Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gamleskulen på Hardbakke



Hardbakke var den andre staden i Solund som fekk bygt skulehus. Frå 1870 kunne skuleborna rusle opp steintrappa til ei romsleg stove. Lærarhuslyden budde i andre enden. I nærare 90 år skulle huset komme til å ta imot skuleborna.

På ei lita flate eit par steinkast ovafor kyrkja, låg det gamle skulehuset på Hardbakke. I lendet var det orientert sør/nord, kring 30-40 meter frå "Den nye Ridevei".<br />
Det var 4 glas i skulestova. Gjennom dei to i sør steikte sola godt. Sterk sønnavind pressa regnet lett inn i glaskarmane, så dei som hadde blekk og papir for seg, gjorde klokast i å dra seg noko unna. I andre vindretningar låg huset livdeleg, pannetaket heldt bra, og nokre hardføre planter treivst innved veggen.

På ei lita flate eit par steinkast ovafor kyrkja, låg det gamle skulehuset på Hardbakke. I lendet var det orientert sør/nord, kring 30-40 meter frå "Den nye Ridevei".
Det var 4 glas i skulestova. Gjennom dei to i sør steikte sola godt. Sterk sønnavind pressa regnet lett inn i glaskarmane, så dei som hadde blekk og papir for seg, gjorde klokast i å dra seg noko unna. I andre vindretningar låg huset livdeleg, pannetaket heldt bra, og nokre hardføre planter treivst innved veggen.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-88160.0011.

Datering: Ca. 1945.

Fotograf: Tom Vassdal.

Ville ha klokkargard på Hardbakke

Den eigentlege omgangsskulen tok slutt etter kvart som dei gjekk over til leigde hus der det passa best. Etter at lærar Torkjel Jensen hadde bygt fastskule på Indrevær i 1844, vart Hardbakke staden for neste skulehus, men det kom først ein liten mannsalder seinare.
Då kyrkja på Hardbakke vart teken i bruk i 1860, budde både presten og klokkaren i Eivindvik. Fire år seinare vart Hans Takle tilsett som lærar og klokkar på Hardbakke. Han hadde vore omgangsskulelærar i ytre distrikt frå 1859. Dei søkte då stiftsdireksjonen om å få byggja klokkarbustad med jordveg til, og med vegrett bort til "Den nye Ridevei".

Skulehus og klokkarbustad

Først når saka vart kopla saman med skulehus, vann ho fram. Men jordveg som auka klokkarlønna, vart det ikkje, endå om eigedommen i somme dokument vart kalla klokkargard og jamvel hadde beiterett i utmarka.
I 1870 stod huset ferdig, og Hans Takle kunne flytte inn med kone og første barnet. Huset hadde både skulestove og lærarbustad. I søre enden var den heller romslege skulestova, i heile huset si breidd. I nordre enden var ei lita stove, kjøken, og eit spiskammers. Den vesle gangen midt på huset var felles både for elevane og lærarhuslyden. Oppe var avdelte lemsrom.

Låg dei i flatseng?

I huset kom det til å verte folksamt, særleg under konfirmantlesinga som varte i 3 dagar. Då vart mange av dei tilreisande borna innlosjerte her. I 1894 fekk dei endåtil i gang eit framhaldsskulekurs. Den nyutdanna læraren, Nils Emil Aarøy, skulle ha 50 øre timen i lønn, av dette skulle elevane betale ein firedel. Losjiet var på skulehuslemmen for dei med lengst heimveg. Berre gutar gjekk på kurset. Dei kom frå heile kommunen og vart seinare leiande i bygda for opplysning, styre og stell. Fleire vart lærarar. Men var det trongt og kaldt på skulehuslemmen, var det i det minste luftig!

Strie skulevegar

Slik det var for dei fleste skuleborna i Solund, kom ungane som sokna til Hardbakke skule, traskande lange vegar gjennom ulendt og våt utmark. Eller dei tampa (sleit) seg fram i vindstrie sund med færing. Få budde på Hardbakke. Mang ein haust- og vinterdag hang svarte og grå ullsokkar og labbar til tørk framfor vedomnen.
På baksida av skulehuset var ei sval for sognekjøpt bjørkeved, som storskuleungane saga og hogde i friminutta. Ein kort sti førte bort til det todelte, smålåtne vetlehuset, med eitt rom for skuleungar og eitt for lærarhuslyd, innhylla i breiblada palmer, litt for seg sjølv.

Opne dører i 87 år

Til sides for potetåkeren framfor skulehuset var ein firkanta grasbakke til å leike og slå ball på. Det var skarpe reaksjonar når ballen hamna i åkeren, men mest nådelaust når ei glasrute singla.
Sist i trettiåra vart skulestova pent måla av Albert Simmerøy. Særleg staseleg var dekoren mellom fot- og veggflate. Så når læraren steig opp på stolen om morgonen og kveikte den kvitkupla 14-linjers oljelampen midt i stova, vart det både heimsleg og høgtidsamt i rommet. Om skuleborn har ulike erfaringar, bar nok dei aller fleste med seg fine minne og godt kunnskapsgrunnlag frå skulestova som i heile 87 år tok imot elevar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsøy, Alf: Gards- og ættesoge for Solund, band 1, Solund 1982.
Solund kommune:
Steinsøy, Alf: Uprenta manus til skulesoge for Solund.

Nettstader
http://fuv.hivolda.no/prosjekt/indrefr/index.htm

PERMANENT IDENTIFIKATOR