Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gimmestadstøylen



Gimmestadstøylen ligg i Breidalen i ei høgd på ca. 380 m o.h. Gardane Gimmestad (gnr. 9) og Moane (gnr. 10) nytta stølen. Husa er plassert på ein romsleg, graskledd bakke ved Breidalselva. Denne elva munner ut i Langedalselva som igjen munner ut i Ryggelva ca 3 km før den renn ut i Gloppefjorden. Her er over 20 hus, delvis i rekker og delvis i grupper. Stølen har og både danseplatting og flaggstong som begge er i bruk ved det årlege stølsgjestebodet.

Gimmestadstølen.

Gimmestadstølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1998.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det tok om lag 1 time for stølsjentene å gå heim frå stølen. Det kom skogsbilveg fram mot stølen for kort tid sidan, og stølseigarane er aktive med å halde stølshus og stølsområde i orden. Dette er bomveg for andre folk.

Bruk av stølen

Her tek vi med noko frå særoppgåve (1995) av Ingrid M. Gimmestad: "Stølsliv frå Gimmestad i gamle dagar":

Dei første 14 dagane var det beitet mot Langedalen som skulle nyttast og med mjølking i Bruafjøsane (gardfjøsar). Omkring jonsok kom flyttedagen. Frå gamalt av skulle dei vere ute att av støylen før barsok (24. august) for då flytta huldra inn i selet. I seinare tid vart nok ikkje huldra så skræmelig for budeiene, for då flytta dei ikkje heim før midt av september.

På støylen var det 9 budeier til vanleg, og det kunne vere opptil 130 dyr medrekna ungdyra. Budeiene med hjelp av ein gut, gjætte dyra etter tur. Før 1933 gjætte dei også sauene i Breidalen. 2 restaurerte gjætarhytter inne i dalen vart brukt av sauegjætarane. Stølsgjestebod vart det når kvieslåtten var unnagjort med rømmegraut, rømmeask og anna godt - og så svingom på danseflaken om kvelden.

Nokre fakta

Gimmestad, gard nr. 9, hadde 10 bruk i 1890. Moane, gard nr. 10, hadde 2 bruk. I 1865 budde det 85 personar på Gimmestad.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 79, 96. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Gimmestad, Ingrid M.:Stølsliv frå Gimmestad i gamle dagar. Særoppgåve 1995.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR