Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. mars 2007

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Jostedalsbredens Turisthotel



Nigardsbreen er eit populært reisemål i Jostedalen. Rett nedom vegskiljet til Bresenteret og vegen inn til Nigardsbrevatnet står ein stor to og ein halvetasjes trebygning som ikkje er i bruk. På framsida står det måla med store bokstavar: JOSTEDALSBREDENS TURISTST. Under kvitmålinga kan me skimta ..TEL, - eit spor frå tida då huset var hotell.

Tidlegare Jostedalsbredens Turisthotel i Mjølvergrenda sett frå baksida. Frå alle romma med vindauga på framsida hadde turistane utsikt mot brearmen Nigardsbreen.

Tidlegare Jostedalsbredens Turisthotel i Mjølvergrenda sett frå baksida. Frå alle romma med vindauga på framsida hadde turistane utsikt mot brearmen Nigardsbreen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Opna 1920

Sommaren 1919 hadde avisa Sogningen eit stykke om turisttrafikk i Jostedalen. Dei hadde saksa stykket frå Aftenposten.  Folk frå Sogndal var i hovudstaden for å kjøpa ny bil som skulle frakta turistar til Jostedal. Og øvst i Jostedalen heldt dei på å byggja nytt hotell. Det var venta "rask utvikling" i reisetrafikken dei næraste åra. - Det har slege til. I 2007 er Jostedalen eit av dei store reisemåla om somrane, men hotellet dei opna i 1920, stengde dørene for mange år sidan.

"storfeld natur og lett tilgjenge til bræen"

Mange reisande legg sikkert merke til denne store trebygningen, som har sett sine beste dagar, og undrast nok: Kva tid vart huset bygt, og kor lenge er det sidan reisande tok inn her?

Ei annonse iSogns Tidend,i juni 1932 melder at hotellet opnar sesongen 17. juni. Hotellet lokkar med storfeld natur og lett tilgjenge til breen. Dei byr på god og rimeleg mat og gjer merksam på at "Jostedalsbræens turisthotel" er ein framifrå turmål for ungdomslag og "andre samskipnader".

Drivkraft i reiselivet

I Sogningen sitt stykke i juni 1919 som avisa hadde saksa frå Aftenposten, står det referert til "Hoteleier P. Næss" og "automobilselskapet i Indre Sogn." Per J. Næss kjøpte i 1908 eller 1909 Hotel Hofslund i Sogndal, som og var stasjon for hesteskyss. Saman med nokre andre sende han i januar 1916 ut innbyding til å teikna akjsar i Indre Sogns Automobilselskap A/S. Same året kjøpte laget sin første bil og starta rutekøyring til Fortun og Jostedal. Nedanfor følgjer heile stykket.

1919: "Turisthotel i Jostedalen."

Den for turisttrafiken altid interesserte hoteleier P. Næss fra Sogndal er kommet til Kristiania sammen med et par andre repræsentanter for automobilselskapet i Indre Sogn. Herrene skal kjøpe en ny bil, som skal sættes ind i de allerede populære ruter Sogndal-Fortun, Sogndal-Jostedal. Disse ruter som fører gjennem Sogns mest storslagne partier, sættes i gang fra midten av denne maaned.

Reisetrafikken gjennem Jostedalen ventes at ville faa en rask utvikling i de nærmeste aar. Paa Hoteleier Næss initiativ og vistnok med økonomisk støtte av det konsortium, som har sikret sig vasdragsrettigheterne i Dalen, bygges der nu et turisthotel oppe i Jostedalen vis-a-vis Nigardsbreen, - hotellet faar en dominerende beliggenhet med udsigt til hele bræen. Fra hotellet og bort til bræen kan man spadsere paa en halv times tid.

Man er nu ifærd med at bygge grundmuren og selve hotellet ventes at være under tak til høsten, saaledes at det kan sættes i drift ved begyndelsen av næste sæson [sesong]. Bilerne kommer til at gaa helt frem til hotellet og næste aar kan man altsaa reise fra Kristiania den ene formiddag og spise middag paa Jostedalsbræen den næste."

 

kjelder:

Sogningen. 10.06.1919.
Førsund, Finn B.: Sogn Billag LL. 1936-1986. 1986.