Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. mars 2005

Sist oppdatert 19. mai 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Forsvaret



I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om kva rolle forsvaret spelte i denne saka.

Soldatar på Iddsletta utanfor Halden i 1905. Personen bak mitraljøsa, nr. 2 frå høgre, er Anders K. Thue frå Balestrand. Han vart uteksaminert befal i 1901. Truleg er det fleire frå Sogn og Fjordane på dette biletet.

Soldatar på Iddsletta utanfor Halden i 1905. Personen bak mitraljøsa, nr. 2 frå høgre, er Anders K. Thue frå Balestrand. Han vart uteksaminert befal i 1901. Truleg er det fleire frå Sogn og Fjordane på dette biletet.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-1993154.0006

Datering: 1905

Fotograf: Ukjend

Eigen hær i 1628

Det er vanleg å rekna at Noreg fekk eigen hær i meir moderne tyding ved kongeleg ordinans i 1628. Kong Christian IV gav opp leidangen og oppretta regiment og etter kvart og rytteri og artilleri. Bakgrunnen for dette var mellom anna dei dårlege røynslene danskekongen fekk med deltaking i 30-årskrigen.

Etter kvart vart det bygt opp ein bra norsk forsvarsstyrke. I krigsåra 1807-1814 hadde Noreg ein etter måten stor, ståande hær i høve til folketalet. Denne spelte ein viktig rolle i 1814. På grunn av denne hæren, vart det lettare for Noreg å krevja innverknad på eiga framtid. Hæren i 1814 var ein nasjonal profesjonshær, ikkje ein leigehær som det var mange av på den tid.

Noreg hadde eigen hær, men flåten var felles med Danmark og hadde hovudbase i København. Mykje av flåten vart teken av engelskmennene i 1807 då dei gjekk til åtak på København.

Det var krigshandlingar mellom Noreg og Sverige i åra 1807-1814, og mange frå bygdene i Sogn og Fjordane vart utkalla og leid mykje vondt. Ein som var soldat ved grensa, fortalde seinare at han svolt mykje, og tenkte ofte på alle steinbithovuda dei hadde kasta heime på garden. Ein anna vart teken til fange av engelskmennene og vart kledd opp i nytt, engelsk undertøy. Desse kleda var han svært stolt av då han slapp fri og fekk kome attende til heimbygda.

Fram til 1814 hadde ofte Sverige vore vår hovudfiende. No fekk me felles konge. Etter 1814 trudde mange at ein kunne sjå bort frå krigsfaren.

Mange stridssaker

Det kom snøgt opp nye spørsmål som gjorde forsvarssaka aktuell. Først kravde Danmark at Noreg skulle betala ein stor del av statsgjelda. Dei fekk stormaktene med på å pressa Noreg, og Stortinget bøygde av. I 1848 gjorde tyskarane i Slesvik-Holstein opprør med støtte frå Prøyssen. Svenskekongen hadde lova Danmark hjelp. Han samla ein norsk-svensk hær i Skåne. Etter press frå Russland og England bøygde Prøyssen av.

Under Krim-krigen (1853-1856) kom spørsmålet om grensa mot Russland i Finnmark opp. Russland var misnøgde med grensetraktaten frå 1826, og militære alliansar vart drøfta. Saka løyste seg.

På det politiske plan oppstod det etter kvart motsetningar mellom Stortinget og den svenske kongen. Stikkord var mellom anna vetorett i grunnlovssaker, utnemning av stortingspresidentar, korleis flagget skulle sjå ut, statsrådane sin rett til å ta del i forhandlingar i Stortinget og sjølvsagt spørsmålet om eige norsk konsulatvesen.

Striden i 1895

Striden om eige reint flagg og eige konsulatvesen vart akutt i 1895. Våren og sommaren var det spent stemning, og Riksdagen i Sverige avviste kontant dei norske krava. På svensk side vart det lagt militære planar mot Noreg, og Noreg bøygde av. Sverige var militært sterkare, og Stortinget leid nederlag i unionspolitikken sin. Dette resulterte i at Stortinget vedtok å gjera forsvaret betre. Både hæren og marinen vart styrka monaleg. Stortinget løyvde ekstra 7 millionar til hæren og 10 millionar til marinen i 1895. Frå 1902 vart løyvingane noko reduserte, og ein hadde då langt på veg nådd målet med denne oppgraderinga. I åra etter 1895 vart og verneplikta styrka og utvida.

Sverige innførte ny hærordning i 1901 utan at dette sikkert kan setjast i samband med striden med grannelandet.

Ved kgl. Resolusjon av 12. januar 1899 vart det vedteke at til innkalling av landstormen ved mobilisering skulle prestane sørgja for ringing med kyrkjeklokkene og at dei skulle hengja ut eit raudt flagg frå tårnet.

Skyttarsaka

I Sogns Tidende 14. mars 1905 hadde H. M. Knudsen frå Leikanger skrive eit stykke om skyttarrørsla som støtte til forsvaret.

Den nationale sjølvkjensla som i desse dagar hev vakna hjaa nordmenn og som kjem fram i tale og skrift, kann no me skyttarar gleda oss yver meir enn nokon annan. Me veit no at det arbeide, den eldhug, som me i desse mange og lange aar hev nedlagt, no kjem vaart fedraland tilgode. Den kunst aa treffa maalet, som me hev lært i skyttarlaget, den kunst er det som i aalvorsstundi kann frelsa fedralandet. [...]

Skyttarsamskipnaden hadde sin misjon i 80-åri, den hev kvart aar seinare havt sin misjon: aa uppøva 30-40 000 mann i våpenbruk, og det skal i 1905 kunna takast med som eit sterkt tillegg i vaart forsvar, for norsk sjølvstende, um me maa forsvara vaar fridom mot framande inngrip. Me skyttarar gleder oss yver, at vaar dugleik i vaapenbruk kann koma fedralandet tilgode.

Eg vil beda vaar ungdom, kvar mann: meld dykk inn i skyttarlagi! Lat oss fullt upp verta eit folk i vaapen! Det er vaar billegaste og stoltaste vern: det er vaar folketrygd; det gjev os kraft til aa yverlevera vaar friddomsarv, som me fekk hjaa fedrane, til etterslegti vaar, meir frilynd, meir frigjord.

"Lat det merkast i meir enn i ordi,
at me halda den arven istand,
at naar fedrarne sjaa att paa jordi,
dei kann kjenna sitt folk og sitt land!"

Bladstyret tykte vel om Knudsen sitt innlegg og skreiv mellom anna:

Me vil nytta høvet til aa takka alle skyttarformenner i Sogn og alle ihuga skyttarlag, at dei i so mange og lange arbeidsaar hev halde ut ofte under mykje stræv og ein uvitig folkedom. Og den otte for vaart kjære land, som i brystet hjaa kvar og ein, den otta maa skapa nytt liv i lagi. Paa bana, ungdomar, og menner med! Det maa ganga her som i andre strok av landet, at lagi veks munarleg no.

Um lagi kunde samla seg ein og annan gongen og gaa i flokk og fylgje under takt og orden paa skytebana, so vilde ogso det vera ny oppmoding til folk um aa koma med.

Sjølvsagt er her for faa gjevær i lagi, me einskildmenn som hev utkoma, bør gjera kva dei kann og kjøpa seg gjevær. Kanskje vilde det vera godt um hr. Knudsen vilde upplysa litt her i bladet um gjeværkjøping.

Ny krise i 1905

Stortinget vedtok konsulatlova 18. og 23. mai 1905. Kongen nekta sanksjon, og situasjonen vart tilspissa. Stortinget hadde no sterkare maktmidlar i ryggen og oppløyste unionen. Utover sommaren og hausten var situasjonen spent. Den 13. september vart det gjennomført delvis mobilisering. Hæravdelingar frå store deler av landet vart kalla inn. 22.500 mann kom under våpen samstundes med at heile flåten var klar til kamp under dei siste og avgjerande tingingane.

På svensk side gav riksdagen den svenske regjering løyve til å låna 100 millionar kroner på grunn av situasjonen som hadde oppstått. Det vart laga planar for oppmarsj mot Noreg og flåten vart omplassert. Planen var å få til ei militær avgjer mot Noreg før vinteren kom. Forhandlingane i Karlstad løyste krisen. I det svenske folket var det og stor motstand mot å gå til krig mot folket i grannelandet. Etter semja i Karlstad måtte Noreg leggja ned ein del festningsverk langs grensa og redusera vedlikehaldet av andre.

Eksersisen på Eid

Ola Mjellem frå Hyen møtte på eksersisplassen på Eid 1. mai 1905. Det var 2 kompani med til saman 350 mann. Alle venta i spaning og skjøna at dette kunne verta alvor. Då dei hadde vore på eksersisen 24 dagar, tok det til å gå rykte om krig med Sverige. Nordfjord bataljon stod for tur til å marsjera mot grensa. Generalen sende telegram om at ingen fekk perm. Alvoret seig inn. Ikkje lenge etter kom det likevel telegram om at styrkane kunne få dra heim, men vera budd på innkalling kva tid som helst.

Det var skikkeleg eksersis den gangen i 1905. Då to karar snakkast på Eid i 1938-39, kom dei inn på eksis før og no. "Du må kje snakke om eksis no," sa Hyenes'n. "Her har ikkje vore eksis på Eid sidan 1905." Mjellem var og med då dei firte flagget med unionsmerket, sjå artikkel om 1905 i Eid kommune. "Fred med ditt støv" sa løytnanten med det same det gamle unionsmerkte flagget nådde bakken

"fælt sinte på svenskjen"

I Selje var det og folk som vart mobiliserte til grensevakt. Ein eldre kar vart spurd om dette og svara slik om grensevakt i 1905: "Eg kan kje hugse anna elde folk va innkommanderte te vakt. Ein bort på Øyrinne va stad, og ein utpå Nesa med. Da va ein her ta Flistre. Då va dei fælt sinte på svenskjen. Dei hadde ikkje tekje nå te gjestebods då."

kjelder:

Norge 1814-1964. Bind 2, Oslo 1963


Sogn og Fjordane i manns minne. Daglegliv ved hundreårskiftet.Det Norske samlaget. Oslo 1973.


Sogns Tidende 14.03.1905


Jakob Bragstad. Fjordane Infanteriregiment nr. 10Elanders Forlag Oslo 1996


Dr. Yngvar Nielsen:Norge i 1905C. Andersens Forlag. Horten 1906.

PERMANENT IDENTIFIKATOR