Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Talkmølla i Framfjorden



I Framfjorden var det rike førekomstar av talk, og i 1907 tok dei til med talkproduksjon i bygda. I 1984 tok førekomstane slutt, og eventuell utvinning må heretter skje i Stølsheimen.

Talkmølla i Framfjorden. Det føregår bygging ved mølla og utpå fjorden ligg ein båt. I huset attmed mølla budde fyrst fabrikkeigar Wilhelm Blauw, sidan Jacob Kjøde. Blauw var ein gründartype som var engasjert i mange industriprosjekt. Etter at Blauw gjekk konkurs i 1925, var det Jacob Kjøde som overtok og dreiv mølla vidare. Ei tid var der 60 arbeidsplassar, medan det i 2000 berre arbeider 3-4 mann ved mølla.

Talkmølla i Framfjorden. Det føregår bygging ved mølla og utpå fjorden ligg ein båt. I huset attmed mølla budde fyrst fabrikkeigar Wilhelm Blauw, sidan Jacob Kjøde. Blauw var ein gründartype som var engasjert i mange industriprosjekt. Etter at Blauw gjekk konkurs i 1925, var det Jacob Kjøde som overtok og dreiv mølla vidare. Ei tid var der 60 arbeidsplassar, medan det i 2000 berre arbeider 3-4 mann ved mølla.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-93088.0025

Datering: 1920-25.

Fotograf: Ukjend.

Starten

D. W. Blauw kom til Framfjorden fyrste gong i 1905, då dreiv han som oppkjøpar av vassdrag og fallrettar. Fosse-Blauw, som han vart kalla, var og svært interessert i bergverk og industri. I Framfjorden fekk han kjennskap til at der var førekomstar av talk og kleber, og dette vart han straks interessert i. Talk er så mjukt at det kan ripast med neglene og vert nytta som fyllstoff i maling, papir, plast og gummivarer.

Mineral & Kraft A/S

Blauw tok med seg prøver av talken og fekk dei analysert. Resultata var oppmuntrande. Blauw kom attende til Framfjorden i 1907, sikra seg rettane til mineralførekomstane på Lee og tok til med prøveformaling av talken. Snart var firmaet Mineral & Kraft A/S i gang med gruvedrift og talkmølle. Blauw bygde i 1911 eige kraftverk i Dalselvi med eit aggregat på 176 kW, det gav kraft til mølla og til allmenn forsyning i Framfjorden.

Arbeidsplassar, løn

Gruvedrifta og arbeidet på sjølve mølla gav arbeid til mange. Truleg var ein oppe i 100 personar i arbeid ei tid. Blauw betalte godt, 21 kr. i veka var eventyrleg når ein dreng på ein gard hadde 5-7 kr. for veka.
Det var ein del prøving og feiling i starten, men etterkvart gjekk det bra. Framfjordproduktet var etterspurt.
Blauw engasjerte seg i tiltak andre stader og, m.a. i ei talkgruve i Porsmyr i Hardanger, torvfabrikk i Fjaler, trålfiske og andre prosjekt.

Brann i 1925

Det heile gjekk bra til den 13. mai 1925, då tok det fyr i mølla, og bygningane brann ned. Etter dette gjekk bedrifta konkurs, det same galdt for andre verksemder eigd av D. W. Blauw. Drifta i Framfjorden låg nede til 1927, då skipsreiar Jacob Kjøde i Bergen kjøpte anlegga med bergrettar. Han bygde nytt kraftverk, taubane, og ny moderne mølle og kaianlegg.
I 1928 var det på ny full drift og aktivitet i Framfjorden, og firmanamnet vart A/S Framfjord Talcmill. I ein 30-års periode framover var det gode tider i Framfjorden med ca. 60 mann i arbeid.

Førekomstane tok slutt

I 1956 var førekomstane på Lee utdrivne, og det minka sterkt på reservane i gruvene på Dale. For å halda hjula i gong, fekk ein råstoff frå ei gruve i Altermark i Mo i Rana. I 1960 fann ein så ein ny førekomst på Dale, Ståpelskår-førekomsten. Mølleanlegget vart fornya i åra 1966-69. Gruvedrifta vart og modernisert. Talet på tilsette gjekk ned til 24 med ein årsproduksjon på ca. 15 000 tonn.
I 1984 tok Ståpelskår-førekomstane slutt, ein måtte på ny få råstoff frå Mo i Rana. Etter den tid har det vore prøvedrift frå Raudberg i Stølsheimen. Men framtida for bedrifta er i 2000 ikkje avklara.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bakke, Stig: Talkforekomstene i Raudbergfeltet. Kopi av artikkel ved Vik Lokalhistoriske Arkiv. Ukjent opphav.
Lee, Gunnar: Gruve og mølledrift i Framfjorden. I Pridlao, nr. 1, 1989. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Talkumindustrien i Framfjord. I avisa Sognefjord. Vik i Sogn 1913. Talkfabrikken i Arnefjord. I Sogningen. Leikanger 1914.
Vik Lokalhistoriske Arkiv:
Arkiv etter A/S Framfjord Talcmill.

PERMANENT IDENTIFIKATOR