Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Skipsforlis og strandingar i Solund



Skjergarden i Solund var brutal for seglskuter i sterkt pålandsvêr. Men også motorfarty tok feil, med tragisk utgang. Kring i øyriket ligg mange vrak, fleire er i dag lokkande dykkarmål.

Biletet viser 4000-tonnaren D/S "Mathilda" som forliste i Solund 03.10.18. Det 12 år gamle skipet vart etter kvart vrak. Fartyet, som var bygt av stål, var 120 meter langt. Mannskapet i eine livbåten hamna på eit snautt skjer i Sørværet ved Værlandet. Dei krabba seg saman på skjeret og freista unngå å fryse i hel. Ein person prøvde symje til lands, men omkom.<br />
Folk frå nær og fjern freista få tak i sorten av kveitekorn, og eit og anna frå vraket vart sjølvsagt skruva laust. Men vestapå Langøy står storhavet rett på, fartyet seig under, og køen av dei som såg etter korn og nytteting, måtte vende heim. Men det heitte seg at krabben dei fiska der, hadde rust på skalet i mange år.

Biletet viser 4000-tonnaren D/S "Mathilda" som forliste i Solund 03.10.18. Det 12 år gamle skipet vart etter kvart vrak. Fartyet, som var bygt av stål, var 120 meter langt. Mannskapet i eine livbåten hamna på eit snautt skjer i Sørværet ved Værlandet. Dei krabba seg saman på skjeret og freista unngå å fryse i hel. Ein person prøvde symje til lands, men omkom.
Folk frå nær og fjern freista få tak i sorten av kveitekorn, og eit og anna frå vraket vart sjølvsagt skruva laust. Men vestapå Langøy står storhavet rett på, fartyet seig under, og køen av dei som såg etter korn og nytteting, måtte vende heim. Men det heitte seg at krabben dei fiska der, hadde rust på skalet i mange år.

Eigar: Bergen Sjøfartsmuseum.

Datering: Ca. 1915.

Fotograf: Ukjend.

Mathilda havarerte vestapå Ospa

Eit av dei meir kjende forlisa var då D/S "Mathilda" kom inn frå havet og stranda vestapå Ospa. Det var under første verdskrigen. Ho førte kveite frå USA til Belgia. For å unngå torpedering vart ruta lagd inn mot norskekysten og så på sør. I skodda gjekk skipet for nær, bakka seg på land og vart ståande til sjøen braut det ned. Folka rodde i to båtar unna vinden, den eine hamna ved eit skjer i Sørværet, den andre kom til Myrevågen i Værlandet. Også folka på skjeret vart berga med unntak av ein som prøvde symje til lands.

Døde surra til riggen

Under første verdskrigen var det òg at lasteskipet "Sifen" (korrekt skrivemåte ukjend) rende i fjellet vestapå Oksen, i skodda. Båten kom frå Sør-Amerika lasta med mais og sokk på 40 meter. Mannskapet gjekk i livbåtane og rodde nordmed landet. Dei såg glimt av lys på Sveholmen og rodde inn til Hjønnevåg (Gjønnøyvåg).
Meir som eit under var det at seglskuta "Christiania" dreiv herrelaus inn det smale innløpet til Storsundet. Lett nordleg bris førte henne heilt inn på Hårrevågen. Dei såg mastene frå Sveholmen og rodde nord. Splitter nye segl hadde blåst or lika (fellingane). Alle om bord var døde, to var surra til riggen. Skipperen hadde kona og ein baby med, - barneklede og ein felehals flaut i ruffen. Trelasta heldt skuta flytane på rettkjøl. Ho vart slepa til Bergen.

Ruff vart stove på land

På Huseflua ved Gåsvær brotna ei seglskute i to. Lasta skulle bl.a. vere hamp, som dei etter kvart spann tråd og batt nøter av. Halvparten av fartyet vart berga inn til Gåsvær. Av ruffen vart sett opp ei stove i enden av våningshuset. Dette må ha vore før 1830
Vestapå Plitten dreiv eit seglfarty inn og forliste mot bergveggen. Skipshunden kom seg i land og hamna seinare på Lågøy. Han kvinka og gøydde sårt i hardt vêr!
Fylkesbaatane hadde dyktige skipperar og var heldige i dette ureine farvatnet. Men første båten, "Framnæs", måtte i 1913 ein tur under vatn i Nesefjorden.

Sjanselause mellom tunge stolpar

Kloss før siste verdskrigen gjekk "Frankenwald" på ved Ytre Steinsund og sokk. Hemmeleghald om lasta skapte spekulasjonar. I dag er vraket eit ynda dykkarmål.
Særs tragisk vart det då porsgrunnsbåten "Bandak" i februar 1949 tok feil ei ruskevêrsnatt med dårleg sikt. På veg til Sogn kom han for langt nord og gjekk i den bratte hammaren noko nord for Grønholmen. Båten sokk. Nedmed brattberget i den tunge sjøen var mannskapet sjanselause mellom flytande dekkslast. 7 mann kom vekk. Ein dreiv på vrakgods 2-3 kilometer innover Hopsosen til han nådde land. Han greidde ta seg fram til folk. Berre to berga livet.

kjelder:

Steinsund, Hans H., Om Mathilda i Ve og vel. 1998 nr.1 og nr.2 . Organ for Solund kommune.
Landøy, Sverre: I Firda.19.12.1978. Førde.
Informasjon frå:
Johan L. Hjønnevåg, Solund.
Asbjørn Gåsvær, Solund.
Noranger, Trygve: Vår lange kyst.

PERMANENT IDENTIFIKATOR