Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skinlostøylen



Skinlostøylen ligg på fjellet i ei høgd på ca. 705 m o.h. Den høyrer til Skinlo, gard nr. 85, i Gloppen. Som fleire andre stølar omkring ligg den bortimot 1 km ovanfor fjellgarden (skilje utmark-fjell). Stølsvollen er grøn og fin, men einerkratt tek til å trekke innover. På stølskvia ligg det 2 sel der det var 2-3 jenter i kvart. Ingen fjøs står att, men fine og velrydda steinmurar ligg i øvre kviekant.

Skinlostølen med stølskvie og sel, og fjøsmurar ovanfor.

Skinlostølen med stølskvie og sel, og fjøsmurar ovanfor.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det er 4-5 km rås opp frå tunet til stølen. Den nedre halvparten noko tung, men flatare lengst oppe. Det var over ein time å gå for stølsjentene.

Bruk av stølen

Storfetalet har auka sterkt på denne garden og, som på dei fleste andre gardane, var geita borte på 1800-talet. Dei flytta på stølen kring 1. juli og var der til kring barsok (24. august). Det er ikkje merke etter kviegard på stølen. Men stølsvollen er fint grasdekka og har nok vore gjødsla i mange århundre. Då har den og vore slått slik som stølane omkring, og høyet heimkjørt på vinterføre.

Siste helga før dei flytte heim, hadde dei frå eldre tider ein avslutningsfest. Då samlast dei ved Rustaselet som var stort og romsleg. Det ligg noko aust for Steinsåkerstøylen og nord for Sårheimstøylen. Då kom dei frå Øvresetstølen i aust til Hetlastøylen i vest til ein skikkeleg fest med felespel og dans. Stølsdrifta på Skinlostøylen var slutt i 1944.

Nokre fakta

Skinlo, gard nr. 85, Breim sokn, hadde 6 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR