Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Bygstad kyrkje



Bygstad kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Eide i Gaular kommune. Kyrkja, som har 300 sitjeplassar, vart vigsla 2. november 1845 av prost Johan Grønn Lund. Ho er bygd etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus Linstow. Kyrkja vart flytta frå Bygstad til ny kyrkjestad på Eide i 1939 og bygd opp att etter arkitekt K. W. Essendrop sin plan. Den nyoppsette kyrkja vart vigsla 11. oktober 1939 av biskop Andreas Fleischer. Bygstad kyrkje er soknekyrkje for Bygstad sokn i Gaular prestegjeld.

I 1939 vart kyrkja flytta til ny kyrkjestad på Eide, der ho fekk påbygd eit kor og vart modernisert.

I 1939 vart kyrkja flytta til ny kyrkjestad på Eide, der ho fekk påbygd eit kor og vart modernisert.

Eigar: I Kyrkjeblad for Gaular, 1845 Bygstad kyrkje 150 år 1995.

Datering: 1995.

Fotograf: Ukjend.

Ny kyrkje i 1845

Presten Jens Rennord åtte på 1840-talet den gamle stavkyrkja i Bygstad. Ho hadde sige kraftig og trong omfattande reparasjonar. Kyrkjelyden ville ha ny kyrkje, men Rennord ville i staden føreta utbetringar på den dei hadde. Etter ein lengre korrespondanse med Stiftsdireksjonen enda saka likevel med at han skulle byggje ny kyrkje. Dette var den fyrste kyrkjestriden ein kjenner i Bygstad. I referatet frå vigslinga i 1845 heiter det mellom anna at "Alting foregik i en sømmelig og anstendig Orden". Mellom linjene kan ein lesa at her har vore ein strid som til slutt hadde lagt seg.

Mangla kor og sakristi

På same staden som stavkyrkja stod, på garden Bygstad, vart også den neste kyrkja reist i 1845. Kyrkja var noko mindre enn den som hadde stått på staden tidlegare, ho mangla både kor og sakristi. Ei dør bak altertavla førte rett ut på kyrkjegarden, denne døra nytta mange når dei kom til gudsteneste. Kyrkja målte om lag 16,5 x 9 m, og hadde eit tårn på 4,4 x 4,5 m utan spir, men med låg hjelm. Tårnmodellen vart etter kvart nytta av dei andre nye kyrkjene som vart bygde i kommunen.

Mykje material og inventar frå gamlekyrkja vart brukt i den nye. Og slik som kyrkja vart reist, slik vart ho ståande lenge. Men under bygginga hadde det regna mykje, og det gjorde sitt til at ho frå fyrste stund fekk både stygge og småskeive vegger. Det skulle ikkje gå mange åra før kyrkjelyden på ny snakka om ei ny kyrkje, og no starta ein kyrkjestrid som skulle verte ein god del tyngre enn den førre.

Ny kyrkje eller oppattbygging

Innsamlinga til ny kyrkje starta i 1916. Mange i bygda ville ha ei heilt ny kyrkje, og reagerte sterkt imot forslaget til Riksantikvaren om å byggje opp att den eksisterande kyrkja ein annan stad, men då med kor og sakristi bygt attåt. Sommaren 1935 gjorde soknestyret samrøystes vedtak om at dei ville ha ny kyrkje lik dei som stod i Førde og Naustdal. Bygda stod steilt imot Riksantikvaren.

Av økonomiske omsyn endra soknestyret to år seinare haldning, og gjekk inn for å byggje etter planen frå Riksantikvaren. Men folket var imot. Bygdefolket starta på ny innsamlingsaksjon til ny kyrkje, og garanterte at dei skulle klare å samle inn 10 000 kroner. Då striden var på det heitaste, inviterte sokneprest Fredrik Helland til eit folkemøte i ungdomshuset den 3. april 1938, der han heldt føredrag om kyrkjebygging og kyrkjestil. Sjølv støtta han planane til Riksantikvaren, og gjekk inn for å rive kyrkja i Bygstad og byggje ho opp att på Melluplassen på garden Eide. Det presten sa, gjorde inntrykk, og folkemeininga skifta så mykje at fleirtalet på 121 personar gjekk inn for flytting. 79 stemde imot.

Straks etter gudstenesta 5. februar 1939 starta rivingsarbeidet. Etter eit stort dugnadsarbeid på den nye kyrkjestaden Eide, kunne bygdefolket den 11. oktober møte fram til vigslingshøgtid. Arbeidet kom på i alt 60 000 kroner. Då dei var ferdige hadde kyrkjelyden berre 6000 kroner i gjeld, og den lange striden var omsider historie.

Bilete av orgelet.

Kyrkjebygningen

Det som tidlegare var kyrkjebygget utgjer i dag skipet i kyrkja. Det noko smalare, firkanta koret vart bygt til i 1939. På nordsida vart det bygt prestesakristi og ei kyrkjestove som også gjer nytte som dåpssakristi. I skipet står dei same kyrkjebenkene med dører som stod i kyrkja frå 1845. Både i interiør og fargar er ho ei uvanleg triveleg kyrkje å sjå til. Sjølve skipet har ein låg, kvitmåla himling. I koret er det eit høgare, flatt tak med mørkeraude tverrbjelkar. Elles er hovudfargen blå og gråmelert. Dei fire vindauga på kvar side i skipet er i farga småruter med blyinnfatning, sett saman i fire felt. Koret har ikkje noko vindauge som gir lys, men på nordsida er der sett inn eit glasmåleri komponert og utført av Frøydis Håvardsholm. Korskiljet under taket har same traleverket som gallerifronten. Kyrkja er eit godt døme på vellukka gjenbruk, og i kyrkjetårnet finn ein endåtil materialar frå stavkyrkja.

Bilete frå interiøret til kyrkja.

Då kyrkja vart bygd opp att, fekk ho sentralfyringsanlegg, og rundt 1960 vart det montert elektriske omnar. Sjølv om kyrkja er ny på staden, reknar bygdefolket alderen frå 1845, då presten Rennord gjekk med på å erstatte stavkyrkja. I 1995 vart det difor høgtida 150-årsjubileum i Bygstad, og til feiringa vart kyrkja innvendig måla opp att i dei same fargane som tidlegare. Året etter vart tilbygget på sørsida av koret modernisert, og det vart bygt til kjøkenkrok i kyrkjestova.

Bilete frå kyrkjestova.

Altertavla

Altertavla frå kring 1620 er ei renessansetavle i same stil og frå same tid som tavlene i Viksdalen, Sande og Dale, med gavlfelt og rik kassettornamentikk. Det er litt usikkert om tavla stod utan måla bilete den fyrste tida, men det synest å vere godtgjort at tekstfelta har hatt innskrift i alle fall frå midten av 1600-talet. Årstalet 1734 finst på baksida av tavla, og ho kan fyrst vere måla då. Sett i høve til dei andre renessansetavlene i grannekyrkjene, er det likevel underleg om tavla i Bygstad stod umåla i over 100 år. I samband med nybygginga i 1845, kom det gamle gavlfeltet bort og vart erstatta med eit spesielt dobbeltsidig bilete. I 1939 vart det laga nytt toppstykke til tavla, som svarar til det i Viksdalen. På den trekanta gavlen er dei to lovtavlene med Dei ti boda måla. Bileta til tavla syner til venstre Moses og koparslangen i ørkenen (4. Mos. 21,8f) som er tolka som eit førebilete for Jesu opplyfting på krossen i Joh. 3,14-15, og til høgre krossfestingsscena, med Maria og Johannes på kvar side av den krossfeste. Under begge bileta står katekismeorda om nattverden.

Teikning av preikestolen.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Kyrkjeblad for Gaular, 1845 Bygstad kyrkje 150 år 1995. Utgitt av Gaular kyrkjekontor. Sande 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR