Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kvernhusa på garden Å i Hyen



Tett ved fylkesvegen til Ommedal, nokre hundre meter sør-sørvest for gardstunet på Å i Hyen, står fire kvernar i særs god stand. Dei vart restaurerte på slutten av 1980-talet av Olav Aa og hadde då ikkje vore i bruk sidan 1950-åra. Husa har stått på same staden sidan 1870.

Oversiktsbilete frå ca. 1970 som viser Straume, Straumsholmen og Å-gardane.  Vi ser Brødrene Aa båtbyggeri oppe til venstre. Tunet oppe, litt til høgre for midten, er Å-tunet. Om ein følgjer vegen som går rett til høgre frå dette tunet, kjem ein til ein skarp venstresving på vegen. Der, på høgre sida av vegen, ligg kvernhusa på Å.

Oversiktsbilete frå ca. 1970 som viser Straume, Straumsholmen og Å-gardane. Vi ser Brødrene Aa båtbyggeri oppe til venstre. Tunet oppe, litt til høgre for midten, er Å-tunet. Om ein følgjer vegen som går rett til høgre frå dette tunet, kjem ein til ein skarp venstresving på vegen. Der, på høgre sida av vegen, ligg kvernhusa på Å.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: Kring 1970.

Fotograf: Fareth.

Restaurering

Kvernene var i bruk til fram på 1950-talet. Før dei vart tekne ut av bruk vart det lagt eternitt på taka. Desse taka held godt, og kvernhusa er difor framleis i god stand. Men veitene grodde etter kvart att, og sloka og kvernkallane rotna opp.

Olav Aa var i 30-års-alderen då kverndrifta tok slutt, og han hugsar difor godt korleis alt var tillaga medan kvernene var i bruk. Sjølv om husa var i rimeleg god stand då Olav Aa tok til på restaureringsarbeidet på 1980-talet, måtte mykje rettast opp. Han leigde ein gravemaskin til å rydde vekk busker og kratt og ordne veitene, og sjølv restaurerte han i 1989/90 sloka, kvernkallane og det som elles måtte vølast. I dag kan ein med sjølvsyn sjå kvernhusmiljøet på Å slik det stod i den tida kvernene var i bruk. Alle fire kvernene står klar til kornmaling og verkar godt når vatnet vert leidd inn i rennene.
Fylkeslandbruksavdelinga tykte vel om arbeidet, og skreiv m.a. i sluttrapporten:
"Restaureringa av kvernhusa, kanal og damanlegg er særs fint utført. Det heile er spesielt i restaureringssamanheng, då alle fire kvernene er i slik stand at det kan malast korn på dei [..] ein må seie at prosjektet er fullført på beste måte".

Området rundt kvernhusa vart også rydda i samband med restaureringa, og det vart laga nokre sitjeplassar i nærleiken. Mange skuleklassar frå Gloppen har dei siste åra sett anlegget og fått demonstrert maling av korn. Også turistar og lokalkjende stansar ofte ved det fine kvernhusmiljøet.
Olav Aa vart heidra med stiftinga Gloppens Sparebank sin kulturfondpris i 1995.

Flytting

Før 1870 var det fem kverner på Å. Fire av desse stod ved Tverrelva. Bruk nummer 2 hadde ei stor kvern, med ein diameter på steinane på ca. 1,1 meter. Denne kverna stod truleg ved Tverrelvbrua. Garden Straume hadde frå 1735 bygsla rett til kvern på Å. Det er truleg at Straumegarden og bruk nummer 2 hadde kvern i lag. I 1865 fekk Straume eige kvernhus på Hope.

Berre bruk nr. 4 hadde ei lita kvern i det området kvernene står i dag. Kvernsteinane ligg framleis på tomta. Diameteren på desse steinane er 0,8 meter. Etter kvart innsåg også dei andre brukarane at alle kvernene burde flyttast, sidan Tverrelva berre var brukande som flaumkvern. Dette vart for tungvint i lengda, og i 1870 vart alle kvernhusa flytte dit dei no står.

Men flyttinga av kvernhus og kverner var berre ein del av arbeidet som måtte utførast for å få sikrare kverndrift. Det måtte også byggjast damanlegg og kanal til den nye kvernstaden. I dag kan vi med sjølvsyn sjå at dette var eit stort arbeid med dei ressursane dei rådde over på Å i 1860 - 1870 åra.

Ein god korngard

Garden Å var rekna for å vere ein av dei beste korngardane i Hyen. Bruka hadde forholdsvis store åkrar med bygg og havre. Under siste verdskrigen dyrka dei også kveite og rug på garden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Informasjon frå Olav Aa, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR