Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Heidersteikn til jordmor - Bertha M. Nes på Veitastrondi



Ein dag i august 1927 var redaktøren i avisa Sogningen på besøk på Veitastrondi. I eit større stykke etterpå stod det også noko om jordmora i bygda, Bertha M. Nes. Ho hadde vore jordmor i 33 år og heile denne tida hadde ho ikkje hatt eit einaste uhell. Om hausten vart ho heidra med Kongens fortenestemedalje.

Nes i 1949 med Bui (Andersbui) attmed båten. "Fram i byen" sa strendingane om Nes, der det var landhandel, stoppestad for rutebåten på folkemunne kalla Motoren og tett i tett med hus. Bertha Nes og familien hennar budde i huset midt på biletet der det står mange folk.

Nes i 1949 med Bui (Andersbui) attmed båten. "Fram i byen" sa strendingane om Nes, der det var landhandel, stoppestad for rutebåten på folkemunne kalla Motoren og tett i tett med hus. Bertha Nes og familien hennar budde i huset midt på biletet der det står mange folk.

Eigar: Magnus Kvam

Datering: 1949.

Fotograf: Ukjend.

Vanskeleg haust og vår

Sogningen spissformulerte at det ikkje var lett å koma seg til og frå Veitastrondi. "500 mennesker lever avsondret fra omverdenen" stod det i overskrifta. Så gale var det ikkje. Veitastrondi var ikkje "avsondret" fra omverda heile året. Dei hadde båt på Veitastrondvatnet, og om vinteren kunne dei til vanleg ferdast på isen. Men det var om hausten og våren det kunne vera uråd å ta seg fram på vatnet, når isen var utrygg og dei ikkje kunne bruka båt. Dei kalla det meinis.

"Måtte hjelpa seg på beste måten"

Fødslane kunne ikkje regulerast etter meinisen, heller ikkje sjukdom og skadetilfelle på folk. Bertha fortalde Sogningen om eit slikt hende. Ein dag tidleg i mai 1927 var ho uheldig og braut eine foten. Ho vart liggjande til sengs med foten i spiler og forbinding. Fire dagar seinare kom det bod om hjelp frå ei barselkone. Det var ikkje anna å gjera denne gongen enn å transportera den fødande dit jordmora budde, og plassera henne i ei seng ved sida av Bertha. Alt gjekk vel, denne gongen òg.

- Men kunne du ikkje sendt bod på dokteren, spurde Sogningen.
Bertha smilte overberande til eit slikt spørsmål, og svara:
- Det gjekk nok ikkje an. Isen var ikkje køyrande.
 

- Du må vel av og til fungera som dokter og?
- Ah, det går vel ikkje an å kalla det så, men når meinisen gjer det uråd for distriktslegen å kom seg fram, får me hjelpa oss på beste måten her oppe.

Fortenestemedalje

Bladstyraren i Sogningen var imponert, og gav uttrykk for at hvis nokon hadde gjort seg fortent til ei påskjøning for samvitsfullt arbeid gjennom mange år, så var Bertha Nes. Andre var av same meining. I oktober 1927 vart Bertha Nes heidra med kongens fortenestemedalje i sølv.

Bertha Nes fekk tildelt medaljen saman med diplom. På diplomen står:

Vi Haakon Norges Konge
Gjør vitterlig.
At Vi under 2. Oktober 1927 har tildelt
Jordmor Bertha Monsdatter Kvam
Vor Fortjenst Medalje i Sølv
Haakon R
(segl og underskrift)
Diplom for Jordmor Bertha Monsdatter Kvam
Som Indehaver af HM Kongens Fortjenst-Medalje i Sølv

Meir om Bertha Nes

Bertha Monsdotter Nes, fødd 30. august 1873 på Veitastrond, var dotter til Mons Nilsson Halvteig og Berthe Larsdotter. Ho gjekk jordmorskule og var ferdig utdanna i 1894, 21 år gammal. Ho vart gift 19. januar 1896 med Lars Andersen Nes, fødd 1866, gardbrukar på Søndre Nes, gnr. 42, bnr. 11, Løengen. Bertha Nes døydde 11. januar 1956.

kjelder:

Sogningen. 09.08.1927
Digitalarkivet:
Folketeljing 1900.
Soknepresten i Hafslo: Ministerialbok 1852-1873
Opplysningar frå:
Lars Nes, Leikanger.
Konrad Nes, Hoksund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR