Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kaupanger stavkyrkje



Kaupanger kyrkje er ei stavkyrkje frå kring 1190. Ho står på Kaupanger Hovedgård sin grunn i Sogndal kommune. Kyrkja, som har 125 sitjeplassar, er den største stavkyrkja i fylket. Ho har gjennomgått fleire store restaureringar, m.a. i 1862 og i 1960-åra. Kaupanger stavkyrkje er soknekyrkje for Kaupanger sokn i Sogndal prestegjeld.

Frå interiøret, sett frå koret inn mot skipet. Døypefonten med lok i framgrunnen. I bakgrunnen ser ein ei lysekrone, og til høgre for denne eitt av epitafia. Kyrkjebenkene har dører.

Frå interiøret, sett frå koret inn mot skipet. Døypefonten med lok i framgrunnen. I bakgrunnen ser ein ei lysekrone, og til høgre for denne eitt av epitafia. Kyrkjebenkene har dører.

Eigar: I Kaupanger + N.

Datering: Om lag 1966-1970.

Fotograf: Ukjend.

Lite dekorert stavkyrkje

Kyrkja i dag har utvendig liggjande bordkledning og fargen er gråbrun. Innvendig er ho i all hovudsak trekvit, med unnatak av stadene der dei barokke veggmåleria vart henta fram att i samband med restaureringa på 1960-talet. Desse måleria låg gøymde under laget av oljemåling frå 1862. Nesten alt inventaret i kyrkja er frå hundreåret etter reformasjonen. Som stavkyrkje er ho den minst dekorerte innvendig av stavkyrkjene i Sogn. Her er ingen kapitél eller utskorne portalar att. Dette er underleg, sidan Kaupanger har vore eit adels- og herresete sidan mellomalderen. Kva som er årsaka til dette, veit ein ikkje.

Frå fyrst av var kyrkja vel 10 meter lang og 7,5 meter brei, og der var ikkje andre vindauge i skipet enn nokre små runde gluggar øvst oppe på veggene. Inne i det mørke kyrkjerommet stod kyrkjelyden under heile messa. Berre dei eldste, og sjuke, fekk ein slags sitjeplass på provisoriske benker langs sidene. Dei kring 340 åra kyrkja var katolsk, hadde ho svalgang og var utan bordkledning. Ein gong mellom 1200 og 1350 vart kyrkja forlenga med 3,5 m. I samband med utvidinga vart det sett inn to stavar ekstra, og kyrkja har i dag til saman 20 stavar i skipet og to i koret. Til samanlikning har stavkyrkja på Urnes 14 og i Borgund 12 stavar. Med utbygginga vart kyrkja den største av stavkyrkjene i Sogn.

Kyrkja slik ho er i dag, er ein god del prega av 1600-talet, då ho gjennomgjekk store endringar. Då kom der tårn plassert på taket, våpenhus og vindauge. Veggene vart bordkledde, der kom stolrader og preikestol. På nordveggen vart der i 1720 bygt til eit gravkapell for slekta Heiberg. Det var av stein og kvitkalka. Dette vart rive i 1872.

"Brutal modernisering" i 1862

I 1862 vart det sett inn tette vindaugsrekkjer i sideskipa og på veggen i midtrommet, og det kom nytt våpenhus attåt kyrkja. Det vart vidare bygt to galleri bak i kyrkja, eit lite høgt oppe, og eit større plassert mellom stavane, med eit ekstra sett søyler under. Det fyrste orgelet fekk plass på galleriet. Seinare stod det eitt framme ved koret, men i dag står orgelet bak i skipet på nordsida. I det heile skjedde det som fagfolk i ettertid har kalla ei brutal modernisering. Men lukka var at kyrkja slapp unna riving, mykje takka vere at ho framleis var like frisk i tømmeret. Eit anna viktig moment var at det gamle gudshuset romma godt med folk.

Kyrkja vart kledd utvendig med kvit, ståande panel, og på taket kom det svarte panner, i stil med taket på Kaupanger Hovedgård like ved. Innvendig vart kyrkja måla med oker og lyseblå oljemåling som dekte godt over dei nokså utviska barokkmåleria. Både altertavla, døypefonten og epitafia i kyrkja hamna på museet. Minna om det gamle skulle vekk.

Tilbakeført til 1600-talspreg

Ei ny restaurering av kyrkja gjekk føre seg i åra 1959-1965, etter at det kvite kyrkjebygget hadde stått der i vel hundre år. No var det igjen viktig å knyte banda bakover i tida, å finne tilbake til det opphavlege særpreget, det som ein gong var ei ærverdig stavkyrkje. Arkitekten ville unngå ein romantisk rekonstruksjon av kyrkja slik ein kunne sjå henne føre seg frå mellomalderen, men i staden finne tilbake til det preget kyrkja hadde på 1600-talet. Dels vart arbeidet tufta på etterlikning av tilsvarande kyrkjebygg frå same perioden, men mykje av det som vart gjort av tilbakeføring, er basert på det dei historiske undersøkingane avdekka av tidlegare bygningsform og interiør.

Dei mange vindauga vart fjerna og erstatta med veggflater. I dag er det berre tre vindauge på nordveggen, to på kvar side av koret og eitt mot aust. Alle er ruta og har blyinnfatning. Våpenhuset har vindauge på sørsida. Tårnspiret er kopartekt, og sjølve tårnet skil seg ut med dei fire ekstra spira på kvart hjørne av tårnhalsen. Taket elles er dekt med spon. I samband med den siste restaureringa vart også veggene luta, og det var då dei særmerkte felta med neumer kom til syne; ei rekkje med tonar som viste seg å vere ei hymne måla direkte på veggene i skipet. Desse er vorte tolka og bearbeidde, og i dag finn ein hymnen som nr. 197 i den nye salmeboka.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1634 vart gitt av futen Gjøde Pedersen. Ho er eit relativt enkelt renessansearbeid, og rekna som ringare kvalitet enn preikestolen. Hovudbiletet viser krossfestingsscena med Maria og Johannes på kvar side av Kristus på krossen. Overstykket med gavl viser bilete av den oppståtte Kristus.

På alteret står to lysestakar i messing frå 1609, med innskrift som syner at dei er ei gåve frå Gjøde Pedersen og kona Kiersten. I tillegg kjem ein toarma lysestake i messing frå 1720, med innskrift på skjoldet.

Nattverdsutstyret er ein kalk i sølvplett frå 1665, med innskrift; ein disk i sølvplett; ei sekskanta brødøskje i sølv frå 1867, med relieff på loket av madonna med barnet; og ei vinkanne i sølvplett.

Det sekskanta dåpsfatet er i messing; i botnen to siselerte skjold med bokstavane ICN og MID. Korbogen frå kring 1300, var truleg del av ein tidlegare alterbaldakin over hovudalteret. Dei to lysekronene i messing er frå 1723 og 1965. Her er tre epitafium. Det eine er frå 1634, over Gjøde Pedersen og familien, i gavlen er eit bilete av ein ukjend prestefamilie. Det andre er av Thomas Vilhelmsen, død 1634, med kone og born. Det tredje er frå 1659, over sagbrukeigar Thaames Willumsen med kone og born.

Orgelet frå 1967 har fire stemmer, og er bygt av I. Starup, Danmark. Her er to kyrkjeklokker frå kring år 1200.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR