert Top må ha kjent godt til Hans Egede og pioner-misjonsarbeidet hans på Grønland. For då det nyskipa grønlandske handelskompaniet (som var ein viktig del av misjonsprosjektet), i 1722 søkte etter ein medarbeidar til Hans Egede, melde Top seg. Han fekk kallsbrev frå handelskompaniet og vart presteordinert i Bergen 1723, same året som han reiste til Grønland. Top var då 26 år gammal.
 

Albert Top blei ein god medarbeidar for Egede, først i Haabets Colonie, seinare i kolonien Nepisene. Egede rosa han for å vera flittig, "tro og rettsindig i sitt kall." Ikkje minst kom det til nytte at Top hadde særs gode språkevner. Alt i 1724 førelåg manuskriptet Begyndelseselmenter til en christelige Kundskab for de grønlandske Catechumener. Manuskriptet var eit resultat av godt samarbeid mellom Top og Egede. Top utarbeidde også manuskriptet Relation om Grønlændernes brugelige Sprog.

 

Trangt om plassen
Bustadtilhøva for Hans Egede og medarbeidarane hans var heller kummerlege. Ei skildring i H. Ostermann si bok Nordmænd på Grønland 1721-1814, handlar om husværet deira den første tida.

”Kolonihuset var i seg selv meget innskrenket, og inneholdt kun tre stuer, hvorav den ene var Egede-familiens bolig, den andre bokholderens, assistentens og fleres, og den tredje mannskapets. Der var således ingen plass til den nye misjonær, hvorfor der ble avskildret et avlukke, dels av bokholderens, dels av mannskapets stue. Dette utgjorde det lille kammer, hvorudi velærverdige Hr. Top opholdtes."

Heimatt
Albert Top arbeidde på Grønland i fire år. Han reiste først til Kristiania der han møtte for ein kommisjon nedsett av statthaldar D.v. Vibe og biskop B. Deichmann. Top orienterte dei høge herrane om misjonsarbeidet på Grønland. Deretter reiste han til København for å søkja nytt presteembete.

Gravferdstale som bok
Albert Top kom til Åfjord i 1728 og vart prest der i 14 år. Han døydde der 30. oktober 1742.  Albert Top må ha vore ein avhalden prest i Åfjord. I gravferda heldt sokneprest Barkow ein gravferdstale som seinare kom ut som bok. Merkeleg nok står det ingen ting om Top sitt Grønland-prosjekt i gravferdstalen.

kjelder:

Norsk Misjonsleksikon.
Åfjorden kirke 100 år 1879-1979.
Ostermann, H: Nordmænd paa Grønland 1721-1814. 1904
Digitalarkivet: Sognepresten i Leikanger, ministerialbok