Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. januar 2001

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Gjetarhytta på Viva



Tett ved bilvegen til Styggevatnet, der turistvegen til Sprongdalen tek av, ligg Vivahytta, ei steinbu oppsett for sauegjetarar fyrst på 1900-talet og brukt til 1939. Med åra gav taket etter og fall ned, men i år 2000 sette bygdelaget i Jostedal den gamle gjetarhytta i stand att.

Den restaurerte gjetarhytta på Viva år 2000. Sverre Kreken (tv) og Leiv Faaberg.

Den restaurerte gjetarhytta på Viva år 2000. Sverre Kreken (tv) og Leiv Faaberg.

Eigar: Leiv Faaberg.

Datering: 2000.

Fotograf: Jostein Kreken.

Sauebeite i Vivadalen

Den vesle steinbua vart murt opp i 1907 då grunneigarane i Fåberg og Mjølverdal leigde bort beite i Vivadalen til hallingar. Dei kjøpte opp fenabeist (mest verar og gjeldsauer) om vinteren. Ved jonsokleite møtte folk opp på Fåberg med dei borttinga sauene sine som vart samla i ei kve (innhegning) nedpå flata. Her fekk dei òg oppgjer. Gjetarane dreiv så sauene opp til beiteområdet i Vivadalen og heldt tilsyn med flokken heile sommaren. Det var vel gjerne med i avtalen at gjetarane måtte ha eit lite krypinn når dei skulle vere i fjellet heilt til sauene skulle slaktast.

Karshøgd under mønsåsen

Grunneigarane leigde Andrias Horpen og Hans Sva til å mura opp steinbua. Dei brukte lagleg stein dei fann i nærleiken og mura opp med rette innervegger og skråna yttervegger. Det gav større rom for å tetta med mold og torv. Hytta var 2 gonger 3 meter med karshøgd under mønsåsen. Hyttebyggjarane fekk seksti kroner for jobben.

Den siste gjetaren fortel

Per Faaberg var ein av dei siste som brukte hytta. Han fortel at dei siste åra var det bønder frå Fåberg som kjøpte opp sauer og leigde gjetarar. Det var ikkje rovdyr i området, men dei måtte prøve å halde flokken samla.
Han fortel òg at den fyrste tida vart sauene drivne over Handspiki, fjellet mellom Jostedal og Gudbrandsdalen, og vidare austover fram til bilveg. Derifrå gjekk det med transport sørover til slaktar Andersen i Drammen. Men dei siste åra frakta dei sauene ned dalen til Gaupne, vidare til Flåm og så med jernbanen austover.

Ei snøfonn gjorde skade

I 1939 var det slutt med sauedriftene i Vivadalen og dermed ikkje lenger bruk for gjetarhytta. Med åra seig taket meir og meir, og etter at ei snøfonn braut ho ned ein vinter, var den gamle gjetarhytta på Viva i ferd med å bli borte.

Bygdelaget restaurerte

På slutten av 1900-talet bestemte bygdelaget i Jostedal seg for å restaurera den gamle steinbua. Det vart køyrt fram nødvendig materiale, og sommaren 2000 var 10-11 mann framme og mura og tømra, snekra, tekte og sette alt i stand inne. No er ho der att, den gamle gjetarhytta på Viva, open til bruk for fjellfarande og samstundes til minne om sauehald og driftehandel fyrste helvta av 1900-talet.

Ei vise om to hallingar

Det finst òg spor etter sauehald og driftehandel i Sogn i musikk- og songtradisjonen. Ein gong kring 1900 skreiv Kristen Ormbergstøl ei vise om to handelskarar frå Ål. Visa finst i arkivopptak med Håkon Sataslåtten (1883-1968). Han hadde sjølv drive med sauehandel i sognabygdene i ungdommen, og sa mellom anna fylgjande då han skulle syngja: "- ei vise som er laga tå ein jostedøl, om to kjekke hallingguta som voro, vesta fjellet, og hadde kjøpt sau og logo burti ei habn (beiteområde) der uppi Jostedale - "
Visa går på ein kjend reinlendertone og sauene er særleg tydelege i fyrste lina i andre verset: No handlar han på sauer og tener mykje peng, Heile visa står i Jostedal skule- og bygdeavis, nr. 44, 1/2000/2001.

kjelder:

Jostedal skule- og bygdeavis. Nr. 44, 1/2000/2001.
Informasjon frå:
Sigbjørg Sperle, Luster.