Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Norsk sildefiske ved Island - Notbas frå Vågsøy



"Blant vore fiskere er der neppe nogen nordfjording som har faret saa vidt og prøvt saa meget og som i det hele vært ute i saa mange situationer som Vilhelm Evjen." Det skreiv Kr. J. Sunde om den vidgjetne notbasen frå Vågsøy i ein artikkel i 1924. I fleire år på 1880-talet var Evjen bas på notbruk på Island, hyrt av konsul Otto Wathne frå Stavanger.

Seydisfjord på Aust Island. Otto Wathne frå Stavanger vert rekna som pioner i det norske sildefisket ved Island som byrja kring 1880. Han bygde opp sildeverksemd i Seydisfjord.  Vilhelm Evjen frå Skavøypoll i Nordfjord var i fleire år bas hjå Wathne.

Seydisfjord på Aust Island. Otto Wathne frå Stavanger vert rekna som pioner i det norske sildefisket ved Island som byrja kring 1880. Han bygde opp sildeverksemd i Seydisfjord. Vilhelm Evjen frå Skavøypoll i Nordfjord var i fleire år bas hjå Wathne.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Kring 1920.

Fotograf: Postkort/O.Johnson - Kaaber, Reykjavik.

Innflyttar frå Hordaland

Vilhelm Evjen (1853-1937) var frå Espetveit i Manger prestegjeld i Hordaland. I 1856 flytte han med foreldra Arne Vilhelmson og Marta til garden Evja som då høyrde til Selje prestegjeld. Evja ligg på sørsida av Skavøypoll, kring 6 km frå Måløy. Arne Evjen livnærde seg både som gardbrukar og fiskar.

Friis på Moldøen

Moldøen, eller Måløyna, er namnet på den vesle øya sør i Ulvesundet mellom Sæternes og fastlandet. Øya vart landfast med Måløy i 1951. På Moldøen vart det sett i gang handel og gjestgiveri tidleg på 1700-talet. I 1866 kjøpte Henrik Chr. Friis handelsstaden her og dreiv ei allsidig verksemd med handel og fiskebruk til han døydde i 1902. Friis vart etterkvart godt kjend på heile kysten frå Rogaland til Nord-Noreg.

Fiskar frå barndommen

Vilhelm Evjen vart kjend med sjøen og fiske frå barnsbein av, først ved å vera med faren, deretter i teneste hjå Kornelius Sørpoll som dreiv torskefiske om vinteren og notfiske etter sild om sommaren. Etter konfirmasjonen kom han i teneste hjå Friis på Moldøen. Etter få år vart han sett til å vera høvedsmann (skipper) på Friis sin fiskebåt og til å vera bas for notbruket hans. På denne måten kom Vilhelm Evjen til å fara vide, heilt til Austlandet med sildebruket og nordover til Lofoten på torskefiske.

Notbas på Island

Kring 1880 fekk Friis brev frå konsul Wathne frå Stavanger. Wathne ville høyra om Friis kunne skaffa han ein dugande notbas til eit notbruk på Island. Det kunne Friis. Han hadde lært Vilhelm Evjen å kjenna som ein mann som skapt for slike turar. Evjen takka ja, men sette som vilkår at han sjølv fekk hyra mannskapet sitt i Nordfjord.

Evjen må ha gjort godt arbeid. Med eit mannskap på 12-15 mann var han i åtte år bas på notbruk til konsul Wathne på sildefiske ved Island. Dei gjekk til Island utpå våren, fiska sild med landnot, salta i tønner og kom heimatt om hausten. Wathne vert rekna som pioner i det norske sildefisket ved Island, eit fiske som heldt på i nærare hundre år.

Eige notbruk

I fleire år seinare var Evjen notbas på andre sine notbruk, så som på Valdemar Bakke sitt bruk i Rugsund og Gangsøybruket, men i 1905 kjøpte han sitt eige notbruk for sild og brisling. Dette dreiv han til 1918 då han selde. Seinare var han notbas på eit anna bruk. I 1926 gjorde han eit feitsildsteng i Smørhamn det kom til å gå gjetord om. Stenget var det største i manns minne i ytre Nordfjord. Seinare slo han seg på laksefiske, først i Fåfjorden, deretter i Vetvika på Bremangerlandet og til slutt inne i Olden.

"gløgg og urædd"

Då Evjen fylte 80 år, 19.11.1933, skreiv signaturen "St-n" eit stykke i Fjordabladet. Om Vilhelm Evjen som person, står det:
"Han har alle dager vore kjend for sitt godlynne, og dei mange notfolk som fram igjenom aari har vore hans "nothundar" har berre godt aa segja um sin bas. Han var vyrk for sitt mannskap, og var høvi til det, so laga han det altid so, at mannskapi slapp unda dei tyngste sliti. Millom dei andre notbasane stod Efjen høgt. Han har alltid vore ein gløgg og urædd sildemann, som støtt var millom dei heldige. Slike fiskarar bør vi taka hatten av for."

"stod respekt av han"

Vilhelm Evjen gifte seg i 1875 med Jøri Guttormsdotter frå ytre Hundeide i Eid. Ho var fødd i 1840 og døydde i 1917. Dei fekk fire born, Andreas,Vilhelm, Peder og Johan. Vilhelm Evjen fekk skøyte på bnr. 2 etter faren og budde der til han døydde 26. februar 1937.

Minneorda i Fjordenes Tidende avslutta slik:
"Med Vilhelm Evjen er en av de gode gamle pionerer innen vår staute fiskerstand gått bort. Han var en modig og uforfærdet mann, som der stod respekt av hvor han kom."

kjelder:

"Det kommer an på silda". Hefte om det norske sildefisket ved Island (..) 2002.
Fjordenes Tidende. 01.03.1937.
Fjordabladet. 25.06.1924.
Husevaag, Ludvig: Notabasen Velom i Evjene. I Årbok for Nordfjord.1986.