Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. februar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Tuntreet på Skorpeidet - minnetre om ein krigsseglar



''Tett ved stova stod ei bjørk so brei / der hadde skjorene sitt gamle reir,'' syng Ivar Aasen i songen sin Gamle garden. Før i tida hadde dei fleste heimar på landsbygda eit stort og staseleg tre på tunet. Attmed eit våningshus på Skorpeidet, på øya Skorpa vest frå Florø, står ei uvanleg stor sitkagran. Dette tuntreet har ei heilt spesiell historie. På ein måte er det eit minnetre om krigsseglaren Adolf Skorpeide.

Dampskipet "Galatea" som Adolf var påmønstra og som vart torpedert 21. januar 1945 i Irskesjøen medan Adolf låg på sjukehus. Berre ein mann av mannskapet på 20 vart berga.

Dampskipet "Galatea" som Adolf var påmønstra og som vart torpedert 21. januar 1945 i Irskesjøen medan Adolf låg på sjukehus. Berre ein mann av mannskapet på 20 vart berga.

Eigar: I Båtar med sjel.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Over tre meter i omkrins

Sitkagrana på Skorpeidet er eitt av dei største trea på heile Skorpa, og ho er godt og vel 60 år gammal. Høgda er ikkje blitt mælt, men omkrinsen nede ved bakken er over tre meter. Høgt oppe er det i dette tuntreet, som i bjørka til Ivar Aasen, eit digert skjorereir der det kvart år er liv og røre.

Ein Englandsfarar planta treet

Det var Adolf Skorpeide som planta dette staselege treet i mai 1941. Det skjedde like før han gjekk til England med M/K ''Erling'', og dermed berga livet til seks-sju flyktningar som hadde Gestapo i hælane og måtte ut av landet i all hast.

Adolf planta tre smågraner like ved huset den gongen, men berre denne eine voks opp. Dei to andre vart borte. Kanskje gjorde sauene ende på dei, eller så strauk dei med under slåtten.

Kva tankar som rørde seg hjå ungdommen frå Skorpeidet då han som eit slags symbolsk farvel til barndomsheimen planta desse granene i 1941, veit nok ingen. Det var midt under ein stor og blodig verdskrig, og han hadde teke på seg å føra ettersøkte flyktningar i tryggleik på andre sida av Nordsjøen. Han rekna vel også med å melda seg sjølv til aktiv krigsinnsats.

Innsats under krigen

Første året i England dreiv Adolf Skorpeide fiske frå Buckie saman med andre nordmenn, men 17. juli 1942 vart han beordra til London for å gå inn i den norske handelsflåten som då var disponert av Nortraship. Fjerde august mønstra han på D/S ''Varøy'' av Haugesund. Natt til 8. oktober 1942 gjekk ''Varøy'' til botnar på den engelske austkysten etter å ha kollidert med eit anna skip i konvoien. Heile mannskapet vart berga.

To veker seinare mønstra Adolf på D/S ''Galatea'' som gjekk i kystfart på dei britiske øyane, eit farvatn fullt av miner og med stadige åtak frå tyske fly og ubåtar. Adolf vart sjuk og innlagd på sjukehus 17. januar 1944. Ei veke seinare vart ''Galatea'' torpedert i Irskesjøen og berre ein mann av mannskapet på 20 vart berga.

Etter sjukehusopphaldet og ein rekonvalesensperiode, mønstra Adolf i desember 1944 på D/S ''Vest'', og vart ståande om bord på dette skipet til våren/sommaren 1945.

Krigsmarerittet sette sine spor

Adolf Skorpeide kom heim att då krigsmarerittet var over, men alt han hadde gjennomgått på kropp og sjel, hadde nok rimelegvis sett sine spor. Han døydde i 1993, nesten 75 år gammal. Men tuntreet på Skorpeidet som han planta i 1941, det står der den dag i dag. Her kan det høva å minna om ord hjå ein annan diktar, Per Sivle sine ord i diktet Merkesmannen:

.. og det er det stora og det er det glupa,
at merket det stend om mannen han stupa.

Eit siste avskil

Då Adolf vart gravlagd på kyrkjegarden i Florø, var mange møtt fram for å ta eit siste farvel, og mellom dei frammøtte var ein eldre kar som verka ukjend for dei fleste. Det viste seg å vere ein av dei som i 1941 drog over havet med ''Erling''. No var han den einaste attlevande. Han var komen for å ta eit siste avskil med mannen som 52 år tidlegare - berre 22 år gammal, og med stor fare for eige liv - tok han over havet til fridommen då han hadde Gestapo i hælane. Det var Adolf Edvin Skorpeide som gjorde dette.

kjelder:

Toft, Malvin: Båtar med sjel. Selja Forlag, 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR