Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. april 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grensestein mellom Hyllestad og Fjaler



På fylkesveg 57 mellom Skor i Hyllestad og Nautsund i Fjaler kommune står der ein grensestein kalla Hella. Steinen markerer grensa mellom Sogn og Sunnfjord, Hyllestad og Fjaler kommune, og dessutan mellom eigedommar i utmark.

Grensesteinen Hella mellom Sunnfjord og Sogn og kommunane Hyllestad og Fjaler.

Grensesteinen Hella mellom Sunnfjord og Sogn og kommunane Hyllestad og Fjaler.

Eigar: Sigmund Holten

Datering: 2013

Fotograf: Sigmund Holten

Storleik og innskrift

Grensesteinen Hella er om lag 1,5 meter høg og står fundamentert i ei steinsetjing. Øvste delen går opp i ein spiss. Steinen hallar noko bakover, frå vegen. Tett attmed står det nyare grenseskiltet «Hyllestad kommune». På framsida står innhogge:

1897

SOGN [loddrett strek] SØND-FJORD [delt i to ord på to liner]

Historia om opphavet

Steinen vart sett opp av Ole Johannesson Holten Skor (1838-1905) saman med Bernt Olson Skor (1861-1928). Bernt var god til å hogge inn tal og bokstavar. Emnet vart truleg henta frå eit hellebrot nord for gardstunet til Ole. Desse to karane fekk steinen på plass år 1897.

Samlingsplass

Ein gong i mellomkrigstida (1918-1940) vart det bygt ein danseflake i nærleiken av Hella. Her møttest ungdommar frå Sunnfjord og Sogn i helgane når veret var lagleg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå:
Olav Holten (1902-1975)
Oddlaug Holten (1932 - )
Merknad: Dei hadde opplysningane etter Berta Holten (1978-1964). Bertha og Sivert Holten overtok garden i 1906 etter Ole Johannesson.

PERMANENT IDENTIFIKATOR