Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Eit eldre gravfelt og ei grav ved Frøya kyrkje



Bremanger kommune har eit stykke kyrkjegard som er verd å ta vare på. Det ligg på sørsida av Frøya kyrkje og er ein del av kyrkjegarden rundt kyrkja. Årstala på gravminna viser at dette feltet var i bruk først på 1900-talet. Det spesielle er at den vesle teigen av kyrkjegarden ikkje er blitt jamna og planert.

<p>Det gamle gravfeltet p&aring; s&oslash;rsida av Fr&oslash;ya kyrkje.&nbsp;</p>

Det gamle gravfeltet på sørsida av Frøya kyrkje. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Steven Kleppa

Kulturlandskap

Kyrkjegardane og gravstadene er ein del av kulturlandskapet vårt. Kvar einskild og alle sett under eitt gjev tidspersepktiv, og dei aller fleste er i stadig endring. Nye graver kjem til, eldre graver blir sletta. Einskilde graver i eldre gravfelt blir nytta opp att, og det har hendt, og hender, at heile eldre felt blir jamna og teke i bruk på nytt. Eldre gravminne ser annleis ut enn dagens. Ei tid var det vanleg å ha karmar ved sjølve gravsteinen. Det er ikkje lov lenger. Karmane kjem i vegen for grasklypparen.

Reisemål

Det vesle området ved Frøya kyrkje er eit interessant reisemål. Det viser korleis kyrkjegarden her såg ut først på 1900-talet. Mange graver er markerte med karmar, somme graver berre med tuver. Nokre graver er utan gravminne av noko slag, andre har enkle gravminne, somme meir påkosta. Innskriftene seier sitt; - namn (førenamn og etternamn), datoar og år for når livet tok til og var slutt, av og til ord som viser familiær relasjon, og farvelord, minneord. Somme av innskriftene er ikkje heilt lette å lesa, fordi år og dag har tært på bergarten eller mikorganismar, lav og mose, har grodd innpå, av og til heilt over.

Frå Kvefjord

På fleire av gravsteinane stårt det yrkestittel, ei opplysning til ettertida om kven den gravlagde var. På ein gravstein, der det heilt tydeleg ikkje er nokon som plantar og steller, og der skrifta ikkje er lett å lesa, står det ”Emiser”. Førenamnet verkar framandvore, ”Eberg”, etternamnet meir vanleg, ”Johansen”. Den døde kom frå ein annan stad i landet,  

EMISER
EBERG
I [J] JOHANSEN
KVEFJORD
FODT – 19-11-1898
DOD – 24-2-1921
HAN ER IKKE DØD
MEN HAN SOVER

I undring

Eg stoggar ei stund og undrar meg. Ein nordfrå, ”emiser”, forkynnar, i sjømannsmisjonen, indremisjonen, frimisjonen? Berre ungdommen, kva skjedde? Kven reiste gravminnet? Eg tek bilete og noterer. Innskrifta gjev nokre spor. 

Folketeljingar

Eg finn Eberg i Folketeljinga 1900. Han er to år, fødd 1898 i Dverberg, son til fiskar Johan Martinussen, fødd 1844 og Mathilde Eilertsen, ho ”forestaar Huset”, er husmor. Eberg har to eldre brør, Emil, fødd 1890 og Hjalmar fødd 1892. Familien er busett i Kvæfjord kommune i Troms: Dei bur på Grashollen, gnr, 45, bnr. 3. 

I folketeljinga ti år seinare finn eg Eberg som fosterson hjå Ingeborg Jakobsen, husmor og ”Gaardbrukerske”. Eberg bur framleis i Kvæfjord kommune, men no på garden Vik, gnr. 48, bnr. 8.

Fleire spørsmål

Det har skjedd noko. Andre har måtta ta seg av Eberg. Han er 12 år. Kva skjedde vidare? Kva var det som gjorde at Eberg Johansen blei emissær? Han må ha hatt gode talegåver. Kan henda kome med i ei vekking, blitt aktiv i ein kristen organisasjon, fått kall til å reisa med Guds Ord. Einkvan på Bremanger må ha teke imot han, gjeve han hus, kven? Men så var livet hans slutt. Ein dag i 1921 fekk han si grav ved Frøya kyrkje i Bremanger kommune. Kom han ut for ei ulukke? Han var berre 23 år. 

Eg vende meg til kyrkjeadministrasjonen i Bremanger, ba dei sjå etter i kyrkjeboka. Eberg Johansen døydde 27. februar og vart gravlagd 4. mars 1921. Dødsårsaka var ”Tæring”. Tuberkulose. Ikkje så reint få på den tida som døydde av tæring.

Med dette stoggar eg. Eg kunne ha gått til andre kjelder, og etter kvart funne ut meir om ein ungdom frå Kvæfjord eg ”møtte” på kyrkjegarden ved Frøya kyrkje. Men det får vera til ein annan gong, eller av ein annan. Eg fekk i det minste vist at kyrkjegardane er ei kjelde til personalhistorie.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Riksarkivaren, Digitalarkivet, Folketeljingar, 1900, 1910.
Informasjon frå:
Bremanger kommune, kyrkjekontoret, 2009 

PERMANENT IDENTIFIKATOR