Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. mai 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegen over Utvikfjellet - eit stengsel for biltrafikken



Etter at det vart bygd hovudveg mellom Reed og Sandane i 1888, var det mindre spørsmål om det gamle hovudsambandet mellom Sunnfjord og Nordfjord over Utvikfjellet. Den gamle Trondhjemske postvei låg stort sett slik den var bygd tidleg på 1800-talet.

Utsyn over Breim frå vegen til Utvik.

Utsyn over Breim frå vegen til Utvik.

Eigar: Firda Sjåførforening

Datering: 1937

Fotograf: Ukjend

Nytt vegsamband mellom Stryn og Innvik

I 1908 vart det bygd veg mellom Loen og Olden. Det var då berre stykket Olden-Innvik og omlegging av den gamle vegen over Utvikfjellet som stod att før ein fekk eit brukbart vegsamband frå Vadheim til Stryn - og vidare til Sunnmøre. I 1925 byrja anleggsarbeidet med veg mellom Olden og Innvik. Det pressa fram ein diskusjon om vegsambandet over Utvikfjellet.

Veg over Utvikfjellet eller veg langs sjøen

Vegen over Utvikfjellet var bygd for hest og kjerre. Dei bratte bakkane stod som eit stengsel for bilsambandet mellom Sogn og Sunnfjord til indre Nordfjord. I 1929 tilrådde fylkestinget at Utvikfjellet skulle få ekstraordinære løyvingar når dei var ferdige med Stigedalsvegen. Den første løyvinga til Utvikfjellet vart gitt for 1931-32 og den siste i 1936-37. Men Gloppen kommune var lite nøgde med vedtaket. Dei hadde heilt sidan hovudvegen kom fram til Sandane arbeidd for ei vidareføring gjennom Sandane til Ryssfjøra og langs sjøen til Utvik. Sandane-Ryssfjøra vart bygd som bygdeveg i åra 1910-32. Glopparane var redde for at trafikken for framtida ville gå forbi Sandane. Men det var vegen over Utvikfjellet som vann fram.

Debatt om linevalet

Det var ein heftig debatt om linevalet. Veglina som vart stukken i 1930 var ei heilt ny line. Då saka var oppe i 1917 hadde Breim kommunestyre gått inn for ei nedre line. "Den nedre linje er heldigere, både hvad stigning og sneforholdene angår, end den øvre linje. Den nedre linje vil få langt større betydning for den lokale trafikk, da den går gjennem bygdens midterste strøk. Den vil derfor bedre samle trafiken end den øvre linje, da denne ligger så høit oppe i den øvre utkant av bygden, at den for bygden i det store og hele vil få liten betydning for den lokale trafikk." Ei underskriftsliste i 1930 hadde 60 underskrifter for den øvre lina. Det var om lag ein tredel av dei næraste interesserte. Folk i bygda ønska ei øvre line slik at fleire gardar fekk nytte av vegen. Også kommunestyret i Breim gjekk inn for ei øvre line. Resultatet var ei sterkt modifisert nedre line. Rett og slett ein mellomting.

Klagar frå dei vegfarande

Det var råd å køyra over fjellet før den nye vegen vart ferdig. I ein periode hadde den gamle vegen vore stengd, men om sommaren då turisttrafikken byrja, vart det eit press frå bilistane for å opna vegen. Problemet var at den gamle jordvegen var sleip og glatt. I regnver laga bilane store hjulspor som skapte vanskar. Både vegvesenet og kommunane fekk stadige krav om at dei måtte grusa vegen. Den nye vegen over Utvikfjellet stod ferdig i 1936, og la grunnlaget for det kommunikasjonssambandet som sidan har vore mellom Sogn og Sunnfjord til indre Nordfjord og vidare nord og austover.

Ein del av vederlagsplanen

I 1930-åra føregjekk det ein debatt om å få kompensasjon for jernbaneplanane i fylket, som det ikkje vart noko av. I staden for jernbaneliner mellom Vadheim og Stryn med sideliner, ville fylket ha midlar til vegbygging på dei same strekningane. Eit av hovudkrava var ein god bilveg mellom Vadheim og Stryn. Det betydde mellom anna store investeringar over Utvikfjellet. Fylket hadde sett opp 1.720.000 kroner som vederlag for strekninga mellom Byrkjelo og Stryn, 56,5 km. Inkludert i denne summen var 650.000 kroner til strekninga Olden-Innvik. Vegen over Utvikfjellet vart kostnadsrekna til 450.000 kroner, men dei fekk berre 400.000. Det gjorde at vegen fekk 4 m køyrebreidde mot 5 som elles var vanleg på hovudvegane.

Veg langs Nordfjord

Gloppen kommune hadde likevel ikkje gitt opp å få veg mellom Sandane og Utvik langs fjorden. I framlegget til vegplan for 1940 sette Gloppen kommunestyre opp Ryssfjøra-Innvik grense som nummer to av hovudvegar. Dei seier: "Vi har sett denne vegen som nr. 2 av hovudvegane i Gloppen, og det er ikkje tvil om at denne vegen vintersdag vil verta meir traffikera enn vegen over Breimsfjellet. Ein må og rekna med at folk frå Lote-Hennebygda - Hopland og Tisthamar skal nytte denne vegen."

kjelder:

Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Oslo 1950.
Statens Vegvesen Region Vest: Diverse sakstilfang

PERMANENT IDENTIFIKATOR