Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kyrkjestaden Bø på Selja



Bø er namnet på ein gard på innsida av Selja. Bø er eit av dei eldste gardsnamna i Norge og indikerer alltid ein sentral og stor gard som ligg ope til på solsida. Kanskje har Bø ein gong vore ein kongsgard. I mellomalderen vart det bygd soknekyrkje på ei flate ned mot sjøen. I 1654 vart ho flytta inn til fastlandet.

Utsyn frå fastlandet mot Selja. Bø ligg på flata til høgre for gardane. Ersholmen, der presten Johan Daniel Stub Landmark planta skog på 1800-talet, ligg heilt til høgre i biletet.

Utsyn frå fastlandet mot Selja. Bø ligg på flata til høgre for gardane. Ersholmen, der presten Johan Daniel Stub Landmark planta skog på 1800-talet, ligg heilt til høgre i biletet.

Eigar: Borgny Dam-Nielsen.

Datering: 2001.

Fotograf: Borgny Dam-Nielsen.

Kongsgard og prestegard

Om garden Bø i tidlegare tider har vore sete for ei mektig ætt, kan vi berre gjette. Truleg er det i alle fall at kongen på eitt eller anna tidspunkt åtte garden, for det var på denne eigedommen Olav Kyrre la bispesetet i 1068. Seinare, då soknekyrkja vart bygd, vart garden bustad for soknepresten heilt fram reformasjonen i 1536 då han vart flytt inn på fastlandet. I den katolske tida skulle ikkje prestane gifte seg, og ein kan vel tenkje seg at det var heller einsamt for presten å bu åleine på Bø. I 1322 flytta sokneprest Berg Kolbeinsson inn til fastlandet. I eit brev til sokneprest Gudleik i Eid dagsett 9. mai 1322, bed biskop Audun eidapresten om å varsle Berg Kolbeinsson om at han ville verte avsett om han ikkje innan fem dagar flytta ut att til Bø.

Kyrkja og kyrkjetuftene på Bø

Truleg har det lege kyrkje på Bø alt frå 1100-talet, då landet vart delt inn i sokn. Det er funne spor som tyder på at den første kyrkja var ei stavkyrkje, men av ein rekneskap for Bø-kyrkja frå 1631, går det fram at det då sto ei lafta kyrkje der. Både kyrkjetufta og kyrkjegardsmurane er synlege enno, men området har aldri vore grundig granska.

Kyrkjeklokka på Bø hadde ei støypt innskrift: "Jon Biarnarson let giera mik. Jac. Jacobs me fecit (Jon Bjarnarson tinga meg. Jakob Jakobson gjorde meg).
Klokka følgde kyrkja inn til fastlandet og seinare til Leikanger på Stad då den gamle kyrkja vart flytta dit i 1866. Ho skal ha hatt ein uvanleg sterk klang. Men i 1844 vart det for mykje for henne; ho sprakk då det vart ringt for kong Karl Johan si likbåre. Etter det vart ho støypt om, men fekk aldri att den gamle klangen.

Kyrkja vart ståande på Bø i meir enn hundre år etter at presten hadde flytta inn til fastlandet.

Kyrkja vart flytta

Segna seier at bygdefolket fekk kyrkja flytta inn til fastlandet etter at det ein preikesundag kom bort ein femkeiping full av kyrkjefolk på veg til Bø. Det var Jacob Rasmussen Stub som på den tida var sokneprest i Selje. Han var gift med Maren Søffrensdotter Friis, den same Maren som var gift med fire seljeprestar etter tur. Herr Jacob var den andre. Då kyrkja var riven, vart tømmeret fløyta over sundet og fortøydd i nærleiken av prestegarden, der presten ville ha ho sett opp. Men prestekona ville helst ikkje ha attergangarane så nær husa. Om natta bad ho ein av drengene i prestegarden om å liste seg ut og kutte banda til tømmerfloten. Tømmeret rak over vika til neset der Selje kyrkje står i dag. Då presten vakna om morgonen og såg kva som hadde hendt, tok han det som eit teikn frå Vårherre om at Han ville ha kyrkja der, og slik vart det.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Bind 1. Oslo 1957.
Kvalheim, Wilhelm: Gardsnamn i Selje og Vågsøy. I Fjordenes Tidende. 09.01.1945. Måløy.
Djupedal, Reidar: Selja i tusen år. Bergen 1966.
Djupedal, Torkjell: Selja. Kulturhistorisk handbok. Selja Forlag 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR