Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. mars 2014

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum – 1814 i Luster prestegjeld



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med Sverige. - Luster prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Om hausten var hovudkyrkja vallokale for andre gong. (Luster prestegjeld år 1814, er år 2014 geografisk ein del av Luster kommune.)

<p>Dale kyrkje i Luster, bygd kring 1240, var 18. mars 1814 vallokale i Luster prestegjeld ved valet p&aring; f&oslash;rste nasjonalforsamlinga i landet. Biletet er teke kring &aring;rhundreskiftet 1800/1900.</p>

Dale kyrkje i Luster, bygd kring 1240, var 18. mars 1814 vallokale i Luster prestegjeld ved valet på første nasjonalforsamlinga i landet. Biletet er teke kring århundreskiftet 1800/1900.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: ca 1900

Fotograf: Johan Rumohr Døsen

«kun (..) 2 bondehager»

Eit lite stykke av luster-landskapet rundt 1814: År 1810 sende Selskapet for Norges Vel (skipa 1809) rundskriv til lokallaga (distrikstkommisjonane) om hagestell. Sokneprest Edvard Qvale sitt utførlege svar seier noko om korleis det stod til med hagestellet i «gamle» Luster i 1810. Utgreiinga vart prenta i Budstikken, bladet til selskapet. I Soga om Sogn og Fjordane landbruksselskap 100 år (1957) står det:

«(…) haugevesenet [hagestellet] er i den ønskeligste opkomst her på Dahle prestegård, så vel som hos kondisjonerte familier på Flahammer og Nygård, men står derimot langt tilbake i blant bøndene i almindelighet, enn som man skulle ha ventet i en egn som denne, hvor mange slags skjønne epler, pærer, blommer, kirsebær m.m. trives så særdeles vel. (…) her (…) gives [kun] 2 gode bondehager, nemlig en på Fuhr av betydelig størrelse, anlagt av bonden Ole Sjursen og en på Heltne ..»

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk sokneprest Qvale brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges Regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive av Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte. Dette møtet skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling som skulle koma saman på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av embetsmenn tilstades og 12 «af Menighedens agtverdigste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjene. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Luster prestegjeld 1814

Luster prestegjeld 1814 omfatta hovudsoknet Dale og annekssokna Gaupne, Nes og Fortun. Prestegjeldet hadde skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798).

«Dahle Hovedkirke»

Den gamle steinkyrkja i Luster (Dale), bygd kring 1240, var vallokale i det første valet på nasjonalforsamling i Noreg. «Vestportalen er eineståande, og det er berre Nidarosdomen i heile landet som kan måle seg med dette prakfulle arbeidet i kleberstein,» står det i boka På kyrkjeferd (2000). Mange inventarstykke er dei same som pryda kyrkja i 1814.

«Dahle prestegaard»

Prestegarden (prestebustaden) låg like ved kyrkja. År 2014 opplyser eigaren, det statlege Opplysningsvesents Fond, mellom anna:

«Prestegarden ligg tett på Dale kyrkje og blir gjerne omtala som Dale prestegard i Luster. Kjernen i hovudbygningen er oppført i perioden 1730-34 og den kviler på murene av ein mellomalderkjellar. Bygninga er ombygd ei rekke gonger og fremstår idag som ei karakteristisk vestlandsbygning på halvanna høgde med ark mot hage og veg.»

Soknepresten i Luster 1814

Sokneprestane hadde på fleire måtar ei hovudrolle i 1814. Bygdeboka Luster. Bygd og ætter (1926) har omtale av 1814-presten i Luster, Edvard Qvale (1766-1828). Det står mellom anna:

Edvard Qvale. Han var fødd 1766 i nedre Kvinesdal, (…) Qvale vart [teologisk] kandidat i 1791. (…) I 1803 vart han sokneprest i Luster. I 1812 vart han «Ridder av Dannebrog» for eit framifrå arbeid for jordbruket i Luster. (…) Han hadde uvanleg styrargivnad, og dette vart nok til stor nytte for skulestellet. (…) Innan jordbruket var det kanskje mest hagestellet han ansa om. (…) I 1808 skipa han eit legat: «Det Qvalske legat paa 200 rigsdalar, som skulde brukast til ein «Lære og arbeidsanstalt [skule] for prestegjeldet. (…) Qvale var gift med Margrete Angell Sverdrup.»

Kring 1810 skipa sokneprest Qvale sokneselskap (lokallag) tilknytta Selskapet for Norges Vel og var i fleire år formann i selskapet.

18. mars 1814 i Luster

På den særskilt tillyste bededagen, fredag 18. mars, samlast folk frå heile prestegjeldet i hovudkyrkja. I kyrkjeboka for Luster (ministerialbok) 1803-1821 står innført:

«Dahle Fredag den 18de Marts – Bededag og Udnævnelse af Valgmænd i Anledning af Norges attraaede Selvstændighed.»

Underskriven adresse og fullmakt

«Til Prinds-Regenten!
 

Efter at Lysters Menighed har hørt det meget Gode, som fortælles om Deres Kongelige Høihed, og tillige erfaret, at De, som odelsbaaren til Norges Throne, har paataget Dem, at vaage over Orden og Sikkerhed i Landet, for derved at afvende de Ulykker, som tvedragt ellers lettelig kunde afstedkomme; er det en sand Trang for vort Hjerte, at kunne, som udvalgte av forbenevnte Menighed, og paa samme Vegne, herved bevidne Dem vor varmeste Tak og Hengivenhed.
 

I det vi derfor føle os overbevist om, at Deres Kongelige Høihed, er af Forsynet bleven udrustet med alle de ophøiede Egenskaber, der udfordres til som regent at staae i Spidsen af et tappert Folk, der ønsker at hevde sin Selvstændighed, gientage vi ogsaa her med Glæde det Løvte – som desuden nylig er bleven bekræftet ved Eed i dette Guds Hus, at vi nemlig ere redebonne til [budde på] at vove Liv og Blod for det elskede Fødeland.
 

At vi i øvrigt ey have kunnet erfare andet, end at sandt Fædrenelandssind besieler den ganske Menighed, samt at vi have udseet Stedets Sognepræst Ridder Edvard Qvale og Lensmand Hans Urdahl til at begive sig, inden 30te d.M. til det af Amtmanden bestemte Samlingssted Vigøren, for der, paa Samtliges Vegne, at give Stemme ved Valget af de Mænd, der have at frembringe denne Adresse til Deres Kongelige Høihed, og derefter at iagttage det videre Fornødne; dette bliver herved bekræftet med vore Hænders Underskrivt. –
 

Lyster i Dahle Hovedkirke den 18de Marts 1814.
 

Allerunderdanigst
Edv. Qvale
J.K. Daae, major
H. Knagenhielm Daae
Hans Urdahl
Ole Fuhr
Jan Larsen Bierk
Torger Næss
Jørgen Knudsen Skaar
Peder Ejnersen Nes
Peder Tollefsen Yttrie
Niels Nielsen Sandvig
Ole Hæri
Christopher Fliki
Johannes Hougen
Hans Leermo
Denne Afskrivts Rigtighed bevidner
Edv Qvale

Dei to valmennene frå Luster

 Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Luster valde ein embetsmann (presten) og ein lensmann, som også var bonde. Dei to valmennene var:

 1. Sokneprest Edvard Qvale (sjå ovanfor)

 2. Lensmann Hans Urdahl. Han var fødd 1769 og son til lensmann og bonde Arne Hansson Leri. Han vart bonde på Bringe. I bygdeboka (1926) står mellom anna:

«Hans Urdal vart av dei menn som hadde førarskapen i bygdi. I 1807 fekk han lensmannsumbodet etter faren, og frå 1808 vart han lensmann i Jostedal og, då det var vanskar med å få tilsett eigen lensmann der. I 1815 vart Hans Urdal vald til stortingsmann.»

 Dei som skreiv under

 Eidsvollsfullmakta frå Luster er underskriven av 15 personar; ein embetsmann (presten), ein militære offiser, og 13 utan yrkestittel/ombod. Det kan sjå tur til at minst 12 er bønder. Det tilsvarar ca 86%, som er meir enn amtet under eitt med kring 75%. Begge valmennene skreiv under. Fullmakta har namn frå heile prestegjeldet.

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow budde ei tid på Askelund i Balestrand. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

« [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned [onsdag].
Treschow

Sokneprest Qvale si reise til Vik medførde at presten måtte avlysa to gudstenester. I kyrkjeboka står innført:

«5. Søndag i Faste [27. mars] samt Palmesøndag [3. april]: Mæssefald formedelst Præstens Reise til Viigøren, for at votere paa Dem, der skulde gaae som Deputerede til Ejdsvold.»

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme).
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)
  • Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

Ny amtmann

Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), vart etter søknad utnemnd i august og overtok embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.

Val til omframt storting om hausten

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august, fastsette at eit storting skulle koma saman, og kongeleg kunngjering av 16. august fastsette tid og stad: Kristiania, 7. oktober. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.

Representantar på omfram-stortinget

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget.

Dei valde vart:
1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Torger Halvorson Næss (kring 1772 – 1853) var bonde på Nes i Nes sokn. I bygdeboka (1926) står det mellom anna:

«Torger Nes var truleg i si tid den fremste mannen i Luster og vidare ikring. Han kom tidleg med hauge-rørsla, og det synte seg at han ikkje berre ansa um dette, men at han ogso hadde gjevnad til praktisk arbeid. Serleg ser det ut til at han var ein dugeleg handelskar. (…) I Romsdalen kjøpte han soleis fleire gardar som han selde til lustringar og andre.»

Torger Næss vart også vald til stortingsmann i 1815 og i 1833. I 1837 vart han vald inn kommunestyret for Luster, men var då så gammal (65 år) at han ba seg fri for ordførarvervet, står det i bygdeboka (1926).

Mobilisering og krig

Boka Syvårskrigen for 17. mai 1807-1814 (1914) av Henrik Angell, fødd i Luster, handlar om krigstilstand og krigshandlingar fleire periodar denne tida. Siste akt var krig mellom Sverige og Noreg i dagane 27. juli – 14. august 1814. Krigen enda med våpenstillstand og Konvensjonen på Moss, datert 14. august. Mange frå Sogn og Fjordane var med, og fleire miste livet.

Minnesmerke

Fram mot hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914 vart det mange stader reist 1814-minnesteinar. Indre Sogn har tilsaman 10 bautasteinar reiste til minne om forsvaret av landet i åra 1807-1814 og grunnlovsåret 1814, - åtte krigsminnesteinar og to minnesteinar over Eidsvoll-menn, dvs. representantar i riksforsamlinga på Eidsvoll. Dessutan står det ein sjømilitær minnestein ved Korskirken i Bergen med to namnet på to soldatar frå Sogn.

Området Luster prestegjeld 1814 har ingen minnesmerke, bortsett frå minnestein over Henrik Angell i Luster. Angell ivra sterkt for å reisa 1814-minnesteinar fram mot hundreårsjubileet for grunnlova i 1914.

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914
Laberg, Jon: Luster Bygd og Ætter. 1926
Øyane, Lars: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band I og II (…)

Digitalarkivet, skanna kyrkjebøker, Luster, Ministerialbok 1803-1821

Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, kopibok 0000-0000