Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. mars 2015

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Fylkesbaatane – DS Kommandøren 50 år



Sommaren 1941 runda DS «Kommandøren» 50 år. «Kommandøren» var i fleire år flaggskipet til fylkesreiarlaget, bygd 1890/1891 som svar på konkurranse-båten «Jotunheim» på ruta Bergen – Sogn. Redaktør i avisa Sogn og Fjordane, Ivar Tveit, hadde barndomsminne om denne «stasbåten». Han skreiv 50-års-omtale.

<p>DS &laquo;Kommand&oslash;ren&raquo; 50 &aring;r, 1941. &laquo;Kommand&oslash;ren&raquo;, bygd 1890/1891, slik han s&aring;g ut i mange &aring;r. Ivar Tveit hugsa b&aring;ten d&aring; han var ny og tevla med Sogn Dampskibsselskab sin b&aring;t, ds &laquo;Jotunheim&raquo;</p>

DS «Kommandøren» 50 år, 1941. «Kommandøren», bygd 1890/1891, slik han såg ut i mange år. Ivar Tveit hugsa båten då han var ny og tevla med Sogn Dampskibsselskab sin båt, ds «Jotunheim»

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Kring 1900

Fotograf: Ukjent

Om Ivar Tveit i fylkesleksikon

50-årsomtalen stod i avisa Sogn og Fjordane 24. juni 1941. Her er stykket attgjeve slik det stod i avisa bortsett frå mellomtitlane. Men først biografiske opplysningar om forfattaren, henta frå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon.

Ivar Tveit (1880-1952) frå Bøfjorden (Hyllestad kommune, fødd på garden Tveit), busett i Leikanger. Lærar, avisutgjevar og redaktør. Utdanna lærar. Han var redaktør i avisa «Velgeren» på Gjøvik før han ca. 1925 vart første redaktøren i Sogns Avis i Vik.

Tveit starta sjølv i 1932 avisa Sogn på Leikanger. Frå 1936 vart denne avisa kalla Sogn og Fjordane. Tveit måtte rømme til Sverige under andre verdskrigen, men kom tilbake til Leikanger og styrde avisa til 1947, då Einar Svartefoss tok over som redaktør og aviseigar.

«hard tevling»

Den populære fylkesbåten «Kommandøren» er 50 år denne sommaren. Han vart bygd ved Akers mek. Verkstad i Oslo og sett i fart på Sogn sommaren 1891. I desse åra hadde Fylkesbåtane ei hard tevling med dampskipet «Jotunheim», sett i rute på Sogn av Sogns Dampskibsselskab. Det er den farlegaste tevlinga Fylkesbåtane har hatt å strida med, det var jamvel dei som ville leggja drifta ned. Men andre stod fast, og så vart det til bygging av ein stor, moderne og snøggbåt, større, betre og raskare enn «Jotunheim». Og dei sette «Kommandøren» i rute jamsides med den ubedne gjesten, sette fraktene storleg ned og tevla såleis Sogns dampskipsselskap over ende.

«i røyk og damp»

Eg var smågut den gongen, men enda kan eg minnast den harde striden. Når eg gjætte oppe på fjellet heime [på garden Tveit], kunne eg sjå så vidt ikring, hadde utsyn over ytste Sognefjorden og Sognesjøen med. Og dei dagane tevlingsbåtane var ventande frå Bergen, hadde eg augo vel med meg. Jau, der kom «Kommandøren» framom Sygnefest – i røyk og damp, som det står i den danske kongesongen; og på lag ein halv time etter kom «Jotunheim», så mykje skilde dei på farten, enda han fyra bra opp han og.

[Merknad: Kong Christian stod ved høien mast / i røg og damp ..]

«turistbåten på Sogn»

«Jotunheim» vart seld til Møre. Og «Kommandøren» vart turistbåten på Sogn om somrane. Han hadde ein fart så stor at ha gjekk frå Bergen til Vadheim på 6 ½ time. Desse turistrutene er dei beste som Sogn nokon gong har hatt, dei hadde stor stønad [var populære], og enda er det dei som minnest dei med hugnad.

«på botnen eit hjartemenneske»

Det var kaptein Freuchen som var fyrste føraren på «Kommandøren», ein liten tjukk stabbe, sinna som noko ilt, men like snart god igjen, på botnen eit hjartemenneske, populær hos dei reisande , vel likt av mannskapet. Ein avndei mest kjende førarane seinare var kaptein Walle, han hadde vore med i den amerikanske borgarkrigen, og dei sa han hadde ei kule i skrotten. No [1941] er kaptein Bjordal førar, Grøthe frå Fresvik er los. Arne Østborg er restauratør.

«ein prydnad»

«Kommandøren» er på 542,58 br.[register] tonn og er framleis i «beste velgåande», den finaste på sjøen av alle fylkesbåtane, lagleg og godt innreia, ombygd frå brunnbåt til heildekk, ein prydnad både for Fylkesbåtane og Fjordane der stasskuta siglar.

«namn etter fyrste adm. direktør»

«Kommandøren» fekk namn etter fyrste adm. direktør i Fylkesbåtane, kommandør Lous; men då det høvde mindre å bruka heile dette namnet (som på eit framandt mål kan mistydast) var det ein klok mann som løyste vansken ved å gjera framlegg om «Kommandøren» til namn. Og det er sagt at dette gode hovud var Jakob Bøthun i Fresvik, læraren, ungdomsleiaren og ordføraren i Leikanger.

kjelder: