Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. mai 2020

Sist oppdatert 27. mai 2020

Kategori

Rå-data

Malla Moe – misjonspioner i Swaziland



Malla Moe (1863-1953) frå Hafslo var ei av dei mange kvinnene som braut ut av det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret gjennom livet som misjonær i ei tid der det var få kvinner.

Malla Moe

Malla Moe

Fotograf: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

Petra Malene Moe vart fødd i Hafslo og vaks opp på garden Mo, som nummer sju i ein søskenflokk på ni. Ho hadde inga utdanning ut over den vanlege sjuårige folkeskulen, og budde og arbeidde på heimegarden fram til foreldra døydde i 1880 og 1882. Ho vert karakterisert som målretta, sta og uredd. Då den eldre systera Karen, som hadde utvandra og slått seg ned i Chicago, oppmoda henne om å kome til USA, tok ho med seg veslesystera Dorte på 12 år og reiste. I 1884 starta det nye livet i USA.

Malla Moe var oppvaksen i ein haugianarheim der misjonærar og emissærar ofte var innom. Heime på Hafslo var ho knytt til garden, stølen og dyra og i USA skulle ho skulle fyrst og fremst skaffe seg jobb og ta seg av veslesystera. Vel framme i Chicago skaffa ho seg jobb på eit vaskeri og hadde ansvaret for Dorte. Det største problemet til Malla var det engelske språket, då ho ikkje hadde vore spesielt oppteken av skulegongen.

Malla Moe får misjonskallet

I Chicago søkte Malla til kristne og skandinaviske møtestader. Christoffer O. Brøhaugh, ein av emissærane i haugianarrørsla som ho hadde treft heime på Hafslo, vart pastoren hennar i Chicago. Det var først på eit evangelisk møte i kyrkja til den amerikanske vekkingspredikanten Moody ho vart åndeleg vekt og fekk kraft til å frelse. Etter kvart kom ho i kontakt med den nystarta «Skandinavisk Alliansemisjonen», SAMNA (seinare kalla TEAM), som den utvandra svensk-amerikanske globetrottaren Fredrik Fransen hadde etablert. SAMNA var ein internasjonal tverrkyrkjeleg luthersk-evangelisk vekkingsmisjon eller trusmisjon. Her var det bønn og forkynning som var hovudfokus i misjonsarbeidet, i motsetnad til mange andre misjonsselskap som konsentrerte seg om undervisning og helsearbeid.

Denne nystarta organisasjonen rekrutterte primært utvandra fattig skandinavisk bygdeungdom med lite utdanning, men med ei brennande sjel for å frelse. Kvinner var også sers velkomne i organisasjonen, som lova likestilling i evangeliseringa. Dette misjonsselskapet kravde heller ikkje nokon bibelskule. Malla Moe fylgde alle møta Franson hadde, og tanken på å bli misjonær byrja å slå rot for alvor. Trongen til å evangelisere gjennom misjonen vaks seg så sterk at ho deltok i eit praktisk misjonskurs på to veker og slutta seg til den fyrste gruppa misjonærar som Alliansemisjonen i 1892 sende til Afrika.

Malla Moe var då 29 år gamal og ho vart i Swaziland livet ut, i heile 60 år. Det personlege målet hennar var å frelse ei sjel kvar dag. I følgje Frederick Hales sette ho tydelege spor etter seg i den tidlege misjonshistoria i Swaziland.

Tøff etableringsperiode i Swaziland

Då Malla Moe og reisefylgjet hennar byrja reisa mot Afrika, var det eigentlege målet Matabeleland. SAMNA fann ut at Swaziland var ei upløgd misjonsmark, og dei valte å stasjonere seg der. Swaziland, no Eswatini, ligg søraust i Afrika omkransa av Sør-Afrika, med grense til Mosambik i aust. Det er eit monarki, men både Sør-Afrika og Storbritannia hadde økonomiske og strategiske interesser i landet og situasjonen var ustabil.

Misjonærane fekk ein tøff start og eit ublidt møte med Afrika. Før misjonsstasjonen var bygd opp og etablert var den opphavlege gruppa på åtte personar, halvert til fire. Leiaren for gruppa, Malla Moe sin beste venn og friar, døde av malaria, ein anna returnerte av økonomiske årsaker, ei kone døydde i barsel og enkemannen konkluderte med at det ville vere vanskeleg å ta vare på dei nyfødde tvillingane i Swaziland og forlét landet. Dei fire kvinnene gav likevel ikkje opp. Malla fekk tak i ein engelskmann som skulle lose dei til staden der misjonsstasjonen skulle etablerast. Med god hjelpt reiste fire kvinner, 80 dyr og ei vognlast full av ustyr ut i det ukjende 31. mai 1893. Vel framkomne til Bulunga etter ei reise på om lag seks veker nådde dei målet. Etableringa av misjonsstasjonen Betel kunne da ta til, og kvinnene og engelskmannen Dawson arbeidde side om side med å få opp husa. Å vere pionermisjoner skilde seg såleis i stor grad frå dei etablerte misjonsstasjonane der misjonærane kom til noko som allereie var etablert.  

Dei største hindringane for å drive frelse var at dei innfødde naboane deira var mistenksame og redde dei, samt misjonærane sin manglande språk- og kulturkunnskap. Det korte kurset dei hadde hatt kunne neppe gje så mykje kunnskap om afrikansk kultur og den gong visste dei heller ikkje kva land dei skulle til. Eit anna hinder var at dei innfødde var redde for at kongen ville drepe dei om det ryktast at dei hadde kontakt med misjonærane. Då misjonærane hadde si fyrste gudsteneste kom det ikkje ei sjel og lenge jobba dei tungt.

Haldningar til dei innfødde og deira kultur

Forfattar Susanna Lomheim Solem skriv at Malla Moe og leiaren Haugerud var samde om at dei i fyrste omgang ikkje skulle prøve å endre på dei innfødde sin kultur, men konsentrere seg om å vinne sjeler for Gud. Malla såg mellom anna med gru på ovdrykken til dei innfødde, handsaminga av kvinnene og den sterke overtrua som styrde livet deira. Likevel fann ho seg vener i eit samfunn som braut med hennar oppfatningar av rett og galt, til dømes fleirkoneri. Dette var nok kompromiss som misjonærane måtte inngå om dei skulle skape seg gode relasjonar til folket dei var komne for å frelse.

Eit vestleg prinsipp Malla Moe hadde tungt for å gje slepp på, var påklednaden. For henne var det ukristeleg å gå naken og hennar hjelparar måtte bruke kle. I følgje Hale prøvde Malla Moe og dei andre SAMNA misjonærane utan tvil å overføre eigne kulturelle verdiar til Swazifolket, til liks med misjonærar flest , og den største påverknaden skjedde gjennom skulen og undervisninga. Hale peikar likevel på at SAMNA i liten grad dreiv kulturimperialisme i forhold til andre misjonsselskap. Malla Moe hadde nok visse fordommar då ho byrja den omreisande verksemda si, men dei måtte vike for ynskje om at dei innfødde skulle ta i mot evangeliet. Og ho vart glad i folket sjølv om ho ikkje alltid forstod dei.

Til fots, med hest og med evangelievogn

I følgje Hans Nilsen Hauge og haugianarane kunne kvinner både forkynne og vere leiarar i dei mange venesamfunna, og hans kvinnesyn braut såleis med det tradisjonelle. Det er stor grunn til å tru at Malla si religiøse utvikling var inspirert av haugerørsla, skriv Hale i artikkelen om Malla.

Til liks med Hauge spreidde Malla Moe bodskapen sin på ein noko utradisjonell måte. Ho byrja med reiseverksemd. Ho fekk ikkje den kontakten med dei innfødde som ho ynskte og hadde mykje på hjarta. Malla bestemte seg difor for å oppsøke kraalane (dei innfødde sine busetnader), i staden for å vente på at dei innfødde skulle kome til misjonærane. Slik kunne ho betre nå dei innfødde og kanskje spesielt dei som var redde for represaliar frå kong Ngwani. Den fyrste turen var mislukka, dei innfødde jaga henne bort av redsel for kongen. Malla gav ikkje opp, og på neste forsøk lukkast ho med å få innpass i ein kraal under dekke av å lære meir Swazi og fortelje om sin konge. Fullasta med smågåver, seng og anna utstyr vandra ho og to innfødde gutar av garde til kraalen.  

Basen var misjonsstasjonen, men med jamne mellomrom bar det ut til dei innfødde. Frå siste delen av 1893 og til 1896 auka SAMNA opp innsatsen i Swaziland med fleire misjonsstasjonar. Lenge var dei innfødde skeptiske til denne misjonsdama, men etter kvart vann ho deira tillit mellom anna ved å vise interesse for folket levde saman med dei, åt maten deira og sov med dei på mattene deira.

Eit av dei fremste kjenneteikna ved reiseverksemda til Malla Moe og det som har gjort denne modige dama ikonisk i SAMNA, er Evangelievogna, ei husvogna trekt av esel. På sine eldre dagar vart det for slitsamt å gå milelange turar for å evangelisere, men å slutte å frelse sjeler ville ho ikkje, og Evangelievogna vart svaret. Fullpakka av gåver, mat og utstyr drog Malla, ein evangelist, kokk, to hjelparar, ein «sjåfør» , ein eselpassar og 16 esel av garde. Veger var det lite av, men dei slingra seg fram over elvar og stiar i heile ti år. Her budde ho, her evangeliserte ho og her tok ho i mot. På denne måten heldt ho kontakten med folket og kunne fortsetje arbeidet med å frelse nye sjeler. I følgje Hale bygde ho ho opp mange nye kyrkjer i denne perioden.

Gåver og skuledrift som verktøy

Ho hadde forstått at gåver var viktig for å oppnå kontakt, og dette vart eitt av kjenneteikna ved hennar misjonsverksemd. Ho såg på det som harmlaust og fortel sjølv at dei innfødde likt godt sukker og spurde henne om ho også skulle fare til andre kraalar slik at dei og kunne få sukker. I fjorten dagar oppheldt ho seg i kraalen. I følgje Solem tykte ho dei innfødde var skitne, fulle av overtru og maten var lite appetitteleg. Ho trudde aldri ho kom til å bli glad i dette folket. Men den brennande trongen til å frelse vann over redsel og fordommar for dette vart opptakten til den reisande evangeliseringa til Malla Moe.

Sjølv om SAMNA var ein frelsesmisjon der ordet skulle vere det primære, ikkje skule og helsearbeid, vart skuledrift også ein del av verksemda deira. Å frelse dei innfødde når språket var ei hindring var vanskeleg, og for Malla vart nettopp skulen inngangsbilletten til besøka i kraalane. Trass i skepsisen til mange av dei innfødde let dei borna kome dit for at dei skulle lære seg å lese og skrive, og misjonen hadde som mål å frelse dei og dermed indirekte påverke foreldra.  

Innfødde evangelistar- ein heilt ny praksis

Malla Moe vert sett på som ein pioner på samarbeid mellom ulike rasar i evangeliseringarbeidet. Ho var misjonær i ein teologisk konservativ organisasjon. Ho let seg ikkje stoppe av konservative haldningar og såg at skulle dei nå fram med bodskapen, var det viktig at dei innfødde sjølv deltok i evangeliseringa. Dette ville legitimere verksemda i større grad enn dei sjølve kunne klare. Dette grepet fekk også stor innverknad på misjonen si utvikling i Swaziland og vart seinare etterfylgd av andre misjonsselskap.

Den fyrste svarte evangelisten, John Gamede, vart rekruttert i 1895. Moe fekk løyve til å etablere ein stasjon der Gamede kom frå og saman med ei av dei andre misjonskvinnene, Lizzi Jørgensen, og Gamede bygde dei opp misjonsstasjon med skule alt same året. Dette var starten på eit årelangt samarbeid med Gamede og som gav verksemda hennar ein ny dimensjon. Fleire av dei omvende innfødde mennene vart knytte til misjonsstasjonane og rekrutterte til å drive evangelisering, noko som igjen førte til auka oppslutnad frå dei innfødde. Moe innførte soleis noko heilt nytt: innfødde menn som arbeidde side ved side med europeiske kvinner.

  

Ei modig og ukonvensjonell kvinne

Moe hadde fått eit oppdrag av Gud og det skulle ho oppfylle. Då den andre Boarkrigen braut ut i 1899, flykta mesteparten av SAMNA sine misjonærar til Natal, ein britisk koloni, kor dei var til krigen slutta i 1902. Malla Moe vart verande mesteparten av tida på misjonsstasjonen Betel, trass i at ho vart fråteken mat og dyra vart konfiskert av boarane. Berre ein kort periode var ho borte frå stasjonen, elles dreiv ho misjonsstasjonen for fullt ved hjelp av arbeidarane og evangelistane sine, og verksemda blømde. Då krigen var over, reiste ho på sin fyrste ferie.

I løpet av dei 60 åra Malla var i Afrika hadde ho ferie to gonger. Feriane nytta ho til å tigge pengar til drifta av misjonsverksemda og til å evangelisere. Begge gongene var ho ein tur heim til Hafslo. Solem fortel at ho var ikkje så populær i heimbygda då ho vart oppfatta  som dominerande og pågåande då ho nytta alle høve til å frelse.

Det står ein bauta over Malla Moe utanfor bedehuset på Hafslo, bedehuset ho sjølv tok initiativet til å få bygt på den siste ferien til heimlandet. Den eine broren gav tomta og hos den andre tigga ho skog. Ho fekk det som ho ville, og bedehuset står der den dag i dag, med små justeringar.

Saman med andre kvinnelege vestlege misjonærar tok Malla Moe oppgåver og rollar dei ikkje ville ha hatt i heimlanda, som lærarar, evangelistar, kyrkjebyggjarar etc. Sjølv om Malla Moe braut ut av den konvensjonelle misjonskvinnerolla, utfordra ho ikkje den mannsdominerte leiinga i SAMNA. Ho søkte heller ikkje om ordinasjon, i følgje Hale. Ho var ein evangelist og tala difor ikkje i forsamlingar. Ho hadde truleg heller ikkje bruk for ein konvensjonell talarstol for å nå ut med bodskapen sin.

Moe ser ut til å ha definert rolla si rimeleg fritt. Sjølv om ho ikkje var ordinært, valde ho ut og lærde ho opp prestane i kyrkjene ho fekk bygt. I følgje Solem var det på hengjande håret at ho ikkje fekk kome attende til Afrika i 1922 etter den andre ferien sin, grunna misnøye med henne og den dominerande leiarstilen hennar. Det heile løyste seg og ho kom tilbake. Hale peikar på at hennar historiske verdi fyrst og fremst skuldast det store og tunge ansvaret ho og nokre få andre SAMNA- kvinner tok på seg i startfasen av kristninga av Swaziland. Dei arbeida sjølvstendige og uavhengige.

Malla Moe har gått over i misjonshistoria som ei som sette spor etter seg i misjonsarbeidet i Swaziland, og innan misjonsverda vart ho nærmast legendarisk. Den britiske høgkommisæren Ainsworth har uttalt følgjande:

Om me er kvite eller svarte, rike eller fattige, lærde eller ulærde, betraktar me Malla Moe som den mest framragande misjonær i Afrika

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-89203.Tang, Per


Eskilt, Ingrid. Var uskolerte, frikirkelige misjonærer bedre enn sitt rykte? Kinamisjonær Anne Skollenborg fra Vegårdshei – et typisk eksempel? Henta frå Norsk Tidsskrift for Misjonskunnskap 2/2015


Hjort-Larsen, Anne. Våre formødre: misjonskvinnene. Henta frå Kilden kjønnsforskning.no 


Agøy, Berit Hagen. Misjonskvinne og samfunnsmenneske. Henta frå


Hale, Frederick. Henta frå Malla Moe and the founding of a nondenominational mission in Swaziland


Solem, Lomheim, Susanna (2011). Størst av alt er kjærleiken. Diktavia forlag.


Hetland, Tom. Misjonærane – dei første utanrikskorrespondentane. Henta frå

PERMANENT IDENTIFIKATOR