Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Krøttersti og gropeforekomst i utmarka på Eide



I ei felles utmark på nordsida av Åfjorden vart det i eldre tid bygd ein krøttersti oppetter langs Botna-elva. Øvst oppe i elvegjelet er eit krotingsberg eller kanskje ein såkalla gropeforekomst.

Krotingsberg - eller gropeforekomst - i fellesutmarka på Eide ved Åfjorden. Fagfolk frå Universitetet i Bergen  har ikkje kunna trekkja nokon sikker konklusjon om type og tidfesting.

Krotingsberg - eller gropeforekomst - i fellesutmarka på Eide ved Åfjorden. Fagfolk frå Universitetet i Bergen har ikkje kunna trekkja nokon sikker konklusjon om type og tidfesting.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1971.

Fotograf: Per Bygnes.

Bruken av utmarka i gamle dagar

Utmarka var ein viktig del av garden i eldre tider. Her fann ein ressursar som kunne nyttast. Det galdt skog, jakt og fiske, bær av ulike slag og ikkje minst beite og stølsdrift. På garden Eide ved Åfjorden vart det i mai-juni og på ettersommaren drive jakt på orrfugl i området. Utmarka låg så nær til gardstuna på Eide, at det ikkje vart lagt opp til noka stølsdrift. Sauene søkte opp til beita. I tidlegare tider beitte også geiter i same utmarka. Men i området austafor Botna-elva vart flatene også nytta til kyrabeite 8-14 dagar om somrane.

Krøttersti til beita

For å nå fram til desse verdfulle utmarksområda vart det gjennom åra bygd ein krøttersti oppetter Eideklovet, dalen på båe sider av Botna-elva. Det var nødvendig å letta gonga for kyrne opp dalføret. Det var lett tilgang til fin byggjestein i ura langs elva. Ein av grunneigarane, f. 1910, meiner at stien var bygd før hans tid. I 1970-åra kunne ein framleis sjå tydelege merke etter denne krøtterstien. Men 30 år seinare, då utnytting av områda ikkje var aktuell lenger, var mykje av stien overgrodd av einer.

Krotingsberg eller gropeforekomst?

Etter oppstigninga i Eideklovet - i daglegtale berre kalla Klove - gjekk ein opp Grønebrekka opp mot ein bergnakke. I denne bergnakken er det hogd inn ei rekkje liner, krossar og groper. Etter at det hadde vore folk frå Universitetet i Bergen på plass i 1971, vart desse uthoggingane omtala som gropeforekomst. Den som leia gruppa var Gro Mandt. Hausten 1999 reiste ho sjølv stor tvil om dei små gropene i klebersteinsnakken i utmarka på Eide er å rekna som gropeforekomst. Slike groper er vanskelege å analysera og tidfesta.

Men eitt er sikkert. Innhoggingane i berget har vorte utførde av menneskehand. Kan det tenkjast at denne bergnakken var ein høveleg kvilestad etter den mødesame oppstigninga oppetter Klove? Eller var det ein fin stad der ein kunne sjå til beista på beite? Det kunne vera tidtrøyte i å skava i berget. Ein annan av dei eldre nåverande eigarane av fellesutmarka utelukkar ikkje at denne nakken var ein kvilestad, der folk også tok seg tid til å krota i mjukt berg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Mandt, Gro: Vestnorske ristninger i tid og rom. Bergen 1991.
Innselset, Sonja M: Skålgropa - kvinne-symbolet i bergkunsten. I K.A.N. Kvinner i arkeologi i Norge 19-20. Universitetet i Bergen 1995.
Informasjon frå:
Jakob Eide, Hyllestad.
Petter Eide, Hyllestad.

PERMANENT IDENTIFIKATOR