Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bukseselar i Nordfjord på 1800-talet



Bukseselar i friske fargar er ikkje noko mannfolk vanlegvis brukar i Nordfjord i dag. På 1800-talet, derimot, må fargerike bukseselar ha vore ein vanleg draktdel, noko som Nordfjord Folkemuseum si samling tyder på.

Dei fleste broderte bukseselane i Nordfjord Folkemuseum si samling er i sterke fargar med raudt som dominerande, og dei har geometriske mønster. Ein av selane har blomemønster. I ei registrering i Eid kommune i 1987, hadde 17 av 30 broderte selepar slike langstrakte sikksakkband inn mellom kantstilte parallellogram i ulike fargar og storleikar, skriv Petter Eide i Jul i Nordfjord 1988. Alle dei 17 skal ha vore ulike. Dei resterande 13 hadde rosemønster. Det kan vere at NFM si samling ikkje er heilt representativ for Nordfjord, av di alle broderte selepar er frå Gloppen kommune.

Dei fleste broderte bukseselane i Nordfjord Folkemuseum si samling er i sterke fargar med raudt som dominerande, og dei har geometriske mønster. Ein av selane har blomemønster. I ei registrering i Eid kommune i 1987, hadde 17 av 30 broderte selepar slike langstrakte sikksakkband inn mellom kantstilte parallellogram i ulike fargar og storleikar, skriv Petter Eide i Jul i Nordfjord 1988. Alle dei 17 skal ha vore ulike. Dei resterande 13 hadde rosemønster. Det kan vere at NFM si samling ikkje er heilt representativ for Nordfjord, av di alle broderte selepar er frå Gloppen kommune.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Når var selar i bruk?

Når byrja menn å bruke bukseselar til å halde oppe buksene? Dei eldste buksene vi kjenner til er funne i Nordland og er frå rundt år 1500. Desse buksene var haldne saman i livet med trekkband. Vi veit elles at buksene kunne vere hekta saman i livet. I mellomalderen og truleg fram til slutten av 1700-talet, var det vanleg med ei lang kofte utanpå buksa, med belte utanpå. Kofta var ikkje open framme. Buksa vart halden oppe av eit ullbelte, skriv Bente Magnus i Jul i Nordfjord 1982. Eg har ikkje funne kjelder som fortel sikkert om bruk av bukseselar i Nordfjord før 1800, utan at det dermed er sagt at det ikkje vart brukt. Kjeldene fortel om utbreidd bruk av bukseselar på 1800-talet. Når dei byrja å gå ut av vanleg bruk, er og litt uklårt, men truleg var det på slutten av århundret eller i byrjinga av neste.

Vovne og broderte

Bukseselane i museet si samling er laga i to ulike hovudteknikkar; dei er anten vovne eller broderte på stramei. Dei vovne selane er eldre enn dei broderte. Selane som er broderte på stramei er ikkje eldre enn frå midten av 1800-talet. Det veit vi av di det brodergarnet som er nytta, vart importert frå Tyskland og ikkje var å få tak i i Nordfjord før omlag 1850. Truleg vart dei fleste selar broderte frå 1850-talet.

Mønster, materialar og fargar

Når vi ser på selane, ser vi at dei er særs dekorative med iaugefallande fargar og mønster. Dei fleste vovne selane i Nordfjord Folkemuseum si samling er ganske like i mønsteret. Dei har naturleg nok geometriske former danna av vevteknikken, slik som trekantar, firkantar og sikksakbordar. Meir overraskande er dei fleste broderte selane også har geometriske mønster. Det finst berre eit eksemplar i museet si samling med blomemotiv. Når det gjeld materiale, er ull- og truleg noko bomull nytta i dei vovne. Fargane er gjennomgåande svart, raudt, gult og kvitt, med svart og raudt som dominerande. Ein sele har orange og grønt i tillegg. I dei broderte selane er det nytta tynnare ulltråd og skarpare fargar. På desse er oftast den raude fargen den dominerande, med innslag av svart, lilla og grøn og i eitt høve orange.

Til helg eller kvardags?

I kva grad selane var i bruk til kvardags eller til helg, er meir usikkert, men nokre av dei finaste var nok berre til fest og helg. I Jul i Nordfjord skriv Eide at dei vovne selane var i vanleg kvardagsleg bruk, men dei «som var sauma med vakre fargar og roser på noko dei kalla stamegn» berre vart brukt til høgtid. Desse opplysingane er i frå slutten av 1800-talet, etter 1880. I alle høve eit par av dei broderte selane i NFM si samling har merknad i registreringa om at dei er «brudgomsselar». Steffen Sandene, f.1887, kunne også hugse at mor hans hadde vove brudgomsselane til far hans. Det var vanleg på denne tida at gutar og jenter gav kvarandre trulovingsgåver som helst var sjølvlaga. Frå Breim i Nordfjord veit vi at bukseselar kunne vere ei slik trulovingsgåve.

«Treknappssystemet» for å henge selane fast i buksa

Bak på ryggen låg selane i kross, og alle selane har «bloker» sydd i den eine enden på kvar sele, som var til å feste selen til buksa. På buksa var det påsydd knappar til det bruket. Nemninga «bloke» er nytta av Petter Eide i Jul i Nordfjord 1988. Ei bloke har tungeform og eit knapphol i midten. Framme var det to ulike måtar selane var festa i buksa på. Den eine måten var med snor og tre hemper framme, noko Petter Eide kallar «treknappssystemet». I samlinga på museet er det berre eitt vove selepar som har denne opphengsmåten intakt. «Treknappssystemet» har truleg vore mest i bruk før 1850, meiner Petter Eide. Men somme eldre folk brukte nok slike seler heilt fram til 1900. I Eide sin artikkel om bukseselar i Jul i Nordfjord, er det bilete av korleis selane var feste til buksa på tre knappar framme. «Treknappssystemet» er også kjent utanfor Nordfjord, til dømes i Sogn og på Sunnmøre.

Den skjulte opphengingsmåten

Den andre måten å feste selane til buksa på var ikkje synleg frå framsida. Her var det sydd på eit band eller ei lèrreim i fôrstoffet på vrangsida av selen. Bandet eller reima kunne både vere og ikkje vere sydd fast nedst. På bandet er det fest ei spenne med piggar som vert sett fast i bandet eller reima. Spenna kunne dei flytte opp og ned på reima. På kvar spenne er sydd fast ei bloke med knapphol i som vart knept inn på ein knapp på buksa. Med denne oppheningsmåten trong dei berre to knappar på buksa å feste selane i. På blokene, framme eller bak, kunne initialane til eigaren vere broderte på med krossting.

kjelder:

Eide, Petter Folkedrakter frå Nordfjord,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane. 1977
Eide, Petter Korleis Nordfjordingen heldt broka oppe,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane. 1988
Magnus, Bente Om folkedrakt og hovdingklede,I Jul i Nordfjord, Firda Ungdomslag, Sandane. 1982
Visted, Kristoffer og Stigum, Hilmar Vår gamle bondekultur,Bind II, J.W.Cappelens Forlag, Oslo. 1952
Magny Kalberg, Bunad og Folkedraktrådet, 1999, Foredrag om draktskikk i Nordfjord, på eit draktseminar på NFM.

PERMANENT IDENTIFIKATOR