Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. mai 2005

Sist oppdatert 04. februar 2019

Kategori

Kommune

Gamal kommune-grensestein ved Røneidberget



Den 656 m lange tunnellen på vegen mellom Marifjøra og Gaupne vart bygd i åra 1974-1976. Gamlevegen langs sjøen på utsida er framleis open som fotsti. Her er litt av kvart å sjå og leggja merke til: - variert vegetasjon, bergarten, oppmuringar, ein kai av nyare dato, - og ein gamal grensestein.

Kommunegrensesteinen ved på gamlevegen forbi Rånnøyberget mellom Marifjøra og Gaupne. Han er ca 175 cm høg, 110 cm brei nede og ca 15 cm tjukk nede.

Kommunegrensesteinen ved på gamlevegen forbi Rånnøyberget mellom Marifjøra og Gaupne. Han er ca 175 cm høg, 110 cm brei nede og ca 15 cm tjukk nede.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2005

Fotograf: Hermund Kleppa

Grensesteinar
Kommunegrensene kjem i dag til syne på store og fargesprakande metallskilt ved riksvegane. I eldre tider sette dei opp grensesteinar, og somme av desse finst den dag i dag. På framsida står gjerne innhogge ein loddrett strek midt på som markerer grensa med kommunenamna på kvar side.
Det finst to typer kommunegrensesteinar. Den eine typen er "reine" grensesteinar utan oppsetjingsår: Den andre typen er steinar med årstal i tillegg. Årstalet markerer ofte opning av eit nytt vegstykke, eller at ein del av eit vegprosjekt "var ferdig hit dette året".

Døme på to typer i Luster
I Luster finst døme på begge typane. Ein grensestein med namn og årstal står på austsida av vegen i Venjumshola, før den 77 m lange Stupshøltunnellen ved Osen i Hafslovatnet. På steinen står øvst Sogn, deretter Hafslo I Sogndal og årstalet 1904, året vegen på vestsida av Årøyelva til Hafslo var ferdig hit. Det nye sambandet var ferdig i 1905. Den tidlegare vegen gjekk på austsida av elva, frå Årøy, opp Gildreskreda til Kvamshaug.

Grensesteinen på utsida av tunellen gjennom Røneidberget er ein "rein" grensestein, utan årstal. Her er innhogge Hafslo I Luster Skriftteikna er jamne og fint forma. Dei vitnar om dugleik og godt handverk.

Grensesteinen ved Røneidberget
Den kring 700 m lange vegen forbi Røneidberget er merka med fotsti-skilt i begge endane og det er råd å køyra av riksvegen og parkera. Frå Marifjøra-sida er det eit heilt kort stykke til ei kai bygd på 1980-talet i samband med kraftutbygginga i Jostedal. Fundamentet på gamlevegen ved ein bratt hammar tett innom, vart bortrive då dei bygde denne kaia. For å bøta på skaden, vart det laga til ei betongbru forbi hammaren.
Grensesteinen står ved enden av denne "brua", tett inn til bergveggen. Det er litt usikkert om dette er den opphavlege plassen eller om steinen har vorte flytta litt på.

Me veit ikkje når steinen vart reist, men det må ha skjedd ein gong mellom 1885 og ca 1920. Gamle folk kan ikkje hugsa anna enn at han stod der, og den fyrste køyrevegen mellom Rånnøy og Marifjøra vart bygd i åra 1877-1885 som fyrste del av Jostedalsvegen.

Rasfarleg vegstykke
Vegen forbi Røneidberget har alltid vore rasfarleg, både sommar og vinter. Våren 2005 vart vegen sperra av ras ved tunnellopninga nærast Marifjøra. Eit talande vitnemål om rasfarleg veg finn med i møteboka til kommunestyret i Jostedal. I 1905 hadde dei føre ein søknad frå Peder O. Urdahl om å få "anbefaling" i samband med at han hadde planar om å byggja dampskipsbryggje på austsida av Gaupnefjorden. Jostedølene støtta tiltaket fullt ut og skreiv mellom anna i fråsegna:

"Marifjæren som eneste nermeste dampskibstoppested er i mange henseende ubeleilig og farefuldt at komme til. Om vinteren er paa veistykket mellem Rønnei og Marifjæren ofte forekommende sneskred der styrter lige i søen til hinder for færdselen og i sneløsningen de hyppig forekommende isras som ogsaa medfører store farer og vanskeligheder, om Sommeren er man udsat for Jordskreder og steinsprang. Under disse omstendigheder har det ikke hendt saa skjelden at folk saa vit med nød og neppe har kommet fra det uskadt med livet.< /p>

Kommunar frå 1837 til 1964
Noverande Luster kommune omfattar dei tre tidlegare kommunane Hafslo, Luster og Jostedal. Alle vart oppretta i 1837 og slegne saman til den noverande Luster kommune i 1963. Alle hadde kommunehus, høvesvis på ytre Hafslo, på Dale, og Sagarøy, kring ein kilometer oppom Jostedal kyrkje. Gaupne vart senter i den nye storkommunen, og nytt kommunehus vart teke i bruk i 1968. Samstundes med kommunesamanslåinga gjekk dei tre sparebankane i Hafslo, Luster og Jostedal saman til ein under namnet Luster Sparebank.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. 1958.
Opplysningar frå:
Per Birger Lomheim, Statens Vegvesen, Region Vest.
Kommunearkivet i Luster, Jostedal kommune, formannskapet, møtebok 1900-1906.