Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bilethoggaren Nils Bruland - to private arbeid



På den gamle kyrkjegarden i Rutledal står det ein "stein" som skil seg ut frå dei andre. Det er eit originalt kunstverk. På metallplata på fotstykket står skrive: "Laga av Nils A. Bruland - Til minne om mora - Helga Bruland, fødd Brosvik - [teikn for fødd] 11-11-1895 [teikn for død] 24-4-1947 -- Gravlagd i Kopervik." Minneskulpturen i Rutledal er det eine private Nils Bruland-arbeidet denne artikkelen handlar om. Det andre er å finna i Utvik.

Minnestein på den gamle kyrkjegarden i Rutledal.

Minnestein på den gamle kyrkjegarden i Rutledal.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Nils Bruland

Nils Bruland, fødd 27. september 1922 i Eivindvik i Gulen, var son til Arne Bruland og Helga, fødd Brosvik. Han tok utdanning ved Kunstfackskolan i Stockholm, og underviste også der i mange år. Frå 1974 budde Nils og Inga Bruland i Gjesdal i Jølster.

Me har arbeid av Nils Bruland fleire stader i landet. Sogn og Fjordane har: a) monumentet Steintreet på Mo i Førde (1978), b) minnestein over vegbyggjaren Per Sægrov på Lunde i Jølster (1975), c) skulptur ved det tidlegare HV10-senteret i Jølster og d) skulptur ved Førdehuset.

Andre stader: a) Treskulptur i vestibylen på Statens Handverks- og industriskole i Oslo (1948), b) minnesmerke over falne ved Torvastad kyrkje (1950), c) minnesmerke over falne ved Avaldsnes kyrkje (1950) og d) minnesmerke over falne ved Kopervik kyrkje (1950).

Sogn og Fjordane har dessutan to private arbeid av Nils Bruland på offentlege plassar, det eine på den gamle kyrkjegarden i Rutledal, det andre på kyrkjegarden i Utvik.

Minne i Rutledal

Mor til Nils Bruland, Helga, var frå garden Brosvik i Gulen. Ho var dotter til gardbrukar Truls Paulson (1861-1927) og Jensine Bergitte Hermundsdotter Nordgulen (fødd 1869). Helga var nummer fire i ein syskenflokk på seks.

Helga Bruland døydde 24. april 1947 og vart gravlagd i Kopervik der ho og mannen Arne budde. Nils Bruland må ha ynskt å reisa mora eit minne i barndomsbygda hennar. Han valde å setja ei minnestøtte på den gamle kyrkjegarden i Rutledal. Garden Brosvik ligg like ved.

Gravminne i Utvik

Nils Bruland hadde slektsrøter i Utvik. Far hans, Arne Bruland, var son til Nils Pederson Myklebust og Rakel Arnedotter Bruland. Dei budde på garden Bruland. I folketeljinga 1900 står det ved begge i rubrikken "yrke" mellom anna notert "huslig industri". Arne Bruland tok lærarutdanning og vart lærar i Kopervik på Karmøy.

Inga Bruland døydde 5. januar 1998 og vart gravlagd i Utvik i Stryn. Nils Bruland laga sjølv gravminnet. På eine sida står namnet INGA omgjeve av ein blomekrans. På to slipte sider står innskrive med bokstavar i gull INGA og BRULAND med datoane 26.9.18 og 5.1.98

Nils Bruland døydde 23. januar 2000. Hans namn og hans datoar kom med på steinen kort tid etter.

Føreslegen til fylkeskulturprisen

I 1980 sende Berit Waage Fidjestøl og Elsa Eikås Bjerck brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune v/fylkeskultursjefen. Dei ynskte å nominera bilethoggaren Nils Bruland som kandidat i fylkeskulturprisen. I grunngjevinga skreiv dei:

Vi ser Nils Bruland som ein av dei største nolevande eksponentane for kunst og kultur i vårt fylke. Han er utrøytteleg oppteken av bygdekulturen, at den må vernast og førast vidare. Krava hans til kvalitet, form [og] miljø er urokkelege. Han ser intelligensen i det gamle handverket. Han snakkar varmt om måten dei forma på, - reiskapane, husa dei bygde, innbuet. Alt grunna dei på sunt folkevit, den solide byggeteknikken var runnen or miljøet.

Han er oppteken av mennesket i samfunnet, at individet skal ha vekst og at eksperimentet må få rom. Mykje av dette har han konkretisert i minnesmerka han har skapt dei siste åra. Helst ville han framleis rite i stein og stål og skjere i tre. Men røynda er at sjukdom har teke han så hardt at han for tida ikkje maktar dette. Vi ser det som svært viktig at samtida må få del i hans vidsyn, hans store kunnskapsmengd og iderikdom. Fylkeskulturprisen kan etter vårt skjønn vera med og gjera dette mogeleg.

Nils Bruland arbeidde i mange år ved Kunstfagskolan i Stockholm saman med professor Carl Malmsten som han skatta høgt. Men det er tydeleg at han alltid har kjent seg dregen attende til heimfylket. Sjølv seier han i eit intervju i Bergens Tidende ved Gerdfinn Eithun:

"Naturen her er noko av det vakraste vi kan finne på jordkula, men like mykje har folka ein livsrytme og livsrøynsle som er umåteleg verdfull. Eg kjenner heile dette området som ein heim."

"Det er spanande å bu her, alle inkonsekvensane omkring ein er ei utfordring på mange måtar. Det kan inspirere til å lage irrasjonelle ting. Eg vil få eit rikt liv sjølv om eg berre får laga ein einaste ting som er bra. Og samstundes få vere til støtte for dei som er interessert i utvikling av form, farge, poesei og liknande aktiviteter."

"Form dekker eit vidt område og femner om alle uttrykksformer, verbale, manuelle, instrumentale."

Bruland vart ikkje tildelt fylkeskulturprisen, - heller ikkje heimkommunen Jølster sin kulturpris.

kjelder:

Urdal, Fridjov: Nils Bruland er gått or tida. I Firda, 27.01.2000.
Brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune frå Berit Waage Fidjestøl og Elsa Eikås Bjerck, 13.09.1980.
Brev frå Hermund Kleppa til ordføraren i Jølster, 28.10.1999.
Digitalarkivet, folketeljing 1900.

PERMANENT IDENTIFIKATOR