Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. mai 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Kalvåg bedehus



Kring årsskiftet 1800/1900 byrja utsendingar frå Indremisjonen å halda møte på Kalvåg. Det leigde lokalet vart snart for lite, og våren 1910 valde ei gruppe «interesserede» ein komite som skulle gå i gang med å få bygt bedehus. Kalvåg bedehus stod ferdig hausten same året. I 2013 er «Bedehuset» i tettstaden Kalvåg eit stort og godt utstyrt forsamlingshus. På ein av veggane er det slege opp kopiar av dokument som fortel noko av soga til bedehuset.

 Kalvåg bedehus, bygt 1910.

Kalvåg bedehus, bygt 1910.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Arbeidskomite

Onsdag 2. februar 1910 var folk samla i prestegarden på Frøya for å handsama eit framlegg om å byggja bedehus på Kalvåg. Med på møtet var også fem fiskarar frå andre stader. (Kalvåg var eit fiskevær med stor tilstrøyming av fiskarar vinterstid). Samrøystes vart det vedteke å gå i gang. Ein føresetnad var at huset skulle stå til «fri disposition for fiskerne» i «fisketiden». Eit innspel om samarbeid med ungdomslaget Framsteg om felles hus fekk ikkje tilslutning. Dei ville byggja eit hus «udelukkende til religiøst brug». Til å leia det førebuande arbeidet valde møtet ein komite på åtte menn: Ole Mikael Sørbotten, Ole P. Liset, Thor O. Stenset, J. Kleive, Peder Larsen Frøyen d.e., «sognepræst» Gunnar Olsen, Lars J. Frøyen og Peder Paulsen Frøien, «kasserer».

Søknad til Kongen om «Statsbidrag»

I august sende arbeidskomiteen søknad til «Kongen» om byggjetilskot på 1500 kroner. Søknaden legg vekt på Kalvåg som fiskevær, eit «centrum for Vaarsildfisket», og «nødvendigheten av eit saadant lokale» for dei mange tilreisande fiskarar. Det vert også vist til at det er gjeve statstilskot «i lignende foretagender.»

I søknaden vert det elles opplyst kva arbeidskomiteen har stelt med og fått «udrettet»: a) fått løyve på fri grunn på eit areal i Kalvåg tilhøyrande prestegarden, b) skaffa garanti på eit lån, kr. 2000.-, c) sendt ut «en hel del» innsamlingslister til folk på staden og tilreisande fiskarar, og d) fått ordna med teikningar og kostnadsoverslag på kr. 6000.-. Prosjektet fekk 1000 kroner i statstilskot.

Bygd hausten 1910

Ei seinare påteikning, datert 13. februar 1911, på eit vedlegg til søknaden om statstilskot, datert 21. august 1910, inneheld opplysningar om byggjinga:

«Kalvaag bedehus blev opført høsten 1910 af bygmester (…) fra Florø (den samme som har opført Florø bedehus) efter en fra her til Kirkedepartementet indsendt noget forandret plan, som herved vedlegges (udført af sergeant I. Kleive hersteds).»

Lover

Eit av dei oppslegne dokumenta er avskrift av lovene for bedehuset, datert 5. mars 1938. Det går fram at lovene er dei same som då huset vart teke i bruk, bortsett frå ei mindre endring. Lovene fastset namn og eigar; Kalvåg bedehus og «Bremanger sogns indremisjonsforening. Styret skal veljast mellom medlemmene i Bremanger indremisjonsforening. Stemmerettsalderen er 25 år, og både «mand og kvinde» har stemmerett. Paragraf 4 handlar om oppgåvene til styret:

«Bestyrelsen har: 1) at sørge for avbetaling av bedehusgjeld og for vedligehold og renhold o.s.v., 2) at avgjøre hvem der skal tale i huset. De som taler i huset skal bekjende sig til den evangelisk lutherske bekjendelse og fra kjendte og paalitelige mænd ha vidnesbyrd for liv og lære.»

Paragraf 6 handlar om bruk av bedehuset i fisketida:

«Under vinterfisket skal bedehuset stå til fri disposition for indresjømandsmissions emissærer utan nogen godtgjørelse. Bestyrelsen har efter samråd med emissæren at avgjøre hvorav det i vinterens løb indkomne [pengebeløp] skal gå til bedehuset og hvormeget til indresjømandsmission.»

1952 – opprop til bygdefolket

Våren 1952 sende bedehusstyret ut opprop til bygdefolket om pengegåve. Oppropet viser til kva huset har vore nytta til: «kristeleg oppbyggjingsverksemd, festlege tilstellingar og utlutingar, - ikkje berre misjonsfestar, men også tilstellingar av humanitær art, så som tilstellingar for redningssaka, Gamleheimen, Santiteten, 17. maifestar og julefestar, konsertar, leserom for fiskarane i storsildtida».

Dei årlege utgiftene går til vedlikehald, brensel, pedell (vaktmeister), skattar og trygdepengar [brannforsikring]. Større utgiftspostar har ein hatt til nye omnar, nytt podium og garderobehyller. Inntektene har kome ved nyårsfest og leige ved basarar og festar. «Dette året» er det planen å ordna med utvendig måling, nye gardiner, ein del kjøkkenutstyr og nokre nye elektriske lamper.

«Skal vi greida dette, må der pengar til», står det til slutt i oppropet. Tanken var først å skipa til eigen basar, men sidan det alt har vore fleire basarar, valde «ein» å gjera det enklare med å senda «tiggarbrev» vedlagt offerpose til alle huslydane i bedehusdistriktet.

1963 – søknad om kommunalt tilskot

Etter vel 50 år søkte bedehusstyret om «pengeløyving» frå Bremanger kommune. Dei held på med eit større vølingsarbeid som er heilt naudsynt etter krav frå Bremanger helseråd. Denne søknaden seier også noko om bedehuset si soge. Sidan 1910 har ikkje huset vorte vølt eller «modernisert» bortsett frå «vanleg vedlikehald med måling.» Huset står no på sjølveigande tomt.

Bedehuset har vore brukt til møte, festar, stemne, konsertar, bryllaup, gravferder og til «skulerom». Dessutan har huset fleire vintrar vore brukt til «fiskarheim».
 

Vidare gjev søknaden greie for omfanget av utbetringsarbeidet: kjøkken, garderobe og toalettrom, dessutan ny elektrisk installasjon. Huset skal løftast slik at ein får kjellarhøgd under heile huset, og samstundes flyttast 10 meter austover av omsyn til reguleringsplanen for Kalvåg. Kjellarhøgda vil etter dette få inngang, garderobe, tre toalettrom, kjøken og ein romsleg matsal.

Arbeidet skal finansierast ved eigne midlar på 14.000 kroner og pantelån i Bremanger Sparebank 20.000 kroner, dessutan gratisarbeid av bygdefolket og gåver, som ein endå ikkje har fullt oversyn over. Dette er likevel ikkje nok til å få huset i fullgod stand. «Sjølv om heile bygda (folket på øya [Frøya]) sluttar mannjamnt opp om dette tiltaket», står det til slutt i den oppslegne søknaden, «skal det noko til å greida få huset ferdig, slik det bør vera, utan offentleg stønad. Styret for bedehuset tillet seg difor å koma med ein søknad til Bremanger kommune på kr. 20.000.»

2013

Alt dette er noko av det besøkjande kan lesa på historie-veggen i Kalvåg bedehus. Dessutan finst det andre historiske spor: foto av tidlege styremedlemmer, ein ekte bedehuskjel i kopar, opphavlege dører, m.m. På utsida står «Bedehuset» innskore i tre. Både utvendig og innvendig framstår Kalvåg bedehus som eit godt vedlikehalde hus, tilrettelagt for eit mangfald av aktivitetar. Sidan det store utbetringsarbeidet i 1963 er det kome til universell tilgang ved hovudinngangen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kalvåg Bedehus: Oppslegne kopiar av dokument i bedehuset frå bedehusarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR