Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. februar 2003

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Fresvik kyrkje



Fresvik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Fresvik i Vik kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 29. juni 1881 av prost Jacob Edvard Smith. Arkitekt Johannes Henrik Nissen laga teikningane. Fresvik kyrkje er soknekyrkje for Fresvik sokn, som frå 1999 høyrer til Vik prestegjeld.

Kyrkjestaden midt i Fresvik har vore den same gjennom 800-900 år. Mykje av byggjematerialane vart henta frå Frønningen.

Kyrkjestaden midt i Fresvik har vore den same gjennom 800-900 år. Mykje av byggjematerialane vart henta frå Frønningen.

Eigar: Sognafoto.

Datering: 2001.

Fotograf: Grunde Engan.

Kyrkjeeigarane ville ikkje byggje ny

Frå Fresvik stammar nokre av dei fremste kunstskattane frå Sogn og Fjordane. Frå stavkyrkja, som vart riven i 1881, er det bevart tre skulpturar som no finst på museum i Bergen og Oslo, ein St. Olav-figur, ei madonna og eit krusifiks.

I forhistoria til dagens kyrkje i Fresvik var biskop Peder Hersleb Graah Birkeland ein sentral pådrivar. Det var han som i 1860-åra sette fram krav om at det måtte byggjast ny kyrkje i bygda, og grunngjevinga var at den gamle var altfor lita. Problemet var at dei fire kyrkjeeigarane var lite imøtekommande. Å vere kyrkjeeigar var inga god forretning, og dei på si side kravde difor at soknet måtte overta ansvaret både for gamlekyrkja og for å få reist ei ny. Partane var lenge usamde, men i 1869 godtok soknestyret eit tilbod om å overta gamlekyrkja for 200 spesidalar. Deretter gjekk det 10 år før saka var komen så langt at kommunestyret valde byggjekomite, men då vart det også fortgang i arbeidet. Byggmeisteren fekk eitt år på seg til å ta ned gamlekyrkja og å byggje ei ny på same tomta.

Spiret bles på fjorden

Det meste av tømmeret til kyrkja vart hogge på Frønningen (Buene) og frakta med båt til Fresvik. Det var bygdefolket som vart pålagt ansvaret for å skaffe tømmer og frakte det fram til byggjeplassen. Mykje av tømmeret frå gamlekyrkja vart også nytta. Dette finn ein att mellom anna i tårnet. Der er det tømmer som har typisk 1600-tals dekor i raudt, svart og kvitt.

Det fyrste spiret som skulle pryde kyrkja, nådde aldri fram. Det var smidd og laga ferdig på Frønningen, men bles over bord og hamna i Sognefjorden. Ein kraftig kastevind førte til at spiret enda i sjøen i staden for kyrkjepryd. Heldigvis gav ikkje den tolmodige handverkaren opp ved fyrste forsøk. Endå eit spir vart smidd på Frønningen, som då høyrde til Fresvik sokn. På andre forsøket kom spiret velberga til Fresvik og vart plassert på kyrkjetaket. Spiret startar med ei åttekanta ramme som endar i ein spiss med kule og kross. Sjølve tårnfoten er firkanta og står inntil vestgavlen på kyrkjebygget. Kortilbygget på motsett ende er uvanleg lite og smalt samanlikna med andre kyrkjebygg. Innvendig rommar det berre alteret.

Syrinfarga

Ei anna, spesiell løysing er tilkomsten til preikestolen på sørsida, som går via ei dør frå prestesakristiet. Kyrkja har som dei fleste også dåpssakristi, plassert på nordsida. Frå våpenhuset er det trappeoppgang til galleriet på sørsida. Kyrkja har eigne tilbygg med toalett, bårerom og reiskapsrom.

I 1961 fekk kyrkja elektrisk lys, og elektrisk oppvarming kom to år seinare. I same perioden vart det utført eit stort restaureringsarbeid. Det vart då sett inn doble glas (nye innvendig), nye benker, og golv og tak vart isolert. I 1965 vart heile kyrkja måla innvendig. Då fekk ho den markerte syrinfargen som pregar det meste av kyrkja, også rammene rundt dei fire store vindauga i skipet. Det er mange som har hatt vanskar med å venne seg til syrinfargen og den skarpe blåturkise fargen i taket i skipet, koret og under galleriet. Dei fire søylene under galleriet er også syrinfarga, medan nedre delen av veggene i skipet er måla i ein nokså rein turkis.

Bendixen si skildring

Over koropninga hadde kyrkja tidlegare ein måla dekorasjon. I samband med restaureringa vart både den og gullforgyllingar fleire stader på interiøret fjerna. På same tida vart eit stort glasmåleri på austveggen i koret, bak alteret, teke bort. Det hadde eit kvitt mønster forma som ein kross. Kyrkjegranskar Bendixen, var på synfaring i kyrkja i 1890-åra. Kortaket omtala han då som flatt med firkanta innramming, måla brunt og gult. Under taket i skipet gjekk tungete, utskorne strekkbjelkar. Veggene og taket var kvite, men alt bjelkeverk og listverk var gult med brune fargar, benkene gulbrune og dørene brune med gule felt. Den nedste delen av veggene var måla i fiolett. Fargane har endra seg mykje frå dei som var her då kyrkja stod ferdig.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1881 er eit oljemåleri på lerret måla av Christen Brun. Motivet er "Kristus på krossen". Biletet er ein kopi av Guido Reni (1575-1642) sin original. Ramma er laga av snikkar Gulbrandsen, Oslo. Alterbiletet vart innkjøpt for innsamla midlar. Claus Rumohr og Jakob Bøthun tok initiativ til ei innsamling alt i 1879, og fekk god oppslutning.

På alteret står to lysestakar i sølvplett frå 1881. Nattverdsutstyret er ein kalk i sølv, truleg frå 1600-talet, ein disk i sølv og ei vinkanne i sølvplett. Preikestolen og døypefonten er frå 1881. Dåpsfatet i messing er truleg frå 1600-talet, medan dåpsmugga er nyare. Eit måleri frå 1973, måla og gitt av Grethe Fotland, framstiller Heilag Olav. Det er etter inspirasjon frå mellomalderskulpturen St. Olav.

Orgelet frå 1965 har sju stemmer, og er bygt av Jørgensen. Orgelet var fyrst kjøpt til Nord-Vågsøy kyrkje i 1960, men vart selt og flytta til Fresvik i 1965. Her er heile fire kyrkjeklokker; den eldste er frå ca. 1200, den andre frå ca. 1250, den tredje og fjerde frå 1985.
Eit gammalt alterbord, ei kyrkjedør, vindauge og ein brurebenk frå gamlekyrkja er noko av det som er teke vare på i eit lite kyrkjemuseum i tårnet i Fresvik kyrkje.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.