Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Brannen i Refvika i 1872



Bygda Refvika ligg mellom Refviksanden i nordvest og Refvikvatnet i søraust. Fram til 1872 budde alle folka på garden i same tunet, og husa stod tett i tett. Den dagen braut det ut brann, og i løpet av fire timar var 46 hus jamna med jorda og 113 menneske huslause. Ein storstila hjelpeaksjon vart sett i verk, og bygda kom seg snøgt på føtene att. I Refvika ligg òg Refviksanden som Dagbladet i 1988 kåra til den flottaste badestranda i landet.

Fram til 1872 låg alle husa på garden samla i eit tun. I dag er husa spreidde utover den store flate sletta mellom Refviksanden og Refvikvatnet. Refvika har vore ei god jordbruksbygd.

Fram til 1872 låg alle husa på garden samla i eit tun. I dag er husa spreidde utover den store flate sletta mellom Refviksanden og Refvikvatnet. Refvika har vore ei god jordbruksbygd.

Eigar: R. Myre.

Datering: 1999.

Fotograf: R. Myre.

Den 22. august 1872

Bygda Refvika ligg mellom Refviksanden i nordvest og Refvikvatnet i søraust. Fram til 1872 låg alle husa på garden samla i ei klynge midt på den store flate, sletta mellom sanden og vatnet. På denne tida budde det vel 100 menneske på garden. Den 22. august 1872 leikte nokre små born med eld i ei løe, og det enda med at dei sette fyr i høyet. Følgjene skapte avisoverskrifter i store delar av landet.

Illustrasjon om korleis brannen kan ha sett ut.

"kun en Rygende askehob"

I ei avis i Bergen skreiv prost Fredrik Wilhelm Koren følgjande om saka: "Torsdag 22. august om morgenen kl. 07.30, da de fleste mænd allerede var på havet for at fiske, lekede nogle små børn i en lade, og ved en uforsiktighed satte de ild i høiet. Da de så ilden, styrtede de forskrækkede ut og gjemte sig. Imidlertid slo ilden mægtig ud fra laden og antænte det nærmeste hus, hvor beboerne med forfærdelse styrtede ud og kun med livsfare fikk reddet sine små børn. Ustanselig sprang ilden fra hus til hus, og for hver lade som antæntes, hævede røgsøilen sig mot himmelen, så at man så den i flere mils avstand. De fraværende fiskere så også at der var noget på ferde, de ilede hjem og fandt kun en rygende askehob og grædende kvinner og børn. I løbet av 4 timer var 46 hus jævnet med jorden og 113 mennesker uden hus og de fleste blottet for alt. "

Turre tømmerhus og turt høy

Dei gamle tømmerhusa var turka av sommarsola. Slåtten var over og løene var fulle av turrhøy til vinteren. Kornet på åkrane tok til å gulna. Brannen øydela heile høyavlinga i Refvika, og mykje av kornet brann også opp. Eit par dagar etter brannen skreiv eit augnevitne: "Kvinder og børn har huslyd i nøst og gardfjøser. Mændene overnatter paa aaben mark paa brandtomterne som endnu ryger." Det tette klyngetunet i Refvika førte til at brannen fekk særleg store følgjer. Berre eitt hus og tre løer makta dei å berga ved å riva dei ned og flytta dei unna elden.

Alle hjelpte til

Attereisinga etter brannen gjekk snøgt. Folka i Refvika fekk god hjelp. Berre fire dagar etter brannen samla kommunestyret i dåverande Selje kommune seg. Dei folkevalde var samde om at folk i Refvika måtte få hjelp straks med mat og anna dei trengde og deretter hjelp til å setja opp nye hus. Det vart òg utpeika ein person i kvar av dei 23 skulekrinsane til å samla inn pengar til hjelpearbeidet. I tillegg vedtok kommunestyret at alle gardbrukarane i prestegjeldet skulle levera 1-2 våger (ca. 40 kg) høy til dei brannlidne før vinteren. Det kom inn pengar frå fjern og nær. I Bergen vart det sett i gang ei storstila innsamling. Alt dette gjorde at bygginga av nye hus kunne skje mykje snøggare enn elles.

Bilete av Refvika.

Ny brann i 1914

Etter brannen i 1872 kravde gardbrukarane utskifting. Husa vart deretter bygde opp att om lag slik me kjenner bygda i dag. Dette minka faren for at noko slikt kunne skje på nytt. Likevel kom det til å skje, men i mindre målestokk. Ei natt i mars månad i 1914 tok det fyr i ei torvkasse som stod på kjøkenet på eitt av bruka i Refvika. På den tida fyrte dei mest berre med torv. Kanskje hadde ei glo frå omnen hamna i torvkassen. Brannen spreidde seg snøgt og våningshuset, løa og fjøset på dette bruket brann ned. Mennene var borte på fiske, men to kvinner og ei jente på 14 år makta å få ut alle husdyra. Husa brann ned til grunnen, men også denne gongen kom nye hus snøgt på plass.

Bilete av våningshuset i Refvika.

Refviksanden

Refviksanden er nesten sju hundre meter lang. Sanden er kritkvit og nær 100 meter brei. I 1988 vart Refviksanden kåra av Dagbladet til den flottaste badestranda i Norge. Stranda er grunn, og her er fint å vera sjølv for små ungar. På solrike dagar om sommaren kan det meste av stranda vera oppfylt av glade badegjester. Men vêret kan òg vera hardt i Refvika. Dei fleste husa her har 1-2 meter tjukke murar som skal verna dei mot vinden frå søraust. Det er ikkje stormen frå storhavet som er verst. Det er dei sterke vindane frå søraust som vert pressa i hop mellom dei høge fjella og kjem i sterke kast mot husa.

Bilete av Refviksanden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Johansen, Karl Egil: Brannen la bygda i oske. Fjordenes Tidende, fredag 22. august 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR