Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. februar 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Sal og leige av hest under den andre verdskrigen



I 1943 vart det oppretta kommunale hestenemnder her i landet. Dei hadde som hovudoppgåve å syte for at ledig hestekraft vart utnytta best mogleg. I tillegg skulle dei sjå til at gjeldande prisvedtekter for sal av hestar blei overhaldne.

Høyslått på Byrkeland, Hyllestad, i 1939. Sigurd Mjølsvik (1892-1974) sler med hesteslåmaskin. Han hadde opp til tre vaksne hestar og føl. Her ser me han sler med to hestar og slåmaskin. Det gjekk mykje lettare med to hestar, samstundes som gamlemerra lærde opp den yngre (SFFf-1994128.0004).

Høyslått på Byrkeland, Hyllestad, i 1939. Sigurd Mjølsvik (1892-1974) sler med hesteslåmaskin. Han hadde opp til tre vaksne hestar og føl. Her ser me han sler med to hestar og slåmaskin. Det gjekk mykje lettare med to hestar, samstundes som gamlemerra lærde opp den yngre (SFFf-1994128.0004).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1939

Fotograf: Ukjent

2. verdskrigen førte til at det vart det oppretta fleire offentlege organ med spesielle ansvarsområde. Den viktigaste var nok forsyningsnemnda, som hadde omfattande kontroll- og reguleringsoppgåver knytte til forsyninga av naudsynte varer.

Fordeling av dragkraftressursar kom for alvor på dagsorden i januar 1943. Landbruksdepartementet sende då ut eit rundskriv der dei bad om at det vart oppretta trekkraftnemnder i kommunane. Dei skulle syte for ei planfast utnytting av hestehjelp i skogsbygder.

I juli 1943 kom forordninga om sal og utleige av brukshestar. Trekkraftnemndene endra namn til hestenemnder, og samstundes blei reguleringstiltaka utvida til å omfatte sal og fordeling av hestar generelt.

Ein del hestar var rett nok unnateke forordninga, mellom anna dei som hadde premie og sløyfe, og dessutan avlshestar. For brukshestar skulle sal og utleige i meir enn 12 dagar gå gjennom kommunale hestenemnder. Også byte av hest måtte godkjennast av det offentlege.

Godkjenningsordninga var hierarkisk oppbygd, avhengig av det geografiske området handelen gjekk føre seg. Innan ein kommune var det den kommunale hestenemnda som avgjorde søknader. Var det snakk om sal av hestar mellom to kommunar, måtte det hentast inn løyve frå fylkeshestenemnda, og gjekk hestesalet over ei fylkesgrense, skulle Landbruksdepartement godkjenne handelen.

Hestenemndene bestod av ordføraren og formennene i skogrådet og jordstyret. Alle som hadde overskot og mangel på hestar skulle vende seg til nemnda. Private formidlarar av hest gjekk dermed mot trongare tider. Fylkesmannen sende ut ei liste med godkjente hestehandlarar, men det blei presisert at desse berre skulle fungere som kommisjonærar etter oppdrag frå hestenemndene.

Gampen og gråtass
Den offentlege iveren etter å styre hestehandelen hadde sjølvsagt samanheng med at landet var inne i ei krisetid, og at hestane utgjorde ein heilt sentral trekkraftressurs for samfunnet. I landbruket gjorde ikkje traktoren sitt verkelege inntog før etter at krigen var slutt, gjerne symbolisert ved Gråtass, ein traktor frå den britiske produsenten Ferguson.

I Sogn og Fjordane fanst det knapt nok motorisert trekkraft i landbruket då krigen braut ut. Offisiell statistikk syner at det var fem traktorar i fylket i 1939, mot over 12000 hestar. Den fyrste originale traktoren i Sogn og Fjordane vart kjøpt inn av Gunnar Fennemel i Hornindal, anten i 1938 eller i 1939.

Det er såleis vanskeleg å overdrive hesten si rolle i landbruket i krigsåra. Det er fleire døme på at bønder gav uttrykk for at dei kom i knipe når dei måtte levere hestar til den tyske vernemakta. I eit brev til hestenemnda i Lærdal var det til dømes ein gardbrukar som kom med fylgjande klagemål:

Den hesten eg har fått påbod um å levera er den einaste arbeidshesten eg har. Dei andre hestane eg har er ei utamd mer på 2 1/2 år og ein fole på 1 ½ år. Som de sikkert kjenner til har eg arbeid nok for 2 vaksne hestar. Eg har 25 mål åker å våronna, korleis skal eg greia dette med ein utamd 3 åring, som attåt at ho er utamd er eitt stort ubeist.

Rekvirering av hestar til tyskarane førte òg til ein vanskeleg situasjon for mange bønder i Gaular: «Då mange kjem i ei vand stoda med di utskrivinga gjer dei hestelause, må ein så sterkt ein kan, råda til at det vert gjeve løyve til å rekvirera t.d. toåringar etter takst til desse leverandørar.» Hestenemnda meinte at ein slik rekvisisjon kunne gjerast hjå dei som hadde ein vaksen brukshest og ein eller fleire ungdyr.

Det tok vanlegvis tre år før ein hest var fullt dugande til arbeid. På mange gardar måtte det dessutan to arbeidshestar til å trekkje slåmaskinene. Elles vart hestar brukte til mange slags oppgåver, til pløying, i skogen, kløving med meir.

Hestane var ikkje berre arbeidsverkty. Mange hesteeigarar hadde nok også eit kjenslemessig forhold til dyra sine. I Naustdal vert det fortalt at ein bonde gret sårt då tyskarane tok øyken hans, sjølv om han fekk ein annan hest til vederlag.

Hestesituasjonen i Sogn og Fjordane under krigen
Korleis var det så med behovet for trekkraft her i Sogn og Fjordane? Det kunne nok variere ein del frå kommune til kommune. Frå Stryn blei det i 1943 meldt at dei var nokolunde hjelpne med hestar. Med god utnytting av dei dyra som stod til rådvelde, ville dei greie seg bra. Men balansen mellom behov og tilbod av trekkraft var hårfin, og det skulle ikkje mykje til for å skiple likevekta.

Omlag den same stoda kunne hestenemnda i Gloppen melde om: «Nemnda meiner det er knapt med hestehjelp i heradet. Til dette kjem at største parten av arbeidshestane her er følmerar, så det er ikkje tale om å avsjå hestehjelp til andre herad. Heradet får likevel freiste å greie seg med den hestehjelp det har.»

Frå fylkesdyrlækjar Maalsnes kom det derimot eit litt anna læta. Då han i avisa Firda i 1943 vart spurd om det var nok hestar i fylket, svara han: «Ja, det er det, av unghest er det til og med meir enn nok.» Maalsnes meinte det var for mykje al i fylket, og at det gjekk ut over kvaliteten på hestane.

Ei årsmelding frå fylkesagronom Tryti for1942 om jordbruket i Sunnfjord stør opp under fråsegnene til Maalsnes. Han listar opp mange slags vanskar bøndene stod overfor. Eit stort problem var forsyninga av materiell, mellom anna sement, noko som gjekk ut over bygginga av gjødselkjellarar. Tryti framheva òg at minkande tilgang til kunstgjødsel utgjorde eit problem. Dessutan var mangel på arbeidshjelp ei utfordring for ein del bønder. Derimot blir det ikkje nemnt at skort på hestar utgjorde eit problem.

Det kan såleis sjå ut til at fylket greidde seg bra med omsyn til hestehjelp under krigen. For ein del bønder kunne nok tvangsutskriving av hestar til den tyske vernemakta representere eit problem, men vurderer ein Sogn og Fjordane under eitt, ser ikkje rekvireringa ut til å ha vore svært tyngande.

Aktiviteten til hestenemndene 
Arkiva etter hestenemndene ruvar ikkje nett i det kommunale arkivtilfanget. Fleire av dei har svært lite dokumentasjon om aktiviteten sin. Det kan sjølvsagt tolkast slik at det faktisk var lite omsetnad og utleige av hestar under krigen. Men det kan like gjerne vere eit uttrykk for at ein del av handelen gjekk utanom dei offisielle kanalane.

I fleire rundskriv frå fylkesmannen blei det presisert at sal og leige av hest måtte skje gjennom dei kommunale hestenemndene. Slike påminningar frå høgare autoritetar var det behov for. Så seint som i april 1945 var det ulovleg hesteomsetnad i Lærdal. Fylkeshestenemnda kverrsette då tre brukshestar som var komne til bygda utan å ha blitt formidla gjennom det offentlege.

I Gaular gjekk truleg mykje av hesteomsetnaden utanom kommunal godkjenning. Frå 1944 finst det dokumentert ei sak som gjev forvitnelege opplysingar om hestesalet i bygda. Ei to år gammal hoppe var blitt selt ulovleg, og med det starta ein langvarig strid mellom seljaren og hestenemnda. Bonden hevda hardnakka han ikkje var klar over at han måtte henta inn løyve frå nemnda før han selde hesten. Vidare påstod han at det var vanleg i Gaular at kjøp og sal av hest føregjekk fritt. Til støtte for seg henta han inn fråsegner til fleire sambygdingar. Ein av dei hevda at ”[...]sovidt eg kjenner til, har det ikkje vore praksis av Gaular hestenemnd å godkjenne omsetnad av hest innan herradet. Eg kjenner til at det innan herradet hev vore omsett hest og nokon godkjenning av hestnemnda veit eg ikkje um.” Påstanden kan nok stemme, for i arkivet til hestenemnda i Gaular er det dokumentert svært få salsløyve.

Hestenemndene er ei nyttig påminning om at firbeint draghjelp spelte ei avgjerande rolle i landbruket langt fram mot våre eiga tid På eit vis symboliserer desse nemndene eit høgdepunkt for hesten som arbeidsdyr. Då krigen ebba ut, stod det andre hamskiftet for døra. Med det måtte hesten gradvis vike plass for traktoren.

kjelder:

Espeland, Sigve: «Hester til den tyske vernemakt» : hesteholdet i Torvastad kommune under 2. verdenskrig. S. 18-20. I: Arkheion 2006, nr. 1


Kleiveland, Geir: Naustdal bygdebok:allmennsoge. 1999


Sæbø, Arnt Inge: Vik trekkraftnemnd. S. 51-52. I: Pridlao 1995, nr. 1


Timberlid, Jan Anders: Jordbruket i Sogn og Fjordane 1945-1995. S. 149-155. I: Pridlao 1996, nr. 1


Tomasgard, Paul O.: Traktoren erstatter hesten som trekkraft i honndalsjordbruket. S. 26-38. I: Historisk årsskrift 1996


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Eid kommune. Hestenemnda


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Gloppen kommune. Hestenemnda



Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Gaular kommune. Hestenemnda



Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Lærdal kommune. Hestenemnda


Munnleg informasjon frå Olav K. Bøyum

PERMANENT IDENTIFIKATOR