Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Einar Bakkane



Einar Bakkane vaks opp i Solheimsdalen som då høyrde til Naustdal kommune, og fekk si første opplæring på fele i 8-9-årsalderen. Han fekk lære slåttar av Valton Torvik, og var ein flink og etterspurd spelemann.

Einar Bakkane (1907-1973)

Einar Bakkane (1907-1973)

Lærde hjå Valton Torvik

Einar Bakkane var fleire år dreng hjå Valton Torvik i Ervik. Torvik var frå Møre og Romsdal, og var ein dugande spelemann som Einar lærde både slåttar og notar av. Bakkane var særskild kjend for god dansetakt og driv i slåttane. På garden hos Valton Torvik var det både smie og gardssag. Dette la grunnlaget for yrket hans, smed og røyrleggjar. Men berre 21 år gamal fekk Einar øydelagt venstre peikefingeren på saga, og vart borte frå felespelet i mange år. Men etter ei tid tok han opp att felespelet. Han greidde etter kvart å utvikle ein god teknikk på venstrehanda og vart ein etterspurd dansespelemann.

Med på kappleikar

Einar Bakkane var med på fleire kappleikar. Han var med å skipe Indre Sunnfjord spelemannslag i 1968, og var den fyrste musikalske leiaren i laget. Seinare var han medlem og leiar av Naustedalen spelemannslag.

kjelder:

Kjelde:
Indre Sunnfjord spelemannslag: På fest i Jølster (1987)

PERMANENT IDENTIFIKATOR