Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stiftsstøtta på Filefjellet



Vegen frå Bergen til Oslo over Lærdal og Filefjellet var gjennom mange hundre år den viktigaste vegen mellom Vestlandet og Austlandet. Fram til 1793 var dette berre ein rideveg. I 1793 kom ny veg som opna for ferdsle med slede om vinteren og kjerre om sommaren. Ved gamlevegen på grensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane står ei marmorstøtte til minne om denne utbetringa.

I dag står støtta på eit oppmura fundament som er kring 3,80 m langt og 3,13 m breitt og ligg parallelt med vegen. I dag er støtta 2,3 m høg. Breidda på steinane er 0,7 x 0,5 meter.

I dag står støtta på eit oppmura fundament som er kring 3,80 m langt og 3,13 m breitt og ligg parallelt med vegen. I dag er støtta 2,3 m høg. Breidda på steinane er 0,7 x 0,5 meter.

Eigar: Statens Vegvesen.

Datering: 2000.

Fotograf: Per Birger Lomheim.

Den viktigaste vegen
Hovudvegen frå Oslo over Ringerike, Valdres, Filefjell, Lærdal, Gudvangen, Voss og til Bergen var i eldre tid den viktigaste vegen mellom Austlandet og Vestlandet. Her drog både lek og lærd, fattig og rik. Galdane og Vindhella var vanskelege område som hadde vekt redsla i mang ein reisande. Dei rekna at vegen berre var farande på hesteryggen eller med kløv mellom jonsok og mikkelsmesse.

Nyevegen som kom tidleg i 1790-åra endra på dette. Først vart vegen køyrande med slede vinterstid, seinare med vogn om sommaren. Ny stove på Maristova vart bygd samstundes med nyevegen.

Christopher Johannes Hammer
Ettertida har knytt C. J. Hammer sitt namn til det store utbetringsarbeidet som vart avslutta i 1793. Oberstløytnant Christopher Johannes Hammer var fødd på Toten i 1759 og døydde i 1823. Medan han var generalvegmeister i Kristiansand stift, hadde Hammer fanga den etterlyste bondeføraren Christian Lofthus. Han fekk ros og påskjøning frå overordna, men motviljen mot han i folket var så stor at han måtte bort derifrå. Hammer kom til Bergen kring 1787.

Han såg tidleg at vegen over Filefjellet burde utbetrast slik at den kunne køyrast med hest vinterstid og med vogn om sommaren. Handel og samkvem mellom landsdelane auka. Den gamle ridevegen heldt ikkje mål lenger. Då den nye vegen stod ferdig i 1793, var dette ein milepel i samferdsla mellom aust og vest. Militære omsyn låg òg truleg bak dette vegprosjektet. Dette var urolege år i Europa.

Eit minne for ettertida
Hammer meinte at dette storverket måtte kronast med eit verdig minnesmerke. På eit møte i København vart han og generalvegintendant Anker samde om å setja opp ein merkestein i vegkanten ved grensa mellom Akershus og Bergen stift. Hammer grunngav dette med at "paa det man derved kunde undgaa den bestandige Disput som de tvende Stifters Almue hidtil havde ført, og derved søge at oplyse den Reisende og give Veien den manglende Zirat." Han ville ein gong for alle slå fast kvar grensa gjekk. Hammer såg føre seg ein storveges merkestein. Gråstein frå Lærdal eller Filefjellet var ikkje bra nok. Han fekk utforma støtta slik han meinte ho skulle vera, og tinga deretter vakkert tilhoggen marmor i København. Steinen vart delt i 6 delar med 5 kubisk forma marmorblokker og ein topp eller hatt som skulle avslutta marmorsøyla. Blokkene vart så sende med båt frå København til Bergen og vidare til Lærdalsøyri med jekt.

Plassering av støtta
Det var langt frå Lærdalsøyri til stiftsgrensa. Den nye vegen var ein føresetnad for at det i det heile vart mogeleg å transportera marmoren så langt inn i fjellet. Steinen vart plassert i eit bakkehell ca. 1150 m o.h. I dag er dette fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland fylke. Staden ligg kring 7 km frå Maristova og ca. 3 km frå Kyrkjestølen på Filefjellet.

Vanskeleg transport
Håkon Øvre Lysne fekk oppdraget med å frakta steinen frå Lærdalsøyri og opp på fjellet. Truleg kom steinen på plass sommaren 1797. Om dette arbeidet skriv Ivar Moss som leia vedlikehaldet sommaren 1797:

"Han (Håkon) maatte til slutning forfærdige en Vogn eller Kierre, som efter sigende kostet Ham 40 rdl. Han kjøbte 1 vogn for det første, og siden maatte han faa Ole Odden med søn at gjøre 2 andre hjul til. Hans heste tog efter hans beretning ogsaa skade. Haakon talte jeg ikke med da han var østers for at selge hester."
Det vart bygt eit stort og flott fundament til steinen. Samla utlegg for marmorstøtta vart 245 riksdaler. Det var langt meir enn det årlege vedlikehaldsbudsjettet for vegen.

Støtta vart flytta
Støtta stod på sokkelen sin heilt fram til 1932. Då vart ho flytt ned i Smeddalen og sett opp ved den nye hovudvegen. Der stod ho fram til 1973. Vindhellas Venner tok då initiativ til at ho vart flytt attende til sin opphavlege plass ved den gamle kongevegen. Det var truleg i samband med flyttinga i 1932 at ein av steinane kom bort. Håkon Lysne frakta 5 steinar opp på fjellet, men berre 4 står der i dag. Ingen veit kvar den femte har teke vegen. Vegen forbi støtta har ikkje vore hovudveg sidan 1843. Traseen ligg uendra frå bygginga i 1790-åra. Då vegen er mykje nytta som turveg, er den godt synleg og i god stand.

Tillegg 2010: Norsk marmor
Steinen i Stiftsstøtta er norsk. Marmoren kjem frå Gjellebakk i Lier. Det går fram av artikkelen Marmor til fjells av Helge Haugen (Årbok for Sogn 2008). Vegbyggjaren, generalvegmeister i Bergens stift, major (seinare oberstløytnant) Hammer, reiste minnesmerket saman med generalvegintendant Peder Anker, hovudansvarleg for vegstellet i Noreg. Dei engasjerte arkitekt og bilethoggar Jørgen Henrik Rawet til å teikna monumentet og ein steinhoggar i København med namnet M. Fischer til å laga det. Helge Haugen filosoferer også omkring korleis det kan ha bore til at nettopp marmor frå Lier blei valt til minnesmerket på Filefjell.

”Frå Lier til Filefjell, via København
Marmor frå forskjellige brudd har sine spesielle og karakteristiske særdrag. Et trena ”steinøye” ser forskjell. Amanuensis ved Universitetet i Bergen, Øystein J. Jansen, har bred erfaring på dette området. Han er ikkje i tvil:

”Marmoren i stiftsstøtta på Filefjell lar seg identifisere med 100 prosent sikkerhet – den kommer frå Gjellbakk i Lier”, sier han. Han forteller at det store bruddet i Gjellebekk leverte betydelige mengder marmor til den såkalla Marmorkirka i København. Her starta byggearbeidene i 1749, men ferdigstilling skjedde først på 1800-tallet.

På tomta til det uferdige byggverket, lå det i hundre år marmorblokker spredd utover. Disse ble delvis brukt til andre formål, noe steinhogger Fischer trolig visste å benytte seg av.

”Her på dette blokklageret ved Marmorkirka, ser vi for oss Fischer på leit etter høvelige, og rimelige råemner. Noen steiner fra Lier ser ut til å passe bra, kanskje var de også på ”tilbud”. Marmor er marmor, og denne er attpå til norsk, kunne steinsmeden ha tenkt, og fikk brakt steinen over til verkstedet sitt. Her starta de tilbaketuren til Norge.

Kan det være ei anna forklaring på at det ble marmor nettop fra Lier? Hammer var født på Toten. Som militær hadde han tjenestgjort i Akershus. Videre hadde ahn erfaring fra vegbygging i Danmark. Han var dessuten gift med Mette Juliane Post frå Lier. Alt dette tilsier at han kjente til mamrorbruddet i Lier. Kanskje kan han ha hatt en finger med i valget av steinen frå Gjellebakk – som en ekstra honnør til Mette Juliane? La oss romantiske tro på denne versjonen!”

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stein Erik Skoug:Kongeveien over Fillefjell. Grøndahl & Søn Forlag A.S. Oslo 1975.
Vegen over Filefjell 1793-1993. Frå kongeveg til stamveg. Leikanger 1993.Haugen, Helge: Marmor til fjells. I Årbok for Sogn. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, 2008.
Statsarkivet i Bergen:
Arkivet til Generalvegmesteren over Bergen stift.

PERMANENT IDENTIFIKATOR