Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamle Strynefjellsvegen



Gamle Strynefjellsvegen mellom Grotli og Viderseterkrysset går gjennom eit landskap med mange kulturminne, og ikkje minst er vegen eit eineståande kulturminne i seg sjølv. Vegen er sett på som svært verneverdig og har fått status som turistveg.

Gamle Strynefjellsvegen, riksveg 258, slynger seg opp fjellsida i krappe svingar med eit panoramautsyn mot Stryn og fjellheimen der. I si tid var vegen sett på som eit meisterverk innan vegbygging. Karakteristisk for vegen er dei mange bevarte stabbesteinane.

Gamle Strynefjellsvegen, riksveg 258, slynger seg opp fjellsida i krappe svingar med eit panoramautsyn mot Stryn og fjellheimen der. I si tid var vegen sett på som eit meisterverk innan vegbygging. Karakteristisk for vegen er dei mange bevarte stabbesteinane.

Eigar: Statens vegvesen, Region Vest

Datering: 1997

Fotograf: Kurt Skagen

Strid om veglina

Så tidleg som i 1821 skreiv oberstløytnant Thodal ein petisjon (bøneskriv) til styresmaktene og føreslo ein meir framkommeleg veg over fjellet frå Nordfjord, men landet var på ingen måte i stand til eit slikt økonomisk løft. Først midt på 1800-talet vart det sett på som ei viktig nasjonal oppgåve å byggja ut landevegs kommunikasjon i Noreg. På den tida hadde sambandet mellom Lom, Skjåk og dei næraste vestlandsbygdene auka, og varetransporten var stor.

I 1867 tok Stryn kommune for alvor opp framlegget om veg over fjellet til Skjåk. I 1869 løyvde Stortinget pengar til ein rideveg, men alt vart oppbrukt til vegar i Oppland. Det same skjedde i 1877. I 1880 var ridevegen til Grotli ferdig frå aust. Så vart det strid om kvar vegen skulle gå vidare. Skulle den gå til Geiranger, til Hjelle eller til Tafjord? Tafjord trekte seg av di bygda var redd for at ein ny veg kunne dra med seg slusk som ville øydeleggja det trygge miljøet. Kampen om vegmidlane sto difor mellom Stryn og Geiranger.

Geiranger vart vald

Vegdirektør Hans Hagerup Krag gjekk inn for at begge "Lomsvegane" skulle byggjast, men han gjorde det tidleg klart at han ville velja alternativet til Nordfjord dersom Stortinget ikkje gjekk inn for begge vegane. Krag hevda at veg til Nordfjord ville gi austlandsbøndene større avsetning på korn og andre varer, og at veg til Nordfjord ville gi vegutløysing til fleire bygdesamfunn. Men departementet hella mot Geiranger-alternativet, som dei meinte var lettare å opparbeida og lettare å halda vedlike. Saka vart drøfta i fleire år, men i 1880 gjekk Stortinget inn for eit kompromiss. Det vart løyvd 50 000 kroner til kvart av veganlegga mot at både Kristians Amt (Oppland fylke) og Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) forplikta seg til å betala 1/10-del av kostnaden. Fylkestinget i Sogn og Fjordane prioriterte vegen høgt, men det skapte vanskar at interessa ikkje var like stor i Oppland. Det vart difor inga framdrift i saka, og til sist vart det eit krav at ei av linene skulle prioriterast. Det vart Geiranger. Vegen mellom Grotli og Geiranger sto ferdig i 1889.

Strid om vegstandarden

Det var ikkje berre linevalet som var eit langvarig stridsspørsmål, vegstandarden var óg omdiskutert. Det rimelegaste ville vera å byggja ein rideveg og ikkje ein kjerreveg. Før ein gjekk til det endelege valet, vart det i tiårsperioden 1870-80 sett i gang eit forsøk med ein rullekjerreveg i Skjåk. Ein slik veg skulle vera noko smalare enn ein kjerreveg, og i staden for hjul hadde vogna trommel. Forsøksvegen var 2 m brei og gjekk 4-5 km vestover frå Dønnfoss. Utprøvinga i 1867 vart ein fiasko. Det merkelege var at denne type køyretøy aldri hadde vore prøvd før. Med vegdirektør Krag og presten Ottesen i kjerra vart vegen utprøvd. Men hesten var lite van med ein slik køyredoning, og enden på visa var at både prest og direktør hamna i grøfta. Dette vart også slutten på begrepet rullekjerreveg, og då det endelege vedtaket kom i 1880, gjekk Stortinget inn for kjerreveg.

Strynefjellsvegen blir bygd

Arbeidet med Strynefjellsvegen byrja med det same vegen til Geiranger sto ferdig i 1889. Vegen vart forøvrig kalla "Lomsfjeldsveien" i kostnadsoverslaget av 1882. Etter 1. juli 1894 vart vegen teken i bruk for lettare køyretøy. Men vegen var eigentleg ikkje heilt ferdig. Midtvegs langs Langvatnet var det enno ein kilometer som ikkje var opparbeidd, slik det og var ved "Tystig Vand". Dei hadde óg vanskar ovanfor Jølbrua ved Napen. Her måtte traséen leggast om etter at ras hadde øydelagt vegen fleire gonger i anleggsperioden. Først den 1. juli 1895 var vegen heilt ferdig. Til saman kosta vegstykket mellom Videseter og Grotli kr. 247 905,23. Vegen vart bygd for hest og kjerre, men det tok berre nokre få år før bilane tok over.

Gamlevegen blir turistveg

Strynefjellsvegen tente som den viktigaste ferdselåra mellom aust og vest heilt fram til heilårsvegen stod ferdig i 1978. Etter det var det ikkje alltid like enkelt å få vedlikehaldsmidlar til gamlevegen. Likevel vart vegen oppretthalden som riksveg, mykje grunna det turistpotensialet som vegen skapte. I 1997 vart Gamle Strynefjellsvegen omklassifisert til turistveg. Vegen var ein del av Statens vegvesen si satsing på næringsliv og turisme, i lag med kommunane langs vegen. Eit av måla var å gi turistane ei oppleving av både natur og kultur. Det var ikkje ønskeleg med store inngrep midt oppe på fjellet, så vegen fekk ei forsiktig oppussing, i tillegg til informasjon om kultur og fjellturar, rasteplassar og utsiktspunkt. Kostnaden var på 10 millionar kroner. Statens vegvesen har og vurdert vegen som verneverdig fordi den representerer dei første høgfjellsvegane som vart bygde i landet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Engesæter, Aage og Thue, Johs. B.:Sogn og Fjordane Fylkeskommune gjennom 150 år. Det Norske Samlaget 1988.
Ese, Kristin: Den gamle Strynefjellsvegen. I Vegstubben, s. 22, nr. 6-1991.
Strynefjellsvegen 100 år. Statens vegvesen 1994.
Handeland, Olav: Gamle Strynefjellsvegen opna. I Vegstubben, s. 12, nr. 4-1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR