Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Førde hotell



Førde Hotell er i dag nummer 2-hotellet i Førde, men har lengst tradisjonar. På gamle foto frå Førde er hotellet nesten alltid med, både sidan det låg idyllisk til ved elva, og fordi dei omreisande fotografane som Knudsen og Lindahl budde på hotellet.

Hafstad Hotell var eit av dei staselegaste husa i Førde i åra før og etter 1900. Hotellet vart ombygd fleire gonger og i 1895 til sveitserstil. Her ser vi hotellet etter at det vart påbygt mot vest og fekk ein ny fasade med tårnbygg i midten.

Hafstad Hotell var eit av dei staselegaste husa i Førde i åra før og etter 1900. Hotellet vart ombygd fleire gonger og i 1895 til sveitserstil. Her ser vi hotellet etter at det vart påbygt mot vest og fekk ein ny fasade med tårnbygg i midten.

Eigar: I Førde - Kulturhistorisk vegvisar.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Eldste hotellet

Det var Gunnar J. H. Hafstad som tok til med handel her "ved Bruna" i 1860 (det var ei lita bru over ein bekk her). Då han søkte om løyve til å drive handel fekk han til svar "at det antas at ville være til bygdens tarv at der bevilges ham handelsbevilling med forpliktelse til at motta reisende og funksjonen som skysskaffer ved skiftet Hafstad."
Gunnar med Bruna var ein driftig kar som bygde opp skysstasjon, herberge og seinare hotell. I 1866 fekk han konkurranse av Sivertsen på Skorpa (der Domus ligg i dag), og dermed var det to store hotell i Førde. Hotellet på Skorpa vart rive i 1975, men Hafstad hotell er enno i drift, no med namnet Førde Hotell, som ei av verksemdene i Førde med lengst, samanhengande tradisjon.

I slekta

Gunnar Hafstad var den einaste av bygda sine eigne som slo seg opp som handelsmann. Han hadde stor omsetning, stor gjeld, og var kjapp til å satse. I 1885 fekk han økonomiske problem som enda med tvangsauksjon. Men hotellet vart verande i slekta, og dottera Anna dreiv vidare heilt til 1935, dei siste åra saman med systera Mathilde. Anna moderniserte hotellet og var mellom dei første som la inn bad og vassklosett i Førde. Desse to eldre systrene sette sitt eige preg på hotellet gjennom mange år.

Celebre gjester

Hafstad Hotell vart mykje fotografert, sidan fleire kjende fotografar budde her i 1880- og -90-åra, m.a. Knud Knudsen og Axel Lindahl. I åra før 1. verdskrigen var det mange turistar i Førde, særleg engelske sportsfiskarar. Ein annan stamgjest var målaren og forfattaren Ferdinand Kierulf Tranaas, son av den siste futen på Bruland, som måla eit stort bilete av fjellpartiet Kvamshestane, som enno er i hotellet.

Moderne tid

Under krigen tok tyskarane over store delar av bygningane, og dei vart mykje nedslitne. Mot slutten av krigsåra overtok L/L Sunnfjord Ungdomsheim, eit selskap som NKUF (Norges Kristelege Ungdomsforbund) stod bak. Kring 1950 bygde dei hotellet ut med fleire påbygg i moderne stil, og skifta namn til Førde Hotell. Frå 1984 var Martin Ødegård eigar av hotellet, og på 90-talet overtok konkurrenten Sunnfjord Hotell ein periode. Dagens eigarar er Anne Grete Tefre, Roy Solbakken og Arne Jon Dahl. Hotellet har rom 57 rom og 130 senger, og har dei siste åra gått gjennom ei omfattande oppussing. Slik Førde Hotell framstår no, er det ei salig blanding av gamalt og nytt, men enno er det råd å kjenne att det gamle trehotellet ein ser på hundre år gamle bilete.

kjelder:

Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. bd. 2. Førde 1992.
Knagenhjelm, Vibeke: Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane. Oslo 1990.
Førde sogenemnd (utgjevar): Sogeblad for Førde. Utgåver 1983-2000. Førde.
Opplsyningar frå:
Anne Grete Tefre, Førde.