Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. mars 2015

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Då hurtigruteskipet ds «Haakon VII» forliste i 1929



Hausten 1929 grunnstøytte DS «Haakon VII» ved Stavenes i Sogn og Fjordane. 18 menneskeliv miste livet, og båten vart seinare kondemnert. Denne artikkelen er ei oppsummering av hendinga med avisene i Sogn og Fjordane som kjelde.

<p>DS &laquo;Haakon VII, forlis ved Askvoll 1929. I s&oslash;rg&aring;ande rute grunnst&oslash;ytte DS &laquo;Haakon VII&raquo; p&aring; Melsholmen ved Stavenes om kvelden, 6. oktober 1929, ca kl. 22.30.  I l&oslash;pet av 3-4  minutt fekk skipet sterk slagside og sokk slik at berre baugpartiet og lutt av midskipsoverbygget stod over vatn. 18 menneske omkom. Dette biletet stod i Firda Folkeblad, 15. oktober 1929.</p>

DS «Haakon VII, forlis ved Askvoll 1929. I sørgåande rute grunnstøytte DS «Haakon VII» på Melsholmen ved Stavenes om kvelden, 6. oktober 1929, ca kl. 22.30. I løpet av 3-4 minutt fekk skipet sterk slagside og sokk slik at berre baugpartiet og lutt av midskipsoverbygget stod over vatn. 18 menneske omkom. Dette biletet stod i Firda Folkeblad, 15. oktober 1929.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 07.10 – 14.10.1929

Fotograf: Ukjent

Tid og stad

DS «Haakon VII» var i sørgåande rute då båten grunnstøytte ved Melsholmen sør i Stavfjorden, søndag 6. oktober 1929, om kvelden, ca klokka 22.30. Melsholmen ligg ca 1,8 km sørvest frå Stavenes fyr. Skipsleia går på austsida. Eit lite nes nord på holmen dannar eit skjer på flo sjø.

Vêr og straum

Ulukka hende i oktober, seint om kvelden, og det var svært mørkt. Alle avisene har opplysningar om korleis vêret var, men dei er ikkje heilt samstemnde. Følgjande opplysningar om vêrtilhøva kom fram i sjøretten: «det var upplett daa ulukka hende», «sterk straum austantil» (kapteinen), «det var heilt fyrlyst» (eit vitne i sjøforklaringa), «siktbart veir med stiv sydvestleg kuling med sterk straum (frå sjørett «Arnfinn jarl», i same farvatn, same kvelden).

Nokre utsegner i avisene, ordna etter kor «ruske» veret var: «veiret var klart og sigtbart, men det blåste noksaa sterkt», «noko disigt vêr og sterk straum», «ikkje meir disigt enn at dei såg fyrane», «regntykke og opprørt hav», «stiv sydvestlig kuling med svær sjø og regnbyger», «baade myrkt og rasande storm», «sterk storm og stygge regnkavar», «storm og myrker», «storm og regntjukt», «høi sjø».

Styrde «etter kursboki»

«Haakon VII» navigerte sørover frå Florø i den vanlege skipsleia. Avisa Firda refererte frå kapteinen si forklaring i sjøretten. Kapteinen viste til «journalen».

«Dei styrde sud leidi som vanleg etter kursboki. Kursane var kontrollera ved mange høve. Kursen frå Stavenes vart lagd s.sv ½ v. Både los og kaptein såg etter blank sektor, men då den ikkje kom, tala dei um å leggja kursen meir sud. So med eitt ser losen land forut og ropa til kapteinen som treiv maskintelegrafen for å slå full fart atteryver. Med same støytte skipet (…)»

Sokk og fekk slagside

Båten støytte for full fart, ca 12 knop, og rende baugen opp på land. Folk hadde svært kort tid til å berga seg, og mange blei skadde. I løpet av tre til fem minutt krengde båten over til styrbord side med nesten 90 grader slagside, og sokk med akterskipet først, slik at berre baugpartiet og noko av midskipsoverbygningen låg over vatn. Lyset gjekk straks etter, noko som gjorde at folk måtte famla seg fram i mørke.

Det var lettast å berga seg for reisande på 3. plass. Dei heldt til framme og kom seg opp på bakken, øvste dekket forut. For folk midskips var det verre, men aller verst var det for passasjerane på 1. plass som heldt til på akterskipet. Nokre kom seg ikkje av lugarane sine.

Overlevande på framdekket og holmen

Ved hjelp av ei line greidde mange å koma seg frå borde og ned på holmen, medan andre held seg fast framme på vraket. Først etter vel fire timar kom hjelpa; oslo-dampskipet «San Lucar» på veg nordover i leia. Båten kom bort til havaristaden og sette ut båt. Båten gjorde fem turar for å få alle om bord. For somme var det i siste liten. «San Lucar» heldt fram nordover og kom fram til Florø ca 07.30.

«Vi hjalp hverandre saa godt vi kunde»

Kjøpmann Myklebust var ein av passasjerane. «Firda Folkeblad» snakka med han og refererte kva han fortalde:

«Jeg hadde allerede lagt mig og var sovnet, fortæller han. Jeg ble vækket av det voldsomme støt da skibet gik paa grund. Jeg sprang ut i mit nattøi, fik bare tak i frakken og jakken idet jeg løp. Min lugar laa paa underste dæk. Ute i gangen traf jeg paa et gammelt ektepar. (…)

Jeg løp op for at se om der var nogen øieblikkelig fare paa færde. Da krænget skibet efterhvert sterkt over, og for at komme mig op maate jeg hale mig op efter trappegelænderet og nærmest gaa paa selve væggen. I øverste trap traf jeg en av pikene om bord. Hun hadde litet klær paa sig, og hun fik min frak. De to gamle nede i lugaren var det ikke tale om at redde. Vandet fosset allerede ind i skibet.

Fremme paa bakken firte vi os ned (…). Folkene paa holmen hadde litet klær paa sig. (…) det var nok mange som frøs i i det sure veir. De fleste hadde været i vandet og var vaate. Vi hjalp hverandre saa godt vi kunde og holdt da motet oppe til «San Lucar» kom.

«hala ein for ein upp»

Fleire fekk rosande omtale for innsats med å hjelpa andre. «Serleg lovord faar konsul D. Huun. Daa skipet byrja å leggja seg over paa sida, opna han salongdøri. Hadde ikkje døri vorte opna, vilde mange ferdafolk vore fanga (…). No lukkast det konsul Huun aa hala ein for ein upp (…).

«beste bergingsmannen»

Firda Folkeblad refererte frå sjøforklaringa, som vart halden i Florø 10. oktober. Om båtsmann Anders Andersen står det:

«Baatsmann Anders Andersen vart nemnd som den djervaste bergingsmann i denne ulukkelege natt. Han fortalde og eitt og anna um dette. Det var han som delte ut livbelte til alle som var paa baaten eller andre stader. Han var det og som fyrst sleppte seg ut utfyre baugen og symde i land med lina. Han fortalde alt so liketil, utan aa pynta paa det, men ein kann trygt segja at han berga mange menneskjeliv»

(Anders Andersen vart tildelt «Medaljen for edel dåd». Medalja er ei utmerking for redningsdåd, oppretta i 1885.)

Helsingar

«San Lucar» kom til Florø, ca klokka 07.30, og alle dei 55 overlevande blei tekne hand om på beste måte. Ei tid etter kom det takkehelsingar til Firda Folkeblad.

Frå mannskap: «Undertegnede av mannskapet fra «Haakon VII» takker herved for god forpleining under opholdet paa Florø, specielt Florø Hotel og apoteker Pedersen, og ellers takk til Florø befolkning. Trygve Skjeldstad, Waldemar Hagh, Rolf Yttereng, Helge Havig, Aage Lysø, Arne Jacobsen, Godtlef Husmo»

Frå passasjerar: «Vi vil gjerne faa lov aa takke for den varme mottakelse og udmerkede behandling som er vist os paa Florø Hotel under vort ophold her.»

Omkomne

Avisene oppgav først usikre tal på omkomne. «40 mennesker befrygtes omkommet» melde Fjordenes Tidende dagen etter forliset, måndag 7. oktober. Den 11. oktober melde Firda Folkeblad om 18 omkomne, med ei liste frå reiarlaget som kjelde; 9 passasjerar og 9 av mannskapet.

«Passasjerar:
Fotograf Nilsen, Bergen.
Henrik Olsen, Bergen.
Max Appel, Mandal.
Fru Blichfeldt, Aalesund.
Fru Ester Olsen, Aalesund.
Torvald Larsen, Bergen.
Magnus Heldal, Bergen.
Smed Strand og
fru Strand, Ålesund.

Mannskap:
3dje mask. Alfr. Knudsen, Trondhjem
Kok W. Gustavson, Bergen
Pike Hanna Magnussen, Sandnessjøen.
Pike Selma Walstrøm, Bodø.
Pike Borghild Sørli, T.hjem.
Koksmat Henry Berg, T.hjem.
Fyrbøter Egil Larsen, T.hjem
Tjener Karl Ottem, T.hjem
Pike Amalie Myhre, Tromsø.»

Kva var årsaka til forliset?

«Grunnen til ulukka med «Haakon VII» var straumdraget.» Det var overskrifta på Firda Folkeblad sitt stykke etter sjøretten som vart halden i Florø, torsdag 10. oktober. Avisa refererte til kapteinen: «Um grunnen til forliset sa han at det maate vera den sterke straumen austantil» (som var årsak til at kursen låg lenger vest enn dei trudde). Dessutan la kapteinen til at det kanskje var «det disige vêr» som gjorde at Stavenes-fyret «saag ut til aa vera større og nærare enn verkeleg.»

Overlosen kritiserte losen for at han ikkje hadde teke omsyn til den nye fyrlykta på Trefotskjeret i leia nord om Stavenes. Losen avviste dette. Med røynsle frå denne leia i 13 år kjende han seg trygg på noteringane båten hadde for dette farvatnet.

kjelder:

Avisene Firda Folkeblad, Fjordenes Tidende, Firda, Sogningen, Sogns Avis, Sogns Tidend, Fjordabladet, Firda Tidend. Fleire nummer, oktober 1929.
Bakka jr., Dag: Livslinje og eventyrreise. Historien om Hurtigruten. 2011